BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Hegras Mur

Hegras Mur er ein mur som strekker seg på tvers av heile Navlestrengen, og separerar dermed dei to hovudkontinenta av Kvarend frå kvarandre. Muren er utan samanlikning det største byggverket i heile Kvarend. Den djupt raude granittveggen er omkring 220 meter høg og 100 meter breid med tårn og fort spreidd ut longs heile lengda. Den har to portar, Hegra's Keep og Movon, som er dei einaste vegane gjennom. Hegras Mur vart bygd for fleire hundre år sidan av Lady Hegra, ei av dei største erobrarane i historia, i eit forsøk på å kontrollera handelen og emmigreringen mellom dei to kontinenta. Handel og frakt via skip vart, kanskje som følgje av muren, den viktigste måten for frakt og reise i åra som følgde, og Aust-Kvarend vart meir og meir ubeboeleg. Dermed fall murens mål saman, og riket til Lady Hegra.   Den monstrøse oppgåva å byggja muren ruinerte nesten økonomien til Lady Hegra sitt imperie, som på sitt mektigste dekkja heile Navlestrengen og områda rundt. Oppfyllingane hennar, Hus Hegral, Hus Hegrama og Hus Higram, herskar enda over muren og landet rundt den. Sjølv om dens større mål aldri bar frukt er Hegras Mur om ikkje noko anna tenkt å vere verdas beste fortifikasjon. Dei få som har vert dumdristige nok til å beleira muren har alle møtt eit knusande nederlag.   Sidan imperiet til Hegra kollapsa har ikkje dei tre husa som herskar over muren hatt ressursane til å fullstendig kontrollere den. Muren er i desse dagar infisert av improviserte slummar haldt oppe av rekkverk og stolpar, hemmelege borgar og templer hogga ut av muren, og lovlause byar djupt nede i sprekkane og hola i muren. Dei tre husa tillét desse å halde på i bytte mot skatt og minimal innblanding i landets politikk. KOnfliktar og strider hender, og dei fleste av desse bustadene er sett på som farlege og blir ikkje anbefalt å besøkje.

History

Lady Hegra skal ha brukt den mystiske artefakten Hegras Knute til å skape sitt rike, og då ho hadde erobra nok retta ho knutens kraft til å byggja muren. Etter Hegras død vart knuten oppbevart i hennar mausoleum. Omkring hundre år sidan, då mengden korrumpsjon i muren byrja å nå skremande nivå, tok Sankta Ervena, den Reine knuten inn i muren for å reinsa han innanfrå og ut. 50 år seinare hadde ingen sett eller høyrd noko av ho. Ho var djupt elska og kyrkja såg seg nødd i å prøva å redda ho. I tillegg hadde hennar forsvinning auka hatet folket hadde til kva no enn som foregjekk inne i mørkret av muren. Den høgst respekterte Sir Ordan starta ein inkvisisjon som skulle ta seg djupt inn i muren og brenna vekk all synd og korrupsjon, og finna Sankta Ervena.    Inkvisisjonen blir holde kvart femte år, men har ennå ikkje klart å finna Sankta Ervena. Dei har til tross for at Sir Ordan òg forsvann, etablert Edderkoppen, ein mektig militærleir djupt nede i muren. Frå denne har dei kontroll over monge av byane inne i muren, og dei gjer ekspedisjonar til dei mindre forståtte delane av innsida, blant anna Dei Sarrátrastiske Skogar. Forskarar frå Bronsekysten og andre nasjonar har kritisert inkvisisjonen for måten dei behandlar Murfolk, eit folk som bur inne i muren.  
Ordansk Eldprest, leiar av Ordans Inkvisisjon
Alternative Names
Sarrátrast
Type
Fortress
Parent Location

Comments

Please Login in order to comment!