DFDMK - Sesj 23 - Into the Spider-Verse

General Summary

Sesjen starta med at gjengen kjempa mot edderkoppane og greidde til slutt å slakde dei alle. Etter dette greidde Nobina å få tak i veska som hang i spindelvevet. Ho fiksa litt på veska, og tok den med seg. I veska fann dei:
  • 1x Elixir of Health (Lys raud veske med lysande bobler)
  • 1x Potion of Animal Friendship (Mørk veske i tynn flaske, ved røring: fiskeskall, kolibritunge, ei katteklo, og ekornhår)
  • 1x Philter of Love (Lite glas med rosa boblande veske, med eit boble-hjarte innimellom)
  • 2x Potion of Healing (Ei raud veske i erlendmayer-kolbe med kork)
  • 1x Potion of Diminution (Ei klar veske som pulserar grønt frå eit punkt i ei rund flaske)
Etter dette sjekka Tragn ut steinen han hadde fått i lomma, og denne ser ut til å vere knytta til eit eller anna som bevegar seg. Etter dette gjekk gjengen til køys, medan ADAM og Matheus haldt utkikk. Dei sto opp når dei vakna ein del timar seinare, og gjekk vidare innover i grottesystemet der dei møtte på eit stort og fargerikt rom. Krystallar lyste opp veggane og rommet hadde flotte steinutformingar. Dette romme strakk seg ein god time innover og dei følgde denne til endes. Der braut rommet gjennom veggen og dei kom inn i ei ny stor grotte der dei kunne sjå treverk på andre sida. Dette ser ut til å vere målet deira. Her enda sesjen.
DFDMK_Main_Small.jpg
Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
13 Sep 2024
Primary Location