Barna Ethnicity in Kvarend | World Anvil
BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Barna

Barna er ein samling monge forskjellege folk som bur rundt The Mothers og som delar same kultur, religion og ideal. Namnet kjem, naturleg nok, frå innsjøane dei tilber.   Barna trur innsjøane kjend under fellesnemninga "Mødrene" er Urfødestaden, eller "Livmora", vassmassa som alt liv sprong ut av. Dei aller fleste folk trur òg på denne skapelsesmyta, men er ueinige i om det er Mødrene, Oteris, hava, ein uttørka pytt eller ein anna sjø som er Urfødestaden. Då det tidlege folk ikkje hadde skrift og kun arva viten via historier og myter, er sanninga antageleg tapt.   "Då alle folk vart fødd var vi alle like. Ulike, men like. Då var der ingen grenser, ingen lovar, ingen hieraki. ... Mødrene gav oss alt me nokonsinne ville trenga der og då. ... Me har byggja oss våre eigne bur. Me må gå tilbake til den evige kunnskapen til Mødrene: Friheit gjennom primitivitet." Dette er kjerneverdien til Barna, her ytra av Heram Vismann til sitt folk etter ei dødeleg konflikt med Eber. Barna bur i anarkistiske samfunn utan hieraki og sosial rang. Medlemma er fri til å flytte seg mellom byane deira slik dei ynskjer, bytte virke slik dei ynskjer, og leve med, ekte, og stelle kven dei ynskjer. Om ein dam brest finn dei saman ut korleis dei skal lause problemet.   Dei trur at murane, festningane, kongerika og lovane folk har byggja alltid vil ende i liding. Gleda og stoltheita folk kjenner for sitt rike, sine bygg og sine herskarar er som lykka ein får av farleg rus og vil før eller sidan øydeleggje brukaren. Barna er omringa på alle kantar av mektige riker, og har dermed måtte tilpasse seg og har måtte ta visse kompromiss. Sjølv om dei i sin tru er fredelege, vil dei forsvare seg om angripen, og vil gjere alt for å forsvara Mødrene. Dei deltek óg i handel med besøkjande og reisande, men dei brukar ikkje og trur ikkje på verdien av penger.   Få folk tenker ofte på Barna, sidan deira virke ikkje påvirkar det store politiske spelet i Kvarend. Kven som helst som likar tanken ved deira levesett er fri til å ta del. Kritikarar ser på Barna som bakvendte villmenn som bur i hyttar av jord og ber til innsjøar i staden for å byggje imperier eller løyse dei magiske mysteria. Når Barna blir møtt med spørsmålet om kva dei skal gjere når verda falmar hen til mørke og is, svarar dei at dei ikkje veit.

Naming Traditions

Feminine names

Veimas, Jaimas, Alas, Maram, Vam, Um, Øgg

Masculine names

Vemos, Jamos, Elos, Barat, Vat, Ut, Kepp

Family names

Barna brukar ikkje familienamn. Familie er viktig, ja, men fellesskapet er viktigare, og er for dei den største av alle familiar. I staden for familienamn brukar medlemma etternamn som er basert på kva virke dei er dyktige i, kva dei likar å gjere, korleis personlegheita deira er, eller andre slike aspekt. Syar, Jeger, Vismann, Helser, Sol, Klok, Ven, Radig, Sterk og Skjønn er dømer på vanlege etternamn.

Ideals

Relationship Ideals

Barna ser på et som ei kollektiv oppgåve å ta vare på dei unge. Dette, i tillegg til deira tru, har gitt dei eit laust forhold til forhold. Ekteskap er ikkje noko dei driv med, men dei som elskar kvarandre vert partnarar. Desse partnarskapa er oftast opne.
Related Locations

Comments

Please Login in order to comment!