BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

The Road to War Report

General Summary

Uglene var komt tilbake til Ælmesleóht, og Dolk spilte ingen tid med å få Aarjahn og fader Gabriel til sølvkatedralen for behandling. Når dei var der brukte Uglene mest tid på å undersøke fader Gabriel, og det verka som om han hadde elda noko alvorleg, samtidig som alle helseproblema hans vart ekstremt forværra. Davor, Dolk og Po konkluderte med at han ikkje var døyande, men at han var blitt gammal, og Davor brukte legen som legemiddel og skjønte at Gabriel største problem var hans rysta tru.
Gabriel ba Uglene om å drepe han for hans forbrytelser, men Po og Dolk fortalte han at sjølv om han hadde blitt lurt av ein gud så hadde han gjort gode ting og beskytta uskyldige, og Po tilga han for hans "forræderi". Gabriel ba Davor be for han, og Davors ord ga tilbake tru og styrke til Gabriel. Gabriel bestemte seg for å ta eit par dager i Ælmesleóht før han reiser til Azerskogen, til garden hans, men før det sa han at skulle sende sine dissipler nordover til Toirecíud, kro dei vil bistå Uglene i kampen mot kulten.
Etter dette snudde Uglene sitt fokus mot Aarjahn, som hadde fått bandasjert sine verste kutt og skader frå kampen. Aarjahn fortalde at hen ikkje var særleg hardt fysisk skade, og etter ein eksaminasjon av Spritze forklarte hen at hen berre var magisk trøtt, som om hen hadde brukt alle kreftene sine og no var heilt tom. Så hen trengte berre nokre dager, kanskje eit par veker, med pause og ro før hen kom tilbake til sin fulle styrke.
Uglene møttes til middagsbord den kvelden og snakka saman med kvarandre, og vart skikkeleg kjent med Aarjahn, trollmannen, og Hrsikith, engelen i Dolk-Raiqwen sitt sverd. Hrsikith hadde tilgang til all kunnskap som var skrevet ned i imperiet og fortalde Uglene fun facts og spekulasjoner, men når ho såg Mushu kasta ho seg til bakken og var amazed. Når ho blei spurt vidare om dette ville ho ikkje gi meir informasjon og forelso at Uglene burde gå i seng.
Den natta sov Aarjahn på Dolk sitt rom medan Dolk sov hos Ishmael. Raiqwen våkna opp mitt om natten og byrja å kaste opp ein svart ekkel gugge og følte seg forferdeleg, og både Raiqwen og Dolk vart einige om at dei ikkje kunne la dette distrahere dei frå oppdraget deira.
Davor hadde ein drøym kor han såg ein gigantisk sølvdrake fly over himmelen, med åtte skal som var farga i regnbogens farger. Etterpå fortalde Bronseguden han hans neste oppdrag: å være imperieskaper ved å sørge for at githzheraiene vert ein del av eller allierte for imperiet, å være ein fredsmeglar og folkesamlar.
Neste dag brukte Uglene tid på litt forskjellege ting, før dei samla seg til eit møte med Ishmael, Eisenfried, ridder-kaptein Leberecht og søster Anna. På dette møtet fortalde Ishmael korleis situasjonen er akkurat no: Gull-Imperiet, under leiarskapet til Stor-Kommandør Allexander Rosenberg, har erobra det meste av Akshus og står no framfor ein siste triumf i Dain. Den siste slåssinga skjer akkurat no i sør, kor gitzheraiane, leia av anarch Azarad, framleis gjer motstand. Det er berre to stammer som ikkje har annerkjent Ibrahim som konge av Akshus: ihtrakittene og kaleittene. Ihtrakittene er ikkje så relevante til denne diskusjonen, men det er kaleittene sida dei er dei einaste som framleis gjer open motstand i sør.
Kaleittenes hovudstad var erobra for cirka eit halvt år sidan, og sidan då har den meste motstanden deira blitt knust og deira militære makt er generelt fanga i fangeleirer, medan deira sivile befolking er fanga i hovudstaden under oppsyn av dei imperielle styrkane.
Ishmael fortalde Uglene om situasjoen i sør og om dei forskjellege aktørane, då spesielt om Ibrahim ønsker å drepe Dhamari Kale, høvding av kaleittene, for å få hemnen sin, og anarch Azarad som held til eden sin og beskytter Akshus mot framande makter, sjølv om det risikerar å drepe folket hans.
Etter denne samtalen diskuterte Uglane blandt seg sjølve og dei var einige om å prøve å få Ibrahim og Azarad til å sjå fornuft, medan dei vil stoppe den groteske behandlinga av kaleittane som professor Winter gjennomfører.
Til slutt vart dei einige om å reise sørover på ein diskré måte, ved å teleportere til Profetens Veddemål og så ri sørover til Tårnbyen. På vegen håper dei å få ein forståing for korleis krigen påverker normale folk i Akshus, slik dei kan ta dei beste beslutningane for folket.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
04 Nov 2022

Comments

Please Login in order to comment!