BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

The Sun King's Legacy Report

General Summary

Etter å få satt fri Ceren frå Altsehash sine klør reiste Uglene tilbake til leiren. Der møtte Song dei og spurte "What the FUCK have you guys done?". Når dei forklarte det var det ein tårevåt farvell, kor ho sa ha det til Uglene og ga både Ceren og Blaecbrand ein klem, før ho byrja reisen nodover, før ho fekk ordre om å gjere noko dumdristig.
Den natten fekk Ceren besøk av Altsehash, som var djupt forarge og sint på han og ville komme for å sei farvell og sei at han måtte halde seg unna skoger frå no av eller møte hans skjebne. Ceren sa "Fuck you" til han.
Same natt fekk Po besøk av Hesmash i hennar form som regnboge-hauken, og ho ga han ein amulett som ville la han ta livskraft frå Sa'nakt og til slutt drepe han.
Dagen etter byrja reisen til det Kongelege Palasset i den Evige By, og på vegen fekk Po mange minner kor han såg den forferdelege dommedagen som kom over Amrikhene, og kva dei gjorde i Sverdets År, når dei drepte heile befolkinga si på Sa'nakt sin ordre. Po var overvelda og drevet til kvalme av desse openbaringane. Etter ein kamp mot nokre jord-elementals kom Uglene til palasset. Dei fant palasset som ein ruin, med utallige innvendige skader og mange øydelagte constructs og undeads. Raiqwen og Dolk byrja å få minner her, og innsåg at dei hadde angrept den for fem år sidan.
Uglene gjekk gjennom desse historiske kammera, klar til å slåss men utan å finne noko. Der inne fant dei eit sett med lik som var tusenvis av år gamle, og der fekk Po eit nytt minne: han huska å ha vert soldat i Amrikh-rikets siste dager, etter dei hadde drept så mange av folket som dei kunne og dei venta på ordre om å gå i døden sjølv. Han hadde slåss for ein høgtståande Dødsarkitekt, og dei hadde blit kalt til den Evige By for å møte solkongen, som hadde ignorert folket sitt så lenge. Dei venta i eit kammer, og etter nokre timer kom Solvaktane og i ein kort kamp vart Po sitt tidlegare sjølv drept og Dødsarkitekten hans korsfesta.
Meir bevis i tronrommet viste at Sa'nakt drepte leiarskapet for Dødsarkitektene i ein brutal rituell hemn. Dolk og Raiqwen huska her igjen å slåss med søsknene sine mot voktaren i tronrommet, At'en, og Raiqwen huska namnet på to av søsknene sine: tvillingane Heskan og Hajax. Raiqwen huska og ein samtale med Aarjahn, som viste at hen hadde vert hovmodig og rask i sin bedømmelse av situasjonen, og undervurdert trusselen av Sa'nakt. Det var med andre ord Raiqwen sin feil at søsknene hens var døde.
Raiqwen fekk høyre det frå Uglane, og når Gabriel hadde alt han trengte av kunnskap frå tronrommet reiste dei ut av byen og gjorde seg klar til å reise til dei Dødes By.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
19 Oct 2022

Comments

Please Login in order to comment!