Menneskje

Menneska går oppreist på to bakbein og nyttar heile hælen. Høgda varierer, men ligg vanlegvis mellom 145–180 cm for kvinner og 165–195 cm for menn. Vekt kan variera endå meir mellom individ, ettersom menneske lett utviklar feittlager av ekstra føde. «Normalt» vektområde kan seiast å vera 40–100 kg.
  Medan den vanlegaste hårfargen blant menneske er svart finst det òg mange andre fargar som går frå nesten kvitt til brunt eller raudt/oransje. Den hovudsakleg nakne huda kan gå frå å vera nesten fargelaus, noko som gjev ein rosa let ettersom blod viser gjennom, til mørkt brun. Pigmenta som fargar huda blir kalla melanin, og vernar mot sollys. Hud som blir utsett for mykje sollys utviklar meir melanin, og blir brunare.
  Menneskjer finns overalt der det er sivilisasjon. Som alle andre ætter har dei ein trong til å markere verda etter seg, men sidan dei ikkje har like lange liv som mange andre vesen, er krig og erobring eit ofte nytta verktøy

Comments

Please Login in order to comment!