Lucifer

General Lucifer (a.k.a. Lucy, Den Ville Skugge, Kronsbrytaren, Lftuoyr)

Dei Fyste Åra

  Ein Tiefling fødd frå Fiernas ætt, tilknytta dei alviske døma i Slørskogen, og kongsbyen Milah Velo'Silva.   Han blei sendt ned elva i ein tidleg alder, far hans ville ikkje ha noko med han å gjere. Dei magiske åndane som budde i det djupe grøne tok han inn. Der blei han lært dei mystiske druidiske kreftane. I ein steinhenge, djupt inni skogen, dansa han naken under måna, og sverga at han skulle beskytte naturens orden.   Mange år seinare, fann halv-systra Kaelie'Teres Alvari i forkledning av ein som spelte på gutelandslaget, saman resite dei til Smedland for å eskortere ein handelsvogn lasta med varer for Bunnar Grovneve.  

Hausten 995 eXF

Starten på eventyr

  Lucifer og dei nye venane hans stogga eit saftig åtak frå Skessafolket. Vogna, kjøpmannen og dottra hans, alle i hop vart redda. Gruppa såg at om dei arbeida saman kunne dei gjøre mykje godt. I Smedland møtte dei fleire av byens viktigaste innbyggare. Deriblant ordføraren Viljon Rosenvengje, Magnir Grovneve og trollmannen Zwirt'zwal. Magnir hadde eit problem med gruva, eit eller anna dyr hadde snike seg inn i gruva og var til stor bry. Gruppa reiste inn i gruva, ned til det nedste nivået. Ein uglebjørn hadde tatt seg inn. Beistet sov godt, og visste ikkje kva som kom til å skje med han. Gruppa luska seg heilt opptil han, og med ein samle front, knuste dei bjørnen før han fekk sukk for seg. Dei drog med seg liket ut av hula, og Lucifer bringa hovudet til lærarbeidaren, hadde det vert mogleg å få lage seg ei maske av noko slag? Det skulle det, men han trengte litt tid.   Zwirt’zwal var neste som fekk hjelp, han gav dei informasjonen dei trengte for å slå tilbake mot goblinane. Gruppa fann dei i hula si, under leierskap av Kong Klarg. Kampen mot Klarg var hard og brutal, men Lucifer tok Goblinkrona, og brukte makta mot goblinane. Kongen er daud, lenge leve Kongen!   Etter kampen kunne Lucifer, no kalla Goblinkongen, den Ville Skugge. Lucifer viste at han ikkje kunne styre flokka hans åpent, så han la ned nokre befal.  
  • Veks kva mat de kan
  • Om de må stele, må dykk berre plyndre garder på natten, og berre vogntogn som ikkje har vakter.
  • Rekruter kva goblin de kan for å styrke klanen.
  • Namnet dykkar er Dei Ville Skrællingane
Deira retur til trollmannen Zwirt'zwal blei møtt med belønning, heder og ære. I tillegg, kom Zwirt'zwal med to gåver, ein medaljong med symbolet til dei Arnadairiske Trollmenn, og ei ledetråd til det neste målet. Ruinbyen Milah Thandri og skattane der i. Vandaude monstre vandra kring i skuggane. Maska var no ferdiglaga, og med han starta legenden om Lftuoyr. Maska og kronhjortshorna gjorde Lucifer til eit skrekkeleg syn.

