SiN - Sesj 7 - Og så var me fira
General Summary
Sesjen starta i Ny-Ulele der gjengen sa hade til bygda før dei satt kursen mot Cambarra. Turen nord gjekk bra utan for mykje trøbling, og dei låg til kai om ettermiddagen dagen etter avreise. Der traff dei på Haldar som kjøpte varene deira for ein god pris. Etter dette tok dei turen rundt i Cambarra og gjorde sine erend. Kogel gjorde seg om til ein pirat, noko som gjorde at dei andre på skipet konfronterte han med at han var ein inntrengar. Det roa seg heldigvis til slutt etter at han overbeviste dei om at han faktisk var Kogel. Deretter gjekk han mot baren. G'hanir var igjen på skipet og haldt vakt medan dei andre tre gjekk mot butikken til Sambero. Der kjøpte dei eit kompass, før Brynjar prøvde å kaste noko magi på seg sjølve. Det laga såpass mykje lyd at dei drog oppmersomheit og Sambero blei redd. Tilbake på snackbaren satt Kogel seg ned med to shady'e karer og spelte kort med dei. G'hanir oppdaga so at da kom enda ein luring som gjekk inn på snackbaren.
Denne personen gjekk til Kogel og trua han. Han spurde om han var "Skit", men Kogel ga ikkje eit tydeleg svar. Dei tok han so med seg til skipet deira og knocka han ut. G'Hanir fekk med seg at han blei bortført, og ga fort beskjed til dei andre som no var på veg tilbake. Piratskipet kasta loss og forsvann ut på sjøen. Hövel fekk med seg at det var piraten frå første dag i Cambarra som styrte skipet. Dei kasta sjølv loss og la på paling etter dei. Etter ein del skuddutveksling klarte dei å øydelegge skipet deira nok til at piratane stoppa. Sjølv tok dei massive skadar, og tar no inn vatn. Sesjen enda med at dei låg seg opp mot deira styrbord side. Ein lerdom i å splitta partyet kanskje? Her enda sesjen...
Report Date
10 Jan 2025
Primary Location
Secondary Location
Related Characters