SiN - Sesj 1 - Caramba i Cambarra
General Summary
Campaignet og sesjen starta med at dei fem eventyrarane møtte kvarandre i Cambarra. Kogel (Henrik) og Brynjar (Asgeir) kom sømjande i gårkveld og traff på Hövel (Stian) som jobba på kaien. Start-kvelden kom også Guunar (Eirik) og G'hanir (Hans) til Cambarra med ein liten trebåt. Dei helste på kvarandre og samla seg i Cambarra Snackbar og Bungalows. Der sat dei seg ned og snakka i lag for å verte kjend. Litt ut på kvelden blei dei konfrontert av ein pirat som ønskte å gjere drikkekonkurranse med dei. Gjengen vann, og då ville piraten spele om penger og den hemmelige skatten til Hövel. Det enda med at gjengen på nytt vann, dinne gongen ein handbak-konkurranse. Til slutt ville piraten spele om pengane tilbake, og satsa då eit av skipa deira. Gjengen vann skipet, The Unsinkable 2. Nøgd gjekk gjengen for å sjekke ut skipet.
Etter dette forberedte gjengen seg på seilas og handla rundt ting dei trengde. Dei reparerte også båten litt og tok ein sjekk på tilstand på ting. Deretter reiste dei ut på havet, retning Ny-Ulele som er ein markør på eit av karta deira. Det siste kartet om Nagaoia er dei usikre på holdet i, så dei vil prøve å finne ut meir før dei eventuelt reiser der. Sesjen slutta med at dei såg land i det fjerne ute på kvelden.