Kvarends Gudar
Kvarends Gudar er vesen av utruleg kraft som representerar og kontrollerar visse aspekt av verda. Desse gudane er lenkja til Kvarend og kan bli møtt og drept, i motsetjing til Dei Høgare Gudane av Kosmos som kun kan møtast ved åndevandring.
Gudane blei skapt i same augneblink som Kvarend og er direkte lenkja til aspektet sitt. Om ein hadde tørka bort hava ville Voceiros, Gud av Hava og Stormen mista all sin kraft eller dødd. Desse gudane har og makt over desse aspekta. Voceiros kan ikkje få hava til å renne opp, men sjølve naturen av hava er arva frå han.
Det som følgjer er ei oppsummering av gudane som folk flest er einige i.
Først vart det søsken født. Onoros, Gud av Himmelen og Fargane. Kaleira, Gudinne av Fjell og Stein. Voceiros, Gud av Hava og Stormen. Dei var låst i evig strid heilt til eit nytt søskenpar kom til: Thexos, Gud av Is og Kylde, og Xenia, Gudinne av Ild og Varme. Dei bragte fred og harmoni og hadde ei dotter; Saferos, Gudinne av Ferskvatn, Blod og Familie. Denne freden endte som alle andre, og no slest gudane ein evig og treig kamp.
Mens dei andre gudane var opptatt med sine barnslege kranglar blei ei ny gudinne danna. Ut frå energien til alt som levde og dauda sprang Menera, Gudinne av Liv og Død, og Gudemor. Ho åleine fødde fire gudar for å halde balansen mellom liv og død: Jaraxa, Gudinne av Dyr og Folk, Uvera, Gudinne av Mugg og Insekt, og Gymama, Gudinna av Plantar. Desse vart kjend som Meneras Gode Døtrer. Menera si sistefødte er mindre elska: Nilioxos, Gud av Smerte og Sjukdom.
Monge fleire "gudar" vandrar jorda og hevdar å vere gud av snuggleik, mattematikk, tamhest, seksuell tenning, løfter, løgner, tid, mat og mykje anna. Det er opp til kvar og ein om dei trur på om desse og er guder eller kun veldig dyktige og mektige folk.
Comments