BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Freaun

Den Kvite Byen Freaun er den kulturelle hovudstaden i Nordaust-Kvarend, og eit rikt senter for handel og lærdom. Freaun er ein bystat lokalisert på øya Kvitklippene (monge gjer her feil og trur øya òg heiter Freaun), og halve Stjernefallsøya, som Freaun delar med Roson. Freaun er tilkopla fastlandet med ein lav, bred steinbru med plass til opp til fleire kjerrer, som heiter Tidetrinna Bru.   Byen blei grunnlagt og herskes over av Hus Freaun. Dette er eit matrilineært dynasti der befolkningen røyster over kva for ein av arvedøtrene skal bli neste herskar fram til si død, då gjentas prosessen. Kvinnene frå Hus Freaun er kjend som mektige magikarar og sterke politiske leiarar. Den nåværande regenten er Lady Baladora Freaun.   Artistar frå heile Kvarend samlast i Freaun på grunn av byens generøse kunstnerstipend. Om byrådet tykkjer kunsten din har verdi har du rett på å bli betalt ein leveleg sum so lenge du arbeidar med, skapar, fremførar, utgir og stillar ut kunsten din i Freaun. Denne lova har gitt byen kanskje det største kreative miljøet i Kvarend.

Demographics

Der er tre hovudgruppar innan demografi i Freaun. Freaun er mykje meir blanda enn andre byar når det kjem til kvar ein bur basert på sosial status, so du kan finne desse tre gruppene bu i same bygård eller bygning titt og ofte.   Adelen - Består av Hus Freaun og deira allierte, og andre rike familiar.   Aristokratiet - Består av kunstnarar, forfattarar, lærde, magikarar, filosofar, annerkjende skodespelarar, og andre rike.   Allmenninga - Består av handelsfolk, fiskarar, tjenarar, kramkarar, kokkar, osv. osv.. På grunn av rikdommane i Freaun og den sosiale politikken er ikkje allmenninga fatteg som i monge andre statar, og møter lite hat frå dei over dei.

Government

Regenten av Freaun veljast via folkerøysting ut av den avgåtte regentens døtre. Om ho ikkje hadde døtre eller kun hadde ei, inkluderast nieser og andre kvinnelege slektningar i valet. Soner er aldri gyldege for val. Ifølge lova kan dei som identifiserar seg som kvinne stille om dei går gjennom ritual der dei blir gitt livmor. Ladyen som blir valt skal deretter velja kven som sitte i "Åtterkabinettet", men desse blir som regel utnemnt bssert på tradisjon, forventningar og folkeopinionen. Åtterkabinettet består av:   Lady/Lord av Kruna - Ansvarleg for alt som har med Hus Freaun og dei andre adelege å gjere, til døme vakthald, arrangement, der dei bur, kva dei skal ete, og så vidare.   Lady/Lord av Kunst - Ansvarleg for det kulturelle i Freaun, blodet i hjartet til byen.   Lady/Lord av Mynt - Ansvarleg for skatt, handel, statskassa og lån.   Lady/Lord av Lærdom - Ansvar for universiteta, og reiligøse bygg, organisasjonar og arrangement. Òg ansvarleg for spionar og hemmeleg informasjon.   Lady/Lord av Sverd - Ansvarleg for Freaun sitt forsvar og vekterar.   Lady/Lord av Vatn - Ansvarleg for drikkevatn, vassrøyr og kloakk. Òg ansvarleg for havet rundt Freaun og all fiske der.   Lady/Lord av Stein - Ansvarleg for infrastruktur, bygg og konstruksjonar. For lenge sidan var dette sett på som ein av dei viktigaste og ynskja rollane. Etterkvart som øya har nådd si kapasitet for nye bygg har rolla i all hovudsak fått snavar for renovering og oppussing.   Lady/Lord av Fjols - Ansvarleg for underhaldning og festar i byen. Denne rolla har òg ein tradisjon for å tullast mykje med. Til dømes vart det ein gong bestemt at kontoret til Lord av Fjols skulle flyttast ut på ein jolle fire stjernekast vest for byen.

Infrastructure

Det ujamne og fjellete landskapen på Kvitklippane, kombinert med den høge befolkningstettleiken har ført til veldig unik infrastruktur. Hus har blitt byggja oppå hus som var byggja oppå hus som var byggja hus. Gatane er sjeldan breiare enn tronge smau. Freaun er full av bratte trappar som går på kryss og tvers og gøymde bakgårdar. Eit par hovudgatar tillét kjerrer, vognar og store folkemengdar å navigere seg gjennom byen til dei viktige landemerka. Byen er òg kjend for sine høge vindmøller som strekkjer seg longt over hustaka for å nå den sterke vinden frå havet. Freaun er ofte leiande på den teknologiske fronten. Befolkningen har tilgong til innendørskloakk og automatiske pasternosterheiser.

Points of interest

Det Freaunianske Universitet for det Magiske - Eit breidt tårn med stor kuppel og spiralmønster av høge, kurva vindauger. Sett på som eit av dei beste universiteta i Kvarend. Dei nedre etasjane brukast til museum og liknande. Den nåværande rektoren er Øvstemagikus Matissàn.   Åttertårna - Åtte høge, slanke tårn i form av eit oktagon. Desse tårna er hovudkvarteret til Åtterkabinettet og husar dei åtte medlemmane sine kontor og kvarter. Mellom tårna går det smale bruer på fleire nivå som let Åtterkabinettet kommunisere enklast mogleg.   Tårnet som rør ved Stjernene -  Det høgste bygget ikkje berre i Freaun, men nokon stad nord for Shar Ongol. Dette er det private tårnet for Lady av Freaun, og er kun tilgjengeleg for ho, tjenarane hennar og dei ho let kome inn. Dei øvste etasjane husar levningane av Lady Velanora Freaun den Kvite, grunnleggjar av Freaun og dens fyrste Lady. Kun Lady av Freaun er tillatt å entre toppen for å "møte med" ho. Freaunianerar ber ofte til toppen av Tårnet som rør ved Stjernene, i håp om at Lady Velanora vil leie dei frå livet etter døden.   Vestvakt Fyr - Eit høgt, vakkert utskært fyrtårn som står på Kvitklippane sitt vestlegste punkt. Fyrtårnet kan sjåast frå veldig long vegs unna, og brukast av dei fleste som seilar på vestkysten av nordlege Kvarend. Fyrtårnet lyser ekstra sterkt imot det store ukjende til vest, i håp om at om nokon ein gong kjem der frå, so vil dei først kome til Freaun.

Architecture

Alle bygga i Freaun er laga av kvit stein, og treverk frå orrtrea som veks på Kvitklippane og Stjernefallsøya.

Geography

Kvitklippane er ein mellomstor, fjellete øy av kvit stein. Vatna rundt er ein djup, grøn blåfarge.

Natural Resources

Freaun lev for det meste på handel, men har mykje av fisk og anna mat frå havet som skalldyr, blekksprut og andre av havets frukt.
Alternative Name(s)
Den Kvite By
Type
State
Population
Omkring 250'000
Inhabitant Demonym
Freaunianar
Location under
Owner/Ruler
Owning Organization

Comments

Please Login in order to comment!