Himmelbyen Szaha
Høgt over det stormfulle og farlege Voceiroshavet svevar den mytiske himmelbyen Szaha. Ho er lenkja til havbotnen med ein kolossal lenkje og flyt nokre kilometer over bølgjene under. Om ein ikkje er invitert er den einaste måten dit å klatre opp heile lenkja, noko som tatt livet av haugevis av dumdristige eventyrarar.
Arkitekturen i Szaha er eit skue utan like, sjølv frå so longt unna. Høge, elegante tårn med kuplar, turellar, rosa perleskimrande stein og gulldetaljar står omkring haustfarga trær, som gir byen fargane til ein evig solnedgang. Byen er utforma som monge øyer kopla saman av bruar, med ein stor hovudøy i midten. Under denne hovudøya går ein massiv spiraltrapp ned til der lenkja er festa til byen. Om natta er byen full av trådar av fleirfarga lys, ein gjenskaping av nordlyset frå trolldom.
Szaha vart byggja i Drakeepoken i håp om å være ein skinande stjerne for brorskap, samarbeid og kunnskap. Verdas mektigste magikarar jobba saman med drakane og klarte til slutt å trosse tyngdekrafta i ein formel av so perfekt magi at noko liknande aldri har vert gjort sidan. Etter Det Store Drakemordet lukka byen porten sin tilomverda, og har sidan den dag vore eit mysterium. Kraftege formlar held druamevandrarar og portalar unna, og idag er dei fleste land einige i å berre la dei vera i fred.
Men, nokre teoriserar at Szaha kviler på katastrofale kreftar, og at frå sin øy i skyene kan dei styre skjebna til Kvarend utan å oppdaga.
Type
City
Comments