Vegen mot Sameiget

  Vegen til Milah Thandri var enkel, sørover på Azaäk Thûun, forbi Kyrkjerysa, forbi Gonmengarde, tilslutt kom dei heile vegen til ruinane av landsbyen. Der møtte Lucifer og venane hans Druiden Randolf. Ruinane hadde tre ting av interesse. Ei gruppe kultister, drake kultister. Ein ung grøn drake, Syreklo, som leita etter noko, noko under bakken. Og grava Syreklo leita etter, Graven hans Amtsherre Proteus. Fyst gjekk gruppa mot kultistane, det tok ikkje lange tiden før gruppa hadde jaga dei ut. Lucifer gav kultistane eit val, dei kunne gå, og aldri kome tilbake, eller dei kunne bli, sverge truskap til Sameiget. To blei igjen, dei yngste og dei med minst tru til saken.   Med kultistane av banen, var det neste å ta draken, Syreklo jakta på eit eller anna, og brukte mykje av tiden sin på det. Gruppa viste at dei ikkje kunne ta ei drake, sjølv ei så ung ein som Syreklo i ein jamn kamp. Lucifer kom med ideen om å vente til han returnera til tårnet sitt, og så gjere eit bakholdsåtak.   Planen fungerte som berre fy. I halvsøvne hadde sjølv ein drake lite han skulle ha sagt. Med seks mann bankande tok det ikkje lange tiden før Syreklo prøvde å flykte, men han kom ikkje langt. Tilslutt måtte han ta kvelden for alltid.   Med Syreklo daud kunne Randolf hjelpe dei med å finne hula.   Hula var vokta av Xandrosiske Krigarar, men dei vandaude krigarane hadde ikkje mykje dei skulle ha sagt mot gruppa. Graven hadde ibuande magisk forsvar, som gjorde at gruppa blei splitta. Men Lucifer holdt hodet kaldt, og saman med dei han fortsatt hadde med seg fann dei Amtsherre og krigarane hans.   Kampen mot Proteus var brutal, men Lucifer brukte makta si over dei ville former til å unngå det meste av skader.   Med Jarlen daud, på ny(?) var det ikkje noko grunn til at gruppa ikkje kunne ta over ruinane, og gjere det til noko eiget. Skattane dei hadde plyndra frå grava var meir enn nok til å finanisere oppbyggjinga. Milah Thandri var langt nok unna dei fleste andre siviliserte plasser, så det var ikkje nokon andre som kunne stogge dei. Området kring byen var fulle av naturressurser.   Med eit var sameiget oppretta.   Gruppa tok seg ei lita pause i Milah Thandri, Lucifer gjekk ut i skogen og snakka med ei elg, Bexar, som var på storleik med ein vaksen okse, men oppføra seg litt slikt som ein tenåring.

Orkar, zombiar, hobbgoblinar og kva som verre er

  Av andre skatter dei fann var eit kart som leia gruppa mot to Hauldsplasser, eit stykke aust for Smedland, i nærleiken av Torvbrann. Dei to Hauldane [whatever] og [piss off] hadde kvar si grav. Gruppa kom fyst til grava hans [whatever], men han var plyndra og brent. Eit spor leia i rettning mot andre grava, og gruppa tok plyndrarane snart igjen. Eit par orkar frå stamma Fangs-In-The-Shadows stod igjen og hang, då gruppa gjekk til åtak, prøvde orkane og flykte, men det var det ikkje snakk om. I grava var det meste plyndra og stelt allereie, men sporet føra klart vidare. Hauld [pissoff] levde endå, om ein kan kalle ein Xandroser levande.   [pissoff] hadde god aning på kor orkane var på veg, men å berre gi dei informasjonen utan vidare kom ikkje på tale. Lucifer sverga, på tru og ære at dei skulle drepe alle orkane dei fann i Grava hans Amtsherre Aksnioutis   Sameiget reiste med eit, sporet etter orkane var klart, men det var og tydeleg at dei hadde plukka med seg ein annan hær på vegen. Uvist kven det var, men nokon hadde blitt med felttoget. Det hasta å nå fram til hula.   Reisen opp fjellet var lang og slitsom, men tilslutt såg dei eit vakttårn, høgt oppi Uggfjella. Dette var mystisk, og Sameiget gjekk til åtak. Dei rydda unna nokre orkar som hadde satt seg til vakt der, og fann inngangen til grava.   Hula var stor, og farane trua. Men Lucifer leia ann, og etter ei hard kamp mot ein Vintervarg, fekk han og noko nytt til kostymet. Pelsdrakten gjorde Lucifer til noko endå mindre menneskjeleg, noko villara, noko dyrisk. Det er ikkje godt å seie, men nokon trur dette var starten på nedgongen.   Ikkje berre var det Vintervargar i hula, men Lucifer og venane hans fann ut kven som hadde blitt med felttoget, det visa seg at ein rekke Hobgoblin frå eit reir nedi skogen aust for Uggdal hadde blitt med, i løfte om gull og grøne skogar. Krona hans Lucifer var til god hjelp for å overtale Kå Lorenzo Roth til å hjelpe dei mot orkane.   Krigsleiaren Vitanza hadde hola seg inn i ein forsvarleg del av hula. Kampen var brutal, sjølv om Sameiget ikkje hadde nokre tap i seg sjølv, gjekk det hardt utover deira hobgoblin alierte.   Men Krigsleiraen var daud, og der låg eine nykelen til gravsdøra i skattehaugen. Kå leverte frå seg nykelen han hadde, og peikte ut eit område der korkje orkane eller hobgoblinane hadde vert. Så takka han for laget, og reiste ut av hula, klaustrofobien hadde tatt seg litt for nært.   Men då Sameiget utforska siste krink og krok, fann dei ikkje berre Xandrosiske krigarar, dei fann alviske fanger som har vert der sidan krigen i deira fortapning, hadde dei vendt seg til mørke makter for å overleve. Avgrunnsdrotte Orcus hadde gitt dei gåva av udøydelegheit, i byte mot evig teneste. Lucifer slapp fangane fri.   Men fangevoktarane hadde ikkje berre fanger i hendne, dei hadde og den tredje nykel. Og med alle tre nyklane klare, reiste dei inn gravsdøra. Bak døra satt Aksnioutis og venta. Ein Xandroser er aldri blind i hans eiga grav, er eit utrykk som Lucifer og venane hans fekk vite. Kampen mot Aksnioutis var hardare og meir brutal enn sjølv kampen mot Vitanza, mot Proteus. Guts ofra livet for saken, og gav Lucifer moglegheiten for eit endeleg slag.   Aksnioutis var beseira, og på nytt låg han i grava.   Som sigrande herrar, reiste Sameiget tilbake til Smedland og Milah Thandri. Bexar tok med seg Lucifer ut i skogen for å møte far hans. Taral, ein Giant Elk som vokta over skogen. Taral snakka til Lucifer, og dømma han verdig, i gåve, fekk han emna til å ta på seg hamen til ein Giant Elk. Lucifer lova at det skulle bli mindre jakt i området kring Milah Thandri, at skogen skulle forbli uskada. Taral takka, og så lenge løfte var holdt, skulle Taral hjelpe Lucifer om det var høve til det.  

