BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Korhaug

Korhaug er hovudstaden i Austhorn, det mektigaste riket nord for Sjar Ohngol.

History

Korhaug var kun ein liten fiskelandsby før den første landsfadaren samla Austhorn til eit rike. Han ville lage ein ny hovudstad, og valde denne staden for sitt potensiale til å la byen vakse seg enorm, noko som er vansdkeleg på den ulendte auskysten.

Points of interest

Det mest kjende landemerket i Korhaug er naturlegvis toppen byen har fått sitt namn frå. Eit lavt, bart og bratt berg er det høgste området på monge kilometer. På toppen av berget står rikets palass; eit bredt, rundt tårn med store ovale opningar rundt heile. Desse "steinhorna" ledar inn i toppen av tårnet, der du vil finne Korsalen. Korsalen brukast som tronsal, ballrom, og mykje anna, men er mest kjend for sin bruk i krig. Om Korhaug skulle hamne under ein beleiring, samlar Landskoret seg i Korsalen og syng inn i steinhorna. Ut av tårnet kjem det då korsong så sterk og mektig at det kjennast som om det kjem frå gudane.   Ettersom byen ikkje har vore under beleiring på lenge, har ein begynt å nytte Landskoret til ektemål, feiringar og kongelege begravelsar.

Geography

Byen ligg i den store flata mellom fjella i nord og i sør. Landet her er flatt og mjukt, men veldig fruktbart.

Climate

Sjølv om Korhaug ikkje ligger mykje lengre nord enn Freaun så er det ein god del kaldare der. Freaun får varme vindar og havvatn bragt opp frå sør, men Korhaug ligg i Bjørnebukta, og får dermed lite varme frå Allhavet. Somrane kan vere steikjande, men vintrane kan vere dødelege.
Inhabitant Demonym
Korirer
Owning Organization

Comments

Please Login in order to comment!