Kuruhm Va Muruhm
I sjølve sentrumet av den drepande ørkenen Sjar Ohngol ligg Kuruhm Va Muruhm, ein enorm by basert av handel, magi og friheit. Det er den største byen som ligg innanfor ørkenen, og har ingen veg som leiar dit. Har ein først slått seg ned her er det sansyneleg du vil bu der resten av ditt liv.
Kuruhm Va Muruhm ligg inntil Nymånefjella, gøymd frå sandstormar og den verste solsteikja. Fjella hjelper innbyggjarane å samle vatn og dyrke mat, men i Kuruhm Va Muruhm er edle metall og magiske gjenstandar billigare enn mat. Byen ligg utanfor nokon lov, og har dermed blitt populær handelstad for illegale varar, som slaver, heksekunst, skattar frå underverda, og magi som bryt med kodeksen til Maharai. Ynskjer du å lære magi som ingen riker tillet er dette stedet. Byen kryr av magikarar som ikkje kan tene penger elles i verda, og dermed er desperate etter ein læregut med gull i lomma. Jo lengre inn du går i byen, jo rarare og rarare ting er det å sjå.
Byen har ingen styrande makt, og har aldri følt den har trengt det. Alle som kjem dit gjer det på eige ansvar.
Type
Large city
Comments