SiN - Sesj 36 - Undermørket

General Summary

Sesjen starta med at gjengen tok turen tilbake til Undermørket. På vegen oppdaga Hövel, Koppen og Brynjar at dei var bitt av flaggermus og at dei haldt på å bli forvandla til zombiar. Brynjar sava dette og Koppen blei helbreda av Guunar, medan Hövel blei infisert. Han starta over tid å bli zombie. Deretter tok dei turen ut i Undermørket og fekk sett det massive grottesystemet. Kogel brukte ei stund på å mappe dette, og fann fort ut at det ville verte for langt å gå dersom dei skulle rekke det før G'hanir si tid var ute. Dei gjekk difor tilbake til der dei starta og fann ein liten togstasjon med minecart. Dei fekk fiksa denne, Kogel mappa togsystemet, og dei sette utfor. Dei havna først mot skattekammeret når dei ville til Kelemvor-tempelet, så dei tok ein liten omveg. I tempelet greidde dei eit puzzle for å opne eit skattekammer med tems, noko dei valde å ikkje ta med seg for no. Dei fann ikkje noko meir her, så dei valde så å reise mot "Kart utan kompass" som også var ein stasjon. På veg bort der kolliderte dei med minecarten, og Kogel datt mange hundre meter ned i grotta. Heldigvis var det rett over der vatnet var, noko som dempa fallet ein del. Kogel var på kanten av døden, men heldigvis hoppa Brynjar etter han med Ring of Feather Fall og Ring of Water Walking, noko som gjorde at det redda Kogel i siste liten. Her slutta sesjen...

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
06 Jan 2026
Related Characters