BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Maharai

Etter Det Store Drakemordet vart det over tid tydlegare og tydlegare at ein trengde ein sentralisert stad for forskning på og kontrollering av magi. Drakane hadde vore som hyrder for verdas magiske kraft, og no som den var fri for alle å utnytte, sto verda på kanten til sivilisasjonell kollaps. Kvar nasjon valde ut sin visaste magikar, og sende dei til den ubebudde Bronsekysten for å danne eit magiråd. Dette rådet, som fekk namnet Ikosaederiumet, blei etter monge måneder med debatt einige om nye lovar, skuler, og læremåter for å betre kunne styre den magiske krafta i Kvarend i ein retning som ville vere til hjelp for alle. Heile løysinga blei samla i ein kontrakt dei kalla Ikosaedertraktaten, som skulle signerast av overhovudet i alle rikane i verda. Dei kunne ikkje tvinge nokon til å underteikne, men dei freista med at alle som blei del av traktaten ville få fleire goder frå Ikosaederiumet. Dette er slik det gjerast den dag i dag. Godane for å vere eit medlem inkluderar: landet vil bli varsla om eventuelle magiske katastrofar som er på veg, landet vil bli haldt oppdatert på nye vinningar innan utforskning av magi, men viktigst av alt er at landet vil få høgd opplærd magikus frå Maharai til hovudstaden som dei kan nytte som dei vil. Denne representanten vil forbli i kontakt med Maharai, og dei vil dermed danne eit magisk nettverk av kunnskap. Dei fleste siviliserte land tar del i denne avtala, men ikkje alle.   Ikosaederiumet grunnla ein skule på Bronsekysten som skulle betre spreie kunnskapen om korleis ein anvend magi til verda. Skulen vaks og vaks til den vart ein heil by, ja nesten eit land. Maharai styrar no over fleire gruve- og landbruksbyar i områda rundt, og har til og med sin eigen konge, Magikus Rex.
Type
Metropolis

Comments

Please Login in order to comment!