DMI - Sesj 7 - Liberating Treland

General Summary

Sesjen startar med at dei forsøker å gjøyme vaktane dei nett har drepe i nokre busker ved inngangen. Deretter tar dei seg snikande inn i byen. Der møter dei på ein familie som er bunde på hender og gagga. Dei slepp dei fri og forsøker å få dei til å joine dei. Deretter møter dei på ein som heldt på å bli henretta av ein pirat, men dei greier å redde han i siste liten. Han også vert forsøkt hyra av Den Heilage Bande. Til slutt kjem dei fram til det som ser ut som eit møte mellom nokre folk og hovudpiraten. Dette endar med kamp!   Under kampen vert det tidleg tydeleg at dei er i undertall. På kanten av død kjem plutseleg Krik Lovsong på plass og støttar våre heltar. Det gjer også eine kona og mannen som tar opp våpen for å hjelpe saka. Til slutt greier dei å få drept alle piratane og får sjefspiraten i bakken. Etter mykje att og fram om dei skal drepe han eller la han gå, greier dei ikkje å bestemme seg om kva dei gjer. Til slutt svimer sjefspiraten av, og kampen er over. Med eitt forlet Krik Treland med eit misfornøyd blikk med tårer i auga. Kva skjer vidare?   Level opp!
Campaign
Den Midlandske Inkvisisjon
Protagonists
Report Date
26 Oct 2023
Primary Location