The Cold Light Report
General Summary
Uglene våkna opp den nittande Regn, og samla seg sakte men sikkert til frukost. Rod kom flygande tilbake frå ørkenen med eit hyene-lik, Blaecbrand tok eit langt bad for å bli kvitt hangoveren og Ceren og Davor tok seg ein tur til Ørkengriffen sa
man for å hente juvelen dei hadde "fått i belønning" av dødsarkitekten. Samtidig snakka Ceren med Sarab, utan Davor til stede, og fortalte ho at ho burde utforske om biskopen har ein tilknytting til Stormbringarane i Toirecíud, men han får streng beskjed om at ho ikkje kjem til å byrje å jobbe før heile partyet er einige om avtalen.
Ceren forteljer då resten av partyet om planen, og dei er alle einige om at dette er eit fