BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Varalar

Varalar er ein av fleire bystatar som tidlegare høyrde til Niji-imperiet. Etter imperiet kollapsa overlevde fleire av kolonibyane, som eksisterte vidare som bystatar. Varalar, til døme, overlevde ved å bli del av landet det ligg i, i bytte mot uavhengigheit og sjølvstyre.   Varalar er kjend for sin slåande lokasjon og sin heilage tiger. Byen er nemmeleg byggja på toppen av høge, naturlege steinpillarar, med store bruer som går imellom. Men, enda viktigare er byen sin åndelege voktar og skatt, den heilage tigeren ō-Joō Oishīdesu Kanetsu Kirikabu Ōkina Horohorona Shai, men til dagleg tale kallast den Ōkina Shai. Ōkina Shai sin strålande energi beskyttar byen frå alle moglege katastrofar og ulykker. Dette gjer tigeren meget viktig for befolkninga, både spirituelt og praktisk talt, men òg eit mål for monge onde planer. For kun få år sidan prøvde to medlem av byrådet å myrde Ōkina Shai ved gift. Heldigvis klarte Moromoro Mizu, son av ein smed frå Øvre, å drepe dei samansvorne og redde tigeren.

Government

Mens keisarparet tek seg av alt av utenriks og religiøse hendingar, har Varalar eit byråd som tek seg av innenriks.
Morning Council by Tor Henrik Melle
  Byrådet, kalt "Morgenrådet", består av følgjende roller:
  • Majordomo: Ordføraren i byen. I dag er Moromoro Mixu majordomo. Før han redda Ōkina Shai var han son av ein ukjend smed.
  • Spydmeister: Ansvarleg for vakthaldet, lensmannskapet og militæret til Varalar. I dag er Vervalla spydmeister, ein gepardfolkkvinne. Ho vart fonne og doptert av militæret, og er i lova ein ulovleg innvandrar, men tjente sin rett ved å vie sitt liv til beskyttelsen av Varalar og æra til byen. Ho vart fort ein slags maskot for troppane og vaktane, og er kjend for hennar mot og usjølviskheit. Då tida kom var det ingen tvil at ho skulle ta rolla som spydmeister, men ho er ikkje godt likt av dei adelege og andre med makt på grunn av dei sterke moralane hennar og hennar direkte talemåte.
  • Mysteriemeister: Ansvarleg for rådgivning og løysing av problem som har med magi og det ukjende å gjere. Den forrige mysteriemeisteren forsvant utan spor ein dag, og då morgenrådet sendte bud til Maharai og forespurte ein ny mysteriemeister fekk dei ikkje umiddelbart svar. Ein dag dukka eit mystisk panterfolk ved namn Oban Zenthos opp med brev som forklarte at han skulle ta rolla. Ingenting er kjend om hans bakgrunn og tidlegare liv, og få tørr å spørre. Han har aldri gjort ein ond handling mot nokon utan god grunn, men han pratar mykje om "det store uendelege" og "det grenselause potensialet til Varalar" so monge fryktar honom og planene hans.
  • Vassmeister: Kanskje den viktegaste rolla, med ansvar for vatnet og kloakken i byen, og røra som bringar dette opp og ned steinpilarane. Då den forrige vassmeisteren blei henretta for blasfemi og landssvik, trua fagforeininga for vassarbeidarar med streik med mindre rolla gjekk til formannen deira, Nobu Yasahai. Den gamle, tørre gnomen er jordnær av seg, ein arbeidskar, men òg ein småsnobbete likar av dyr vin og kunst.
  • Viltmeister: Ansvarleg for jakt, husdyr, jordbruk og andre matrelaterte tema. I dag er rollen fyllt av Jaktmøy Takumi Oyasha. Ho er byens fagraste og dyktegaste jeger, men ho er frå Nedre. Ingen kan vere perfekte.
  • Myntmeister: Ansvarleg for økonomien i Varalar. Den kvite kenkukvinna Kron vart adoptert av den tidlegare myntmeisteren og vart has assistent til han døydde av alderdom. Kron var no blitt ein so viktig del av urverket i økonomien og visste so mykje om alt som skjedde, både over og under bordet, at å ikkje gjere ho til ny myntmeister var umogleg. Overarbeida, stressa, kvass og hata av monge bak hennar rygg, Kron held seg for det meste for seg sjølv.
  • Majordim: Assistenten til majordomo. Moromoro Mizu sin nevø, Bato Mizu, er majordim.

Districts

Varalar er delt i to, Øvre og Nedre. Øvre er byen som byggja på steinpilarane, mens Nedre er området på bakken under. I Øvre finn du dei kongelege, adelege, dei viktigaste heilage tempel og statuar, kramkarar, handelsmogular, og slikt. I Nedre finn du hovudsakleg åkrar, markar og gårdar. Bitterheita og hatet mellom desse to er like gammalt og sterkt som stein.
Founders
Type
City
Inhabitant Demonym
Varalesere
Location under

Comments

Please Login in order to comment!