Den Gråtande Gud
Den Gråtande Gud er ein av Dei Høgare Gudane av Kosmos som folket i Kvarend tilber. Trusretninga til Den Gråtande Gud er ein variant på Skapingssoga der ein trur at etter verda og folk vart skapt, så såg den eine guden at det dei hadde skapt ikkje var perfekt. Dei valde å bli att og sørgje over alt livet som måtte leva i smerte og ondskap. Der skapingssoga fortel om at alle folk sprong ut av ein dråpe av gudanes blod som traff havet, trur dei som fylgjer Den Gråtande Gud at dette var ei gledeståre. Håpet til dei truande er å få gudane til å gråte tårer av glede att. Den Gråtande Gud sin tru fylgjest mest i nord, kvar han er hovudreligion i dei alle land, men har små sekter i resten av verda.
Den største trusretninga innan denne religionen, Tårenes Kyrkje, fokuserar sin tru på sorgen, og dermed kjærleiken, Den Gråtande Gud føler for sitt folk. Dei setter stort fokus på annerkjenne at verda er misdanna og full av sorger. Templane deira har eit hol i taket som leiar regnvatn ned til ein stor skål alle ber til. Det er få som trur at regnet er sjølve tårene til guden deira, men det er eit symbol for dei.
Andre sekter av trusretninga tek avstand frå Tårenes Kyrkje sitt fokus på sorg og medlidenheit. Dei trur at det er vår oppgave som barn av gud å gjere gud stolt og lykkeleg. Dei fokuserar meir på glede, og å uttrykkje dette mest mogleg. Nokre av desse trur og at når verda har blitt god nok til at gud att ein gong gret tårer av glede, so vil verda fryse til og Falminga vil stanse. "Uendeleg tid i varme og glede vil ventar deg", er eit vanleg uttrykk.
Orden/Kaos: Alle moderne trusretningar, og monge av dei gamle, trur på Orden/Kaos-dikotomi. Den Gråtande Gud sin tru er generelt sett ganske ekstreme i sin tru her. Dei trur at alt var skapt i sin reinaste orden av gudane, men at kaos har bragt ulykkje og sorg til verda. Tårenes Kyrkje trur kaos i all sin form kjem frå den fri vilja til folk. Kosmos, naturen og dyra følgjer ordenen slik gudane har satt den. Det er folk som vel å gå imot han.
Comments