BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Murfolk

Murfolket er eit folk som kun eksisterar i dei monge sprekkane og byane inne i Hegras Mur. Ingen veit sikkert kva dei er eller kjem frå, men rykta seier dei er dei fyrste som flytta inn i muren. Den lange påverkinga muren har hatt på dei over generasjonar har gjort dei likare sjølve muren: huden deira er grå og steinaktig, og dei blør ei tjukk, mørk væske som minnar om murregn, det dei lokale kallar det sorte vatnet som piplar ut av steinane inne i muren. Eit anna kjenneteikn ved murfolket er at utsjånaden deira ofte er malforma. Monge manglar lem, auge eller ører, og dei som har slikt har det ofte plassert på merkeleg vis. Murfolket er sterkt undertrykt av inkvisisjonen til Sir Ordan, som ser på dei som levande synd og korrupsjon, kaos i sin verste form. Ein veit lite om kulturen til murfolket, då inkvisisjonen har gjort alt i sin makt for å fjerna den, men dei tilber Sankta Ervena, den Reine og fortèl at ho la frå seg sitt ynskje om å reinsa dei etter ho kom inn i muren.

Comments

Please Login in order to comment!