BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Jaubo

Jaubo er ein liten landbruksby som ligg mot vestgrensa til Skarmark. Byen har lite interessant eller viktig historie å nemne, men det som hender der no har gjort det til ein kuriositet. I motsetning til bustadene rundt finn du ingen borgarmeister, mektig adel eller folkestyrt råd som kontrollerar byen. I staden er den mellomstore bustaden under komplett einevelde av Braubar, Kjempen av Jaubo. Braubar tårnar over dei fleste og er eit berg av muskler, og vart helt for folket etter han beisera ein djevelorm som hadde plaga dei lokale ei long tid. Etter ormen vart drepen fallt all skulda for dei døde og øydelegginga på borgarmeister Brunkvell. Folket heia og feira då Braubar sparka inn dørene på rådhuset og henretta Brunkvell med sin kjempeøks "Ormebane".   Sidan då har makta til Braubar vore absolutt. Alle val frå endring av lovar, skatt, kranglar om land, til dømming av kriminelle går gjennom han, og han har alltid siste ord. Å vere rådgivar for Braubar er den mest lukseriøse jobben i Jaubo, men dødelegheita er skyhøg. To timar kvar onsdag og laurdag får bebuarane møte med Braubar i "Braubars hus" (tidlegare rådhuset) og spørje han om ting i det som er kjend som "Braubartimen".   I dei siste åra har Braubar blitt meir og meir rastlaus, og har blitt open om sitt ynskje for Skarmark å støtte Roson i krigen mot Det Milbahnske Imperiet. Monarken i Skarmark, @gamle, har i gjengjeld ikkje vist noko teikn til å endra haldninga om å halde landet utanfor alle unødige strider.
Alternative Name(s)
Braubarby
Type
Town
Inhabitant Demonym
Jauboer

Comments

Please Login in order to comment!