SiN - Sesj 5 - Ein kamp om livet
General Summary
Sesjen starta med at gjengen ville prøve å overnatte i trollmannen sitt tårn for å få tilbake litt liv og energi. Dei tok seg inn eit rom der trollmannen hadde bord og stolar. Ila kvilen merka dei at lyset mørkna og skogen utanfor forsvant. Det var noko magisk i lufta. Etter natta tok dei seg innover i tårnet igjen for å konfrontere det som var oppe på toppen av tårnet. På veg opp gjekk dei på ein del magiske feller som var satt i løpet av natta. Kogel tok det meste av støyten. Dei gjekk så opp i tårnet der dei traff nokre dører som Kogel og Hövel ikkje greidde å kome gjenom. Dei var under ein charm som vert løfta i det ein av dei andre opna døra. Inne i rommet kjempa dei mot is-monstre og trollmannen.
Dei greidde til slutt å løfte golvet høgt nok til å kome opp til der trollmannen haldt til, men han prøvde då å lure dei med å gje seg ut for å vere ei kvinne i nød. Det gjekk dei ikkje på, og trollmannen stakk av. Dei valde då å campe der ei lita stund før dei såg vidare etter trollmannen. Dei fant litt skattar, blant anna herbalisme-utstyr og ein pose med magiske lodåttar, før dei tok seg ein kvile. Etter kvilen prøvde dei på nytt å ta på dei magiske krystallane, noko som førte til at pillaren skaut i taket og slo ut alle utanom Guunar. Han blei konfrontert av trollmennen som ønskte å verve dei til å finne eit magisk kompass. Guunar greidde å få alle opp på beina igjen og Kogel plasserte eit pilskot rett i trollmannen medan han forkynna. Det oppløyste han i ei sky av magi, og her slutta sesjen...