BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Words and Blood Report

General Summary

Ceren fulgte etter Castian Juen, og oppdaga eit par ting. Han hadde ein alvisk wizard under sin kommando, som såg ut som ho spesialiserte i Conjuration magi. Ceren fulgte han til Skyggesalen, ein sketchy bar, kor han møtte ein mørkalv. Denne mørkalven var tydeligvis ein snikmorder hyrt inn av Castian. Mørkalven var skuffa over at Castian hadde mista teleporteings-scrollen, men kom likavel til å gjennomføre angrepet da Castian hadde betalt for forsikring til eigaren hans. Mørkalven forklarte Castian at det kom til å komme eit preliminært angrep rundt konsertsalen av ein gruppe mindre erfarne mørkalver, medan hans sterkare team kom til å ha ansvar for hovudangrepet. Dei hadde ikkje bestemt seg for korleis dei kom til å angripe konserten enda, da dei ville prøve å unngå Eisenfrieds framtidssyn.
På kvelden snakka Blaecbrand med Asher, og etter ein litt klein og tense samtale forklarte Asher at han var overaska og sjokkert over at han hadde ein søster, men at han var glad for å ha ein til i familien. Kjenslene hans var framleis kompliserte og han måtte prosessere dei litt, men han var ikkje sint på Blaecbrand.
Om morgonen den 18. Storm kom Gabriel og Teodora til Uglane. Gabriel fortalte at han hadde funnet ein kjelde til informasjon om den Evige By, så når Uglene var klare var Gabriel og disiplene hans klare til å stoppe amrikhenes Evige Plan. Han spurte og om Po hadde trent og kanalisert energien sin som dei to hadde snakka om, og Po innrømte at han ikkje hadde meditert like mykje som han hadde fått beskjed om. Gabriel ga Po ein liten snakk, og sa at når han hadde så store krefter var det viktig å lære å kanalsiere dei, slik han kunne hjelpe andre. Teodora stod litt kleint bak Gabriel og vinka tilbake til Blaecbrand og Dolk når dei vinka til ho.
Den dagen gjekk fredssamtalene bra framover. Med Davor sitt fredsarbeide til sovieten, prestene og Irhaal Shalasi hadde dei ein grei tone, og med Dolk sine instrukser greidde Qildro Ashan å halde kjeft og berre snakke når snakka til. På ettermiddagen delte Uglene seg i to grupper, for aktiv diplomati. Blaecbrand, Ceren og Davor gjekk til sovietten for å overtale dei om å gå med på Shalasi sin plan, medan Dolk og Po gjekk i møte med Qildro Ashan, Ishmael og Felicidad Agudo for å diskutere framtida for Toirecíuds handel.
Møtet med sovietten gjekk kjempebra, og Blaecbrand, Davor og Ceren greidde å overtale dei om å gå i kompromiss med Shalasi ved å overtale dei om at det ville være bra i lengden og sikkre bedre liv til deira barn og barnebarn. Adam Gullhand var i starten skeptisk til å jobbe med Shalasi, men Davor greidde å overtale han om at det var som å stjele penge fra ho, og då var han veldig med.
Møtet mellom Felicidad, Ishmael og Qildro gjekk og veldig bra, og med Po og Dolk greidde saman å overale Qildro om å gå med på Ishmael sine demands om å jobbe for å frigjere tashkilittene, og fasiliterte generelt eit veldig bra møte mellom handelsmaktene.
På kvelden gjekk heile partyet på Orkebar i byen, kor historia Davors kamp med Castian hadde spreidd seg. Blaecbrand tok med seg Taegen og marinesoldatene hans, medan Dolk fekk med seg Orkhomenos sine venner. Alle uglene koste seg veldig med bryting og drikking og eit par highlights er:
  • Davor blei kasta over eit bord av ein orog
  • Dolk/Raiqwen banka orogen som "hemn" for å ha blitt kalt svak, og for å hemne Davor
  • Ceren dansa rundt alle fiendene og var generelt veldig irriterande før han tok dei ned
  • Blaecbrand slåss mot Taegen, som var ekstremt arrogant. Dette vart då ironisk når Blaecbrand velta han over skulderen sin og fekk han ut av kampen umidelbart
På kvelden kom Uglene heim igjen. Po og Blaecbrand røykte hasj og mediterte, og kom fram til at det var ein veldig god idé å bruke panoptikonet og Blaecbrand sine nye evner for å sjå den Første Fiende, Stjernegudane. Dei såg forbi vårt univers ut i limbo, ein dimensjon av rein energi og potensiale. Der såg dei ein ting laga av kjeder, eit monster lagd av tentakler, tenner og munner og eit gigantisk flammande auge, som såg rett på dei.
Morgonen etterpå vart Uglene invitert opp på himmelfortet av kaptein Yik, ein aarakocra, saman med Ishmael. Dei reiste opp og oppdaga at slottet berre var ein illusjon, og på innsiden av den var det eit gigantisk flygande skip med ein liten hær med aarakocraer, riddere og hippogriffer på. Når dei landa såg dei at riddarane tilhørte Erobringslegionen, den mest brutale og effektive legionen i imperiet. Grev Olafr, skykjempen som kommanderer skipet, forklarte at dei hadde teleporteringshjelme og magiske vinger som ville la dei trenge seg inn på citadellet. Heile skipet var ein kule som skulle drivest inn i githzherai-nasjonens hjerne, knekke ryggen deira og vinne krigen. Dolk fekk eit kort minne om å gå på eit liknande skip i sin barndom, og oppdaga at både hen sjølv og dette skipet var frå Tveiharr.
Po blei sjokkert og nesten sjuk av å vite formålet til dette skipet, og Uglene hadde ein veldig mellow respons som fokuserte på fred, som skuffa grev Olafr litt. Så kom det ein gammal aarakocra på overflaten av skipet og sa at grev Olafr måtte være stille. Denne aarakocraen gjekk med ein sølv-armbånd og kaldte seg sjølv Akka. Blaecbrand kjente han igjen som ein av Ibrahim og Jeleneths gamle venner og ein helt i the Thunderbolts, og når ho høyrde at han reiste med ein kvinneleg alv vart ho veldig interessert i å møte ho. Når Akka såg Blaecbrand skjønte han med ein gong at ho var barnet til Jeleneth og Ibrahim, og vart veldig overaska men glad for å møte ho.
Uglene gjekk inn i kabinen Akka delte med sin kompanjong, og fant der ein høgalvisk messingprest som fokuserte på å halde skipets illusjon. Ho introduserte seg som Caed, den andre av Thunderboltsne, og var overaska over å møte Blaecbrand. Når Blaecbrand fortalte at kulten var tilbake igjen mista ho nesten konsentrasjon på illusjonen, men ho vart raskt sinsbefatta og fortalte Akka at dei måtte samle den gamle gjengen igjen og ta seg av kulten. Blaecbrand var veldig excited over dette, da ho endeleg hadde funnet dei siste delene av Thunderboltsne og fått to mektige allierte til.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
05 Mar 2022

Comments

Please Login in order to comment!