Vinteren 995/996 eXF

 

Bybygging, tårnbygging

  Oppbyggningja i Milah Thandri gjekk etter planen, og folk starta innflyttinga. Det tok ikkje lange tiden før Astrid kom for å ta over som ordførar. Familiar, arbeidarar, og alt anna kom for å gi nytt liv til grendelandsbyen. Bønder frå dei kringliggjande gardane.   Lucifer hadde mykje å gjere, Plant Growth gjorde det lett å byggje palisader kring landsbyen. Mat var lett å vakse når ein druid av så stor makt var i området.   Men det er lite eventyr på vinterstid, det er ikkje gøy å vandre gjennom høge snøfonn, og grave seg ned kvar gong ein snøstorm vaskar seg over området. Men Sameiget hadde rikeleg med mat, og ingen i Milah Thandri svelt. Når snøen smelta, uti april, trengde gullsmeden i Smedland, Adam hjelp til å frakte gull og edelsteinar til Gosden. Lucifer lova at Sameiget skulle hjelpe når tida kom.  

Våren 996 eXF

Orker, nok ein gong, med nye venar denne gongen.

  Det er diverre ikkje lett å vere eventyrar. Før snøen hadde smelta, før karavanane hadde komt resiande, kom det lyd frå sør, åtak. Orkar.   Lucifer tok med seg banda si, som føydal herre hadde han eit ansvar om å forsvare dei forsvarlasue bøndne. På garden Vindhaug var det 13 orkar, og ein familie med forsvarslause dverger. Igjen var Plant Growth ein viktig brikke, her stogga dei orkane frå å nå fram til dei forsvarslause dvergane, men gav dvergane ein veg ut. Likevel, ofra foreldra seg for å redde borna. Som hemngjerrige skrømt, for Sameiget gjennom orkane som ein glødande knivsegg gjennom mjukt smør.   Orkane var frå det nærtliggande Nærytar Slottet, eit slott som låg oppimot sørfjella. Lucifer ville ha hemn, og sidan det ikkje var verre enn å fylgje Azaäk Thûunen sørover, kom gruppa fort til slottet. Orkar, Øglemenn og bandittar.   Bandittsjefen, ein dei kalla Kongro, hadde vert ein læresvein under Zwirt'Zwal som var lei av korleis han blei behandla. Saman med halvdraka Azarele, druiden Miranorin og krigsleiaren Crathregh tok dei over Nærytar slottet og brukte det som base for bandittvirksomeheiten sin.   Lucifer leia Sameiget inn mot slottet, og møtte Miranorin i åpen kamp. Druide mot Druide, sjølv om Miranorin var sterkare og kunne bli til større beist, overtala dei andre i Sameiget Welkin, sveinen hans Miranorin, til å byte side, med to druidar, så var sjølv ikkje mektige dinosaur hamen nok til å stogge dei.   Ein nede, tre igjen.   Lucifer bar brorparten av skada frå Miranorin, og i kjølvatnet tok Welkin eit par med armbeskyttarar, dei såkalla Bracers of the Wild. Lucifer sverga at ein dag skulle dei bli hans, om det så måtte koste Welkin livet.   Sameiget flykta inn i tårnet, dei måtte slikke såra sine, og lage ein plan.   Etter litt trollmannskriging mellom Kaelie og Kongro, hadde bandittane fått nokk, Kongro og Azarele teleporterte seg inn i tårnet, og gjekk til åtak. Etter ein lang og blodig kamp, der Ven'leth mista livet for å redde Lucifer frå ispusten hennar Azarele, sigra Sameiget tilsist. Lucifer brukte det siste han hadde i seg til å kaste ei lita eldkule. Azarele var like sliten som Sameiget, for det var ikkje meir som skulle til.   Men alt var ikkje bra, kultistane hadde fyrt eit naudbluss, og tilkalla den sanne sjefen, isdraken Elisheva. Slitne, trøyte, og med mykje sår, måtte Sameiget seie farvell til leikamen hans Ven'leth og flykte. Bandittane, kulten, orkane, dei hadde alle lidd store skader, og kunne ikkje stå imot gruppa.   Men det er trasigt for ein gruppe tobeinte idiotar å flykte frå eit flygande beist, heldigvis hadde dei hjelp. Lucifer kalla på Taral, kalla om hjelp, og hjelp skulle dei få. Taral flaug gjennom skogen, meir enn sterk nok til å bere heile gruppa, og byksa avgårde. Elisheva var i helane på dei, men Taral lova han skulle få ho til å snu. I det minste senke ho litt til, før ho kom til Milah Thandri.   Elisheva var ikkje langt bak, det var akkurat så gruppa fekk hola heile landsbyen inn i grava, det gjorde nytte som velv og som skjulested.   Sola stod opp, og Elisheva venta utanfor. Eit kaldt blikk bora seg inn i Sameiget, men dei stod fast på kva dei hadde gjort. Azarele var dottra hennar, og Elisheva var ikkje særleg nøgd med at ho var daud. Ho snusa på dei, Slaktarane av Syreklo kalla ho dei, dei skulle få leve, denne gongen. Om ho nokon gong såg dei igjen, skulle ho drepe dei, men sidan dei drap ein drake så nært hennar landområde, så fekk dei gå. Elisheva flykta tilbake til reiret sitt for å sorge over dottera henner.

Kultistar, kultistar, kor er du?

  Etter ei lita kvil, reiste Sameiget ut igjen på ny, Zwirt'Zwal hadde nemnd nokre kultistar for lenge sidan, og dei måtte stoggast. Ikkje langt unna Torvbrann, nær smålandsbyen Gretteåsen.   Då spelarane kom til landsbyen, var det ikkje mykje igjen av folk. Lucifer luska kring, der fant han ein dagbok til ei jente, dagboka hennar Isane, og der stod det skildra korleis fremmande folk hadde komt på besøk og snakka med far hennar. Det endte med at dei tok på seg fin klæra, og reiste til kyrkja litt sør for landsbyen.   Kyrkja, ein gamal ruin, låg kloss inntill ei myr. Undervegs blei gruppa åteke av noko flygande beist, uhyggelege store ravnliknande beist. Dei tala Infernalsk, så Lucifer prøvde å snakke med dei, få litt informasjon, men dei berre lo av han.   Det var ikkje lange vegen vidare etter å ha sigra over dei flygande beistane.   Det var truleg ein gamal katedral via til Solguden Lathander, at ei så vond kult hadde tatt over, var ikkje bra. Inni kyrkja, spredt ut over golvet, var innbyggarane til Gretteåsen. Dei låg i eit mønster, men det var ikkje mogleg å sjå frå bakken.   Då Kaelie, gjennom auga på ugla hennar, tekna ned mønsteret på ark, såg Lucifer med ein gong noko kjend, dei låg i form av den Phlegetosiske Ranseur. Sameiget hadde ikkje gravd så mykje i kven kulten var via til, men det var tydeleg at samregenta i helvetes fjerde sirkel var involvert. Lucifer fann Isane, liggande midt i offerrekka, innvollane fjerna, oske kring dei alle. Den same Ranseuren over hjartet. Dette var ikkje bra.   Sameiget leita, men dei fann ikkje fleire spor, Lucifer fann ei lapp der det stod nokre ingrediensar til eit rituale, kanskje kva som hadde skjedd her? Lappen i kyrkja, diverre hadde kultistane hivd lappen i eit bål. Halve lappen var vekke, men nok stod igjen til at Lucifer viste at her var det ikkje noko bra på gang.   Returen var kort, ingen monster plaga dei, ingen djevel eller demon luska i buskane uti myra.   Torvbrann stod endå, urøyrt. Dei måtte ha eit anna mål, kanskje Gosden, kanskje Greven og Grevinna, det var ikkje godt å seie.   Klokka tikka, det var berre eit par veker til karavanane kom, men før Sameiget kom seg tilbake til Smedland og Milah Thandri, kom Kå ut av buskane, han og røvarane var her for å drepe dei. Dei snakka kort, og Trolldrotten var ikkje nøgd med kva Kå og dei andre hadde gjort i grava hans Aksnioutis. Men dei hadde høyrt rykte om at Lucifer og Sameiget skulle gjennom desse traktene, og fekk Kå ein siste sjanse, drep dei, og ta krona hans Lucifer.   Men trollbindinga var sterk. Og åtaket var stogga utan blod blei spilt.   Lucifer kommanderte Kå til å ta dei med til drotten, til Trollskogslottet. Djupt i skogen hadde ei stamme med goblinar funne eit skada troll, og spikra han fast i veggen. Der hadde kongen, Vrag dopa seg på Trollblodbrygg. Med det magiske blodet i seg, utfordra han Lucifer til Holmgang. Vinnaren skulle få tronene, krona, kongerika, og dottera til Vrag.   Lucifer godtok utfordringa, og sjølv om han lova at ingen skulle blande seg inn, var Sameiget slue nok til å gjere ein innsats for å hjelpe venen deira. Og slik var det at Lucifer, i hamen til ein Allosaur, drap sin andre goblinkonge. Dei fekk klare ordre, slutt med blodrusinga, reis ned til Skrælinghula og bli med dei.   Med goblinane i fylgje, reisa Sameiget tilbake til Smedland og til Milah Thandri. Goblinane kom seg til rette hjå Skrælingane. Stamma veks. Eit par dagar seinare reisa Sameiget tilbake til Smedland, klare for å følgje Adam heile vegen til Gosden.   Reisa gjekk utan store problem. I Torvbrann høyra dei rykte om at Grev Einor, for han var endå greve i desse dagar hadde erklært krig på naboen i sør, Grev Falk og bror hans, Grev Ravn. Smedland og Milah Thandri var så langt unna at det var ikkje venta at dei skulle stille med nokre soldatar, men Torvbrann var i full sving. Bønder trena seg til krigarar, arbeidarar laga utstyr.   Karavanen gjekk vidare, nordover.   Gosden venta, og skattane og rikdommen der inni.  

Er du her? Er du der? Kultist, Kultist?

