SiN - Sesj 10 - Månen lyser kvit
General Summary
Sesjen starta med at gjengen sat oppe på kapteinen sin lugar og vaka for G'hanir som hadde gått bort i forrige sesj. Brynjar ba ei bøn for G'hanir og fekk ein følelse av at måneguden Selûne var med han. Guunar sto ute på dekk og fulgte med skipa som kom nærare og nærare. Dei gjekk så alle ut og dei reiste kvitt flagg. Dei blei konfrontert av skipa som spurde dei ut om kva som hadde skjedd og kven dei var. Etter mykje att og fram, henta piratane sjølvaste kapteinen som ba Hövel overlevere nøkkelen. Han fomla den med vilje på sjøden, der Brynjar låg under og venta. Kaptein Skitstøvvel prøvde å få tak i nøkkelen og fomla seg sjølv over bord. I sjøen traff han Brynjar som deretter sømde vekk. Etter mykje om og men med snakk og stuping enda det med at piratane løsna ild på The Unsinkable 2. Båten byrja å synke, men Guunar redda situasjonen med å nemne Rex Lahberwend. Det såg ut til å få oppmerksomheita deira. Brynjar fann liket til G'hanir og tok det med seg bort til piratskipet, som heiste G'hanir om bord. Brynjar sjølv hekta seg på båten med ein dagger. Resten av gjengen blei plassert i briggen på piratskipet.
Om bord på piratskipet blei gjengen spørd ut av Kaptein Skitstøvvel. Dei unngjekk å sei for mykje, men ein del informasjon blei lekka. Medan dei fekk eit lite avbrekk i situasjonen greidde dei å kommunisere med Brynjar utanfor båten. Dei greidde også å løsne ein del av stagene i fengselet med noko verktøy dei fann. Men, før dei fekk gjere noko vidare så tok mannskapet dei med opp på dekk for å gjennomføre ein begravelse for G'hanir. Det enda med at Kapteinen spørde om Hövel kjende Sagstad. Det gjorde han, og dermed lo han godt og koste seg. Dei sparka så resten av gjengen på sjøen, saman med liket av G'hanir. Medan skipet reiste vekk lo dei og ropte at dei skulle mot Nagaoia.
Ute på sjøen greidde Brynjar å tilkalle ein kval som kom og tok dei med seg. Då såg dei i avstanden eit nytt skip som var på veg mot dei. Dette viste seg å vere PS Utforskaren med Kaptein Støvvel og mannskapet. Dei tok dei om bord og konfiskerte våpena til Brynjar, som er den einaste med utstyr. Deretter satt dei gjengen i briggen før dei finn ut kven dei er. Koppen, ein av mannskapet på båten, passa på dei saman med fuggelen Bøllefrø. Oppe på kapteinens kontor snakka Guunar og Kaptein Støvvel. Ho presenterte seg og misjonen deira, og kom til einighet med Guunar om å hjelpe kvarandre inntil vidare. Nede under dekk kom heilagpersonen Sleive og ivaretok kroppen til G'hanir. Dei fekk nyss i at det kanskje var mogeleg å gjenreise G'hanir. Dei gjekk så opp på kontoret til Støvvel og snakka med ho om dette. Der fortalte ho om Arroz con Ferrum i Portád som kanskje kunne hjelpe. Det er der dei er på veg uansett, så då kan dei slå følge. Deretter fortalte Guunar om situasjonen og kva planen var. Etter det tok Koppen gjengen med på skipet og introduserte gjengen. Kogel tok seg ein tur ned til G'hanir og blei ikkje med på introduksjonsrunden.
Etter runden fekk dei kvile for kvelden og gjekk til søvn. Brynjar hadde eit syn den kvelden der han fekk møte guden Selûne som fortalte at det kanskje var mogeleg å få G'hanir tilbake, men det ville koste dei dyrt. At dei er på veg mot Portád er nok riktig steg vidare. Etter kvart som han lærer meir om religionen sin, vil han nok kunne kommunisere med ho fastare. Deretter blei han sendt tilbake og våkna på skipet. Det er no morgon igjen. Her slutta sesjen...
NESTE SESJ
- Sjå til at Koppen har joina.
- Sjå til at G'hanir ikkje er med lenger.
- Sjekk at alle (som havna i sjøen) har fjerna alt av items på figurane sine.
- Kva klede går dei med? Har dei ikkje, add common clothes.