Tidens Tann
Tidens Tann er ein kollosal obelisk som står på nordsida av Maridens Auge. Den er 300 fot høg og 50 fot nederst. Den blei bygd av det gamle Amrikh-riket for mange tusen år sidan. Me veit ikkje sikkert kor gammal den er, dei tidlegaste beskrivelsene av den har me frå biblioteket i Toirecíud, beskrivelser som er tretti tusen år gamle og det er veldig mogeleg at den er enda eldre enn det. Obelisken har ingen insigniaer, som gjer det usannsynleg at den har blitt brukt for å mange fram magi eller element-krefter. Den mest populære teorien er at det er ein hyllest til ein av dei antikke kongane av Amrikh-folket, men nokre få mistenker at den kanskje kan ha blitt brukt som ein slags magisk lynpole. Den er ihvertfall høgt oppe på listen av ting alkymistene kjem til å utforske i Akshus. I tillegg så unngår akshus-stammene obelisken som pesten, akkurat som dei gjer med alle andre ruiner frå Amrikh-riket.
Comments