Gosden var ein av dei større byane Lucifer nokon gong såg. Folk i alle rettninger, høge hus og trange smau.   Som eventyrarar, gjekk Smedland fyst til laugsdistriktet, der møtte dei Krigarlauget, Riddarane av Tåra, og magikar lauget, Gosdens organiserte magikarsamskipnad.   Riddarane vil ha dei til å jakte ned vampyrar, hjelpe magikarane, og finne kultistar. Magikarane ville finne ei bok i eit tapt bibliotek i nærleiken.   Men etter kva Lucifer hadde sett i Gretteåsen, var det ikkje anna han ville gjere enn å finne kultistane, og la dei smake vreiden hans. Som ein bør gjere når ein kjem til nye plasser, bør ein møte kven no enn som bestemm. Så reisa førte til slottet. Etter litt mykje om og men, fekk dei snakka med grevinna Kerillian.   Kultistane hadde blitt kjende i byen, og grevinna var veldig interessert i å bli kvitt dei. Ho kunne love kvar eventyrar deira eigen vekt i gull om dei stogga kulten. Etter litt spørjing gjekk Lucifer og sameiget Hyun Han var unnvikande, og svara aldri rett ut på noko spørsmål. Lucifer bruka Detect Magic han såg sløra av trollbindingar lenka kring hovudet til Hyun.   På kommando frå Lucifer, kasta Kaelie ei formel for å fjerne bindingane.

Physical Description

General Physical Condition

11 i styrke, 13 i smidigheit og 16 i konstitusjon. Over gjennomsnittet god form altså. Bruker mykje av tiden på å gå ute i skogen, så det er vanskeleg å kome unna litt mosjon.

Body Features

To armer, to bein, hale. Stort elggevir

Facial Features

Spiss nase, smal munn, små auger

Identifying Characteristics

Store horn med buskass og små eldljos, kolsvart hud.

Special abilities

Som druid har Lucifer mange spesielle evner, fyst og fremst så må ein tenkje på formelkastinga. I houvudsak var Lucifer ein medisinmann som brukte mykje magisk kraft på å helbrede frendane. Likevel må ein ikkje gløyme magien i Villhamen. Der kunne Lucifer ta på seg hamen til alle moglege fe, djevelske eller monstrøsiøse vesen.   Samstundes kunne han bruke magien hans for å helbrede seg sjølv i denne hamen.   Ein av dei siste evnane han utvikla før han forsvann, var evnen til å ta på seg ein elementær ham. Dei fire primærelementarane.

Apparel & Accessories

Kledd i kappe, med vintervarg pels og Uglebjørn maske

Specialized Equipment

Kampstav, Shillelag satt så djupt i treet at det aldri går av.

Social

Religious Views

I trua til Fierna, hans djevelske mor

Social Aptitude

18 i karisma, hadde utruleg sterk personlegheit

Hobbies & Pets

Fleire skorpionar, ingen var akkurat kjæledyr, men dei var fylgjesveinar likevel.

Speech

Djup og mørk stemme, hadde klassiske ekkoet som Tieflingar ofte kan få.

Relationships

Kaelie'Teres Alvari

Syster (Important)

Towards Lucifer

3
3

Honest


Lucifer

Bror (Important)

Towards Kaelie'Teres Alvari

3
3

Honest


History

Kaelie fann Lucifer uti skogen, og plukka han opp og så reiste dei på eventyr saman

Nicknames & Petnames

Lucy

Relationship Reasoning

Dei er halvsysken, så det blir litt vanskeleg å ikkje ha eit forhold

Commonalities & Shared Interests

Magi, eventyr, skatter

Wealth & Financial state

10 platinum   355 gull   5 elektrum   85 sylv   40 kobber   Tilgang til Sameigets kontoar, Druidelunden i Milah Thandri
Alignment
Lawful Evil
Current Status
Daudaktig
Species
Church/Cult
Honorary & Occupational Titles
Fyste løyntnant hjå Grevinne Kaelie'Teres, toktmann for hærstyrkane under Taloskampane.   Villskuggen og Goblinkonge, sjølv om han solgte krona, var han i ein periode kongen over ein goblinstamme.
Date of Birth
20. Juli 941 eXF
Date of Death
8. August 996 eXF
Life
941 eXF 996 eXF 55 years old
Circumstances of Death
Tapte sjela i eit veddemål
Birthplace
Place of Death
Drakeborg katakombane
Spouses
Siblings
Children
Current Residence
Pronouns
Han/Ham
Gender
Manleg
Eyes
Sylvaktig
Hair
Sylvaktig
Skin Tone/Pigmentation
Vantasort
Height
198 cm / 6' 5"
Weight
100kg/200 lbs
Belief/Deity
Fiernatru
Aligned Organization
Known Languages
Alarisk, Druidisk, Alvisk, Infernalsk

Comments

Please Login in order to comment!