Jotunngrav
Jotunngrav er, av monge, beskrive som den mest slåande bustaden i heile Kvarend. Byen ligg nesten so longt nord ein kjem i Kvarend, og er byggja ut av lika til jotnar som vart drepne i Den Siste Krigen mot Kjempene. Dei massive levningane deira vart til hard, porøs stein som den lokale militsen gravde hular, hus og templer ut av. Befolkninga vaks sakte, men stødig, og byen vaks i både størrelse og kompleksitet. Det som ikkje er hogga ut av jotnelevningar er av hovudskallane til drakar, eller byggja inn i den store steinmuren som jotnane reisa for lenge, lenge sidan. Byen består av monge stammar, men er for tida under styret til Boork-ætta, eit dynasti av krigarar som ynskjer å bringe tilbake tidsaldaren til drakane.
Byen er kjend for sine dyktege smedar og hardføre krigarar. Det er òg mykje å hente får å bu i levningane til nokre av dei mest magiske vesna som har vandra på Kvarend. Jotunngrav fungerer også som kulturell og militærsk hovudstad for dei andre bustadane på Lonøy, sjølv om dei ifølgje lova ligg under Austhorn.
Alternative Name(s)
Kjempegravplassen
Type
City
Population
Ukjend
Inhabitant Demonym
Dei lokale kallar seg "Striddssmidde", men i resten av Kvarend er dette namnet på eit folk, so her kallast dei "Jotunnbuarar"
Location under
Comments