BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Hubris, den Nye Sola

Hubris er ein folkeskapt gjenskaping av Sola, antatt å være eit nokre meter stor. Den flyt for tida omkring 100 meter over senteret av The Desolate of Hubris. Den ekstreme varmen og energien som straumar frå Hubris har gjort heile dette området ubeboeleg, og sidan ho ikkje verkar til å kylne vil det nok forbli slik. Om Hubris er ei ekte sol, ein falsk kopi, eller levande som nokon seier, er uvisst. Dens opphavlege namn er tapt. Namnet den har idag er gitt av folka i Kvarend.

Purpose / Function

Hubris vart skapt i eit forsøk på å få tilgong til ein utømmeleg kilde til magi og varme. Dette ville gjort eigaren til noko som kunne ha minna om ein gud, spesielt i framtida når all magi vil svinne og kulda tek Kvarend.

History

For monge tusen år sidan herska eit mektig imperie over området som no er Oskemarkane. Namnet til imperie og dets herskarar har blitt tapt, svidd bort av deira kreasjon, men somme seier det vart kalla "Jemur" eller "Yurron". Riket var rikt og økonomien blomstra, og det var nok den tidas episenter for magisk forskning. Ein nykruna keisar samla verdas mest lærde og beordra dei å løyse rikets største trussel: Falminga. Løysinga dei kom opp med ville vise seg å vere historias største magiske katastrofe. Ritualet for å påkalle den nye sola haldt stad i rikets hovudstad, men kva som hendte er uvisst. Gjekk noko galt, eller var dei so arrogante at dei trudde dei ville kunne kontrollere ein so kraftig gjenstand? Eller var det ein konspirasjon for å bringe ruin til imperiet? Intet er igjen som kan fortelja oss sanninga. Kvar ein bygning, mann, gjenstand og tekst er intet meir enn oske no. Spredd utover Kvarend av Hubris kaotiske vindkast.
Founding Date
Unknown date hundreds of years ago
Parent Location

Comments

Please Login in order to comment!