SiN - Sesj 16 - Nagaoia
General Summary
Denne sesj-rapporten er ein samla rapport for stor-sesjen på hytta til Eirik. Sesjen vart delt opp i fem delar, A til E. Kvart kapittel av sesj-rapporten inkluderar element frå kvart delkapittel, men er strukturert basert på historien og ikkje dei konkrete del-sesjane / del-kaptilane.
Sesjen starta med at gjengen kom fram til ei øy som dei identifiserte til å mest sannsynleg vere Nagaoia. Der oppdaga dei piratar som låg lenger inne med ein foss. Dei valde då å reise rundt øya sånn at dei kunne gå i land der kartet sine prikkar starta. Der fekk dei ein prepp-talk av Kaptein Støvvel før dei rodde i land. Der valde dei å setje opp camp i skogbrynet og gjekk til ro.
Dagen etter bar det inn i jungelen. Etter nokre timar med vandring i tett jungel, oppdaga dei at dei hadde vepsar i sekkane sine. Ein lengre kamp skjedde der dei prøvde å stoppe vepsane frå å ete maten deira. Dei greidde det til slutt ved å kaste mat ut i jungelen og dermed lure dei til å flyge ut der. Dei fekk så på seg sekkane igjen og gjekk vidare. Etter ei stund blei dei ambusha av nokre lizard-skapningar som trua dei med spyd. Guunar, som kunne snakke med dei på draconic, fekk roa situasjonen og inngjekk ein deal der dei skulle få fri passasje mot at dei helbreda nokon i byen som hadde blitt sjuke. Dette godtok gjengen og blei så tatt med til landsbyen deira.
I landsbyen blei dei introdusert til leiaren, Herr Shaman. Han lot dei få frie tøylar til å gjere situasjonen betre. Dette fekk dei til, både med å lage antitoxin / antipoison, konstruere eit betre skur til dei, samt stoppe dei frå å ete maten som gjorde dei sjuk. Ein gjeng fekk også skaffa mat til dei ved å jakte villsvin. Dei blei kjend med: Vaktane Grikko og Gekko, hærførar Glorb, og kokken Krakka. Kvelden enda med felles måltid, og dei fekk overnatte i eit lite skur dei hadde. Dei fekk også byta til seg eit to-mannstelt som dei fekk med seg vidare. Lizard-folka hadde prøvd å ofre det til guden deira, Krakhov, men det hadde ikkje fått plass i offerbrønnen. Dagen etter tok dei ein svipptur innom ein plass med nyttige ingrediensar før dei reiste vidare. Dei fekk også ein åtvarning mot skumle plantar som vaks langs elvar som kanskje kunne gjere dei sjuke. Det kan ha vert det som gjorde at dei alle følte seg litt groggy dagen etterpå. Etter dette vart dei tatt med til utkanten av lizard-foket sin kjennskap og der navigerte dei seg vidare frå.
Etter ein del timar i skogen kom dei til slutt fram til eit tempel med ein del slangar. Dei fekk vek slangane og greidde å åpne ei dør inn i tempelet under vatnet. Guunar blei tatt av vatnet, men dei fann han lenger nede i tunellen i heila. Der nede tok dei seg inn i eit stort rom, og blei angripen av skjelett som kom til livet. Heldigvis greidde dei å gjere kål på dei og fekk tatt seg ein kvil og pust i bakken. I rommet fann dei litt myntar og snacks, samt ein flott blå edelstein. Dei tok seg ein liten pustepause før dei tok seg vidare ned i dungeonen i ein retning Hövel og Koppen fann. Der inne var det på nytt eit rom, men denne gongen mykje mindre med masse trykk-plater i bakken. Hövel tok kontrollen og etter ein liten feil først, så fekk han gått over hellene på riktig måte. Då opna det seg ei dør og dei gjekk vidare.
Etter dette kom dei inn i eit stort nytt rom med ei kabelvogn. Hövel tok på nytt kontrollen og fekk maskina i gong, og etter litt prøving og feiling fekk dei til slutt til å kome seg over. Dei fann samstundes ein ny edelstein, denne gjennommsiktig grøn på farge, samt ei veske som virka som ikkje hadde bunn. Guunar tok sjangs og hoppa over for å få tik i dette, og me marginane på si side gjekk det bra. Etter dette gjekk turen nedover ein spiral dei fann på andra sida. Der tok dei seg forsiktig nedover trappa, mange hundre fot i ring til dei til slutt kom ned. Trappetrinna virka å vere laga for å slå ned, men dette gjorde dei ikkje. Hmm... Nede var det litt vatn dei stompa rundt i, noko som er difficult terrain. Framme såg dei noko som ligna ei stor kompassrose i gull. Dei såg også tre humanoids som låg og duppa i vatnet. Dei bevegde seg bortover til dei lengst vekke og blei fanga av eit stort gelémonster. Her slutta sesjen...