Warrior of a Foreign God Report
General Summary
Partyet hadde omringa Fjelloksen, og dei hadde paralysert han. Alle saman hoppa fram og stabba han, skaut han, brendte han eller slo til han. Og han døde, hostane opp blod og med eit sjokkert ansiktsuttrykk. Etter han døde brukte Davor litt tid på å sjå på utstyret hans, og han oppdaga at han gjekk med ein magisk rustning og slåss med eit magisk skjold, som han identifiserte som utstyr som pleide å tilhøyre Viktor Valeryanovich Ocharenko, ridder-kommandør for Prinsens av Akshus sin livgarde. Akkurat kva han gjorde i fjella fant partyet ikkje ut av, men Blaecbrand forstod at dei hadde blitt manipulert av Aksum til å gjennomføre eit oppdrag for the Lady of Sin. Ceren ga også Viktors hammer til Rod, som også var eit mektig magisk artefakt.
Partyet skjønte at det ikkje var mykje dei kunne gjere med den situasjonen, men dei snakka med Khadim og opprørarane og overtalte dei til å ikkje slåss vidare men heller nytte energien sin på å overleve i fjella. Partyet skal gjere det dei kan for å gjere situasjonen deira bedre, ved å være whistleblowers og sette ting i bevegelse. Etter dette la alle seg til å sove, for det meste fredfult. Blaecbrand og Dharr sov mindre godt, men av veldig forskjellege grunner.
Dagen etter flaug Blaecbrand og Ceren på Geronimo ned til den alviske leiren for å levere Fjelloksens hode til Waltmaht og få kartet til vaultet. På vegen snakka dei om liva sine og Cerens fortid før han kom til Toirecíud, og når dei kom fram hadde dei nokre mindre-enn-genuine laughs med Waltmaht før dei reiste tilbake igjen. Mens dei var vekke snakka Nadir og Dharr saman om Dharrs mareritt, Davor og Nadir snakka om Nadirs interesse i Ceren og Blaecbrand og generelt om giftermål og slik og Dharr og Rod øvde kampteknikken sin.
Blacbrand foreslo at partyet burde sove ute den natten, sidan både Dharr og Nadir var ekstremt ukomfortable inni hulene. Når folk då gjekk ut for å legge seg til å sove drog Davor Ceren til sida og spurte han om han var interessert i Nadir. Det som fulgte var kanskje den beste samtalen me nokon sinne kjem til å ha i denne campaignen, og eg kan umulig gjenngi den her. Men basicly så snakka dei om kjærleik og giftermål.
Dagen etterpå var målet Isengrims hvelv, så Blaecbrand ga kartet til Rod, partyets guide i alle villmarker, og han og Khadim satte seg ned for å finne ein god rute. Dei jobba saman og fant ein rute som kunne ta dei til målet sit til ein dag, i staden for at dei måtte reise til gruvene først og så reise vidare. På vegen tok Rod kartet og leia partyet gjennom huler, over fjell og inn i daler. Dharr fekk lov å fly med Geronimo, slik dei skulle få bonde litt etter kampen ved kapellet, og dei såg nokre store fotsteg dei forstod måtte være frå ein kjempe. Nadir og Ceren gjekk saman bakerst (med Gråtass), og hadde ein veldig sweet samtale. Ceren fortalte ho om at han måtte flykte frå heimlandet sitt, og at han ikkje visste kva som skjedde med foreldrene hans etter han måtte flykte. Nadir blei veldig rørt av dette og ga han ein klem, og så haldt dei hender for å støtte kvarandre gjennom hulene. Blaecbrand foreslo at ho kunne hjelpe Ceren med generell flørting om han ville ha hjelp.
Mot slutten av dagen, når solen var begyndt å gå ned over dei snødekte Høgtoppene, kom dei fram til ein stor åpning i fjellet. Når dei gjekk gjennom denne såg dei eit stort rom med seks automatoner på pillarer, to dører i enden og ein stor fulguritt i mitten. Automatonene hadde juveler i augo sine og gullmasker og langs forarmene sine hadde dei fulguritt-krystaller.
