DFDMK - Sesj 19 - Fridom og Flukt
General Summary
Sesjen starta med at gjengen snakka med resten av folka om kva dei ville gjere. Følgjande personar ville reise med flyktningsskipet nordover mot Sandstaa:
Desse ville vere att i Sæbe:
Desse ville reise sørover / til Al-Kadaa:
Dei sa sine farvel, og Dei Få blei til sist sittande igjen og diskutere vegen vidare. Matheus har eit ønskje om å reise sørover til dei Fjordane Fylke og dei frie områda. Tragn er på si side veldig usikker kvar han vil reise, men heller nok litt mot å reise sørover. Nobina vil også reise sørover, men då med tog. Etter ein del diskusjon gjekk dei til ro for å kvile litt.
Nobina hadde vanskeleg for å søve, då krystallane snakka til ho. Ho prøvde å ta på dei medan Matheus vokta dei om natta, men ho blei oppdaga og bedt om å vente til neste dag. Dette var vanskeleg, men ho greidde til slutt å få søve. Når dei vakna hadde Matheus laga seg ei ny oppfinning som kan holde masse ting. Dei forsøkte seg så fram med dei to krystallane for å sjå om dei greidde å aktivere dei og i lag greie og kjempe mot monsteret Nobina såg. Det greidde dei, og det blei ein vanskelig kamp. Det enda med at Nobina og Tragn blei slått ned, og Matheus så vidt overlevde nok til å ta kjempa. Deretter blei alle tre transportert til eit krystallrom der det var ei større kule framfor dei, og ei mindre gul kule på eit bord. Dei såg kvart sitt syn i kula, men det var først når Tragn holdt opp lula opp dei alle såg det same synet og kula blei blå. Deretter blei alt kvitt...