Partyet nytta Davor evne til å sjå magi til å sjå at det var kraftfelt rundt automatonene, og at det gjekk linjer med magi frå dei til dørene og fulguritten. Partyet prøvde å finne ut av korleis fulguritten fungerte, men gjekk raskt vidare til å jobbe med å få åpna dørene. Ceren prøvde å komme fram til ein komplisert løysing, men Dharr foreslo at han berre kunne flytte vekk jorden under dørene slik dei kunne kravle under.
Dei kom vidare inn til eit rom med tre dører med nokre tal over, og ein stor automaton med ein fulguritt-hammar. Kva dør dei skulle gå inn var ikkje umiddelbart openbart, så dei prøvde den andre døren i hovudrommet. I det dei gjekk ned blei Dharr skutt av ein ballista-bolt frå ein animert ballista. Etterpå fulgte ein kort kamp mot ein animert ballista og to relativt svake automatoner. Bak den døren fant partyet det dei forstod måtte ha vert gamle brakker, samt ein verkstad, eit fengsel, eit torturkammer og eit lagerrom. I lageret fant Rod eit alvisk øksehode.
Etter det gjekk partyet tilbake til rommet med den store automatonen, der dei løste puzzlet og gjekk gjennom rett dør. Inni det neste rommet var det tre korridorer, to av dei som gjekk ned trapper og ein av dei leda inn i eit rom med sjukt mykje gull. Davor såg at det var illusjonsmagi på gullet, og når han spurte drageguden fant han ut av at kun dårlege ting kunne kom av å gå inn dit. I rommet var det også tre kister, og Ceren gjekk bort for å utforske dei. Når han tok på låsen kom det tentakler og pseudopoder ut av hol i kista, og den åpna seg til ein stor, nasty munn med illeluktande syrleg spytt. Dei andre kistene våkna også opp, og så begyndte ein kamp.
Etter ein kort kamp, der Dharrs legg og Rods forarm blei chomped av mimics, bestemte partyet seg for å gå ned den eine trappen. Der fant dei eit stort rom, med firkanter av fulguritter lagt i golvet. I desse firkantene var det forskjellege magiske energier. På golvet stod det ein gåte, og partyet forstod at dei måtte løyse den for å finne ut av kva for nokre firkanter dei skulle gå over. På den andre sida av rommet såg dei ein rustning som holdt ein flammestav.
Etter litt tid tenkte dei at dei hadde ein løsning, og Davor gjekk over utan å aktivere nokre feller. Når han kom bort på den andre sida våkna rustninga til live og gratulerte partyet for å ha løyst gåten, men at Davor ikkje kunne få staven sidan han ikkje var ein wizard eller ein sorcerer. Han spurte om nokon i partyet var wizards eller sorcerers og Blaecbrand stakk opp handa si. Rustningen, som introduserte seg som the Guardian, sa at ho kunne komme fram. Han fortalte at han var ein fire elemental bundet til rustningen, og at hans charge var å gi staven vidare til ein som forten det. Staven er kaldt Isengrim's Wrath, og var Isengrims eigen stav. Måten han skulle teste det ut på var ved å utfordre ein challenger til magi-duell.
Blaecbrand, som han referte til som Paleflame, sa seg einig i duellen, og så lagde han eit magisk skjold til dei begge to. Og så begyndte kampen. Guardianen casta ein fireball på Blaecbrand, som ho greidde å dukke unna men den brendte vekk litt av skjoldet. Ho svarte sjølv med ein fireball, og greidde nesten å brenne vekk Guardianens skjold med ein spell. Han var imponert over dette, og commenda hennar evner, før han casta lyn på ho. Igjen greidde ho å dukke, og ho tenkte at ho skulle ende kampen med ein siste fireball.
Så brukte Guardianen counterspell, og forklarte Blaecbrand at ho ikkje berre kunne relie på brute force. Ho måtte også nytte meir kreative evner. Så casta han opp ein Wall of Ice for å vise at han med battlefield-kontroll kunne styre kampen. Blaecbrand visste ikkje kva ho skulle gjere, Guardianen kunne stoppe all magien hennar og ødelegge skjoldet med lynene hans. Så ropte Ceren ut: "Usynlighet!"
Blaecbrand hørte på han, gjorde seg usynleg og tok eit steg til siden. Guardianen sa han var imponert, og at han håpte ho hadde flytta seg. Heldigvis hadde ho det. No fekk ho sjansen hennar, ho hoppa fram, sprang ved siden av han og gjorde klar hennar chromatic orb.
Så bomma ho.
Rustningen hans stoppa orben, og han prøvde å lære ho ein lekse. Mot tungt armerte fiender bruker man burning hands. Han casta ein lightning bolt til, som Blaecbrand så vitt greidde å unngå. Men så var det hennar tur igjen, og ho brendte vekk skjoldet hans med hennar burning hands. Han var stolt av at ho hadde lært frå kampen og han ga ho Isengrim's Wrath. Etter dette la han seg til å sove igjen, og sa at partyet kunne stille han spørsmål om dei ville.
Etter dette bestemte partyet seg for å ta ein short rest, der Blaecbrand lærte korleis ho skulle nytte Isengrim's Wrath.
Etter resten gjekk partyet ned i det siste rommet, der dei såg tre fulguritter med eit lite bord mellom seg. På bordet stod det den følgjande teksten:
Use the gift of your blood, charge the fulgurite to find what you seek
Og så stod det tekst forann kvar fulguritt:
Iron and gold runs through the deep
The spoils of war from a thousand nations
A pearl hidden in the roots of the ancients
Blaecbrand forstod at "gift of your blood" mest sannsynleg refererte til magi, så ho gjekk bort til fulguritten som leia til the ancients og sendte magien sin inn i den. Så åpna den seg. Eit hol i verkeligheten. Når partyet gjekk gjennom denne kom dei til the Feywild, eit land med massive trær og monstrøse dyr. Over dei kunne dei sjå eit spesielt gigantisk og gammalt tre, og i røttene under den kunne dei sjå ein perle.
Nadir var amazed over plassen dei hadde endt opp, og partyet gjekk fram for å sjå kva perlen var for noko. Så våkna treet opp. Partyet hørte ein stemme klange gjennom skogen. Dei snakka litt med treet om Isengrims skjebne og kva dei ville med perlen, og så ga treet dei perlen. Den virka som ein ganske kind gammal soul, som ikkje var rasistisk mot genasier.
Så snakka treet med Ceren, og spurte kva ein skogalv gjorde heilt i Isengrims land. Dei snakka saman litt, og etter ein stund kom det fram at Ceren var ein tjener av Altsehash, the Laughing Wolf. Når den fant ut av dette sa treet at dei burde reise tilbake igjen før the hunters kjem. Han skal beskytte fulguritten, men partyet må passe seg for the hunters.
Etter dette reiste partyet tilbake til hvelvet, og så vidare inn i fulguritten som leia til The spoils of war. Dei lot Geronimo være igjen, sidan han tok meir plass i portalen.
Dei endte då opp på ein uendeleg slagmark, med lik og døyande soldater overalt rundt dei. Svart, korrumpert røyk steig opp mot himmelen frå massive likbål. Og så såg partyet bebuarane i denne helvetesaktige marken. Dei såg ein stor gruppe med gnoller nærme seg, med bannere av flådd hud og sadistiske våpen. Leiaren av denne gruppa var ein spesielt stor gnoll med svart pels og rød hud. Denne leiaren ropte ut ein utfordring, og så begyndte gnollene å charge mot partyet.
Rewards Granted
50 XP til Rod, Dharr og Davor for RP-ing i hula
50 XP til Dharr for kreativ puzzle solving
67 XP til alle for å beseire 2 Guard Automatons
117 XP til alle for å beseire ein Animated Ballista
75 XP til alle for å løyse primtallpuzzlet
225 XP til alle for å beseire 3 Mimics
75 XP til alle for å løyse Guardianens puzzle
125 XP til Blaecbrand for å beseire Guardianen

Ceren Charadric
Level 12
Areni Wood Elf
Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
(Criminal)
/ 120 HP

Rodrigo Balboa

Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
15 Nov 2020
Primary Location
Secondary Location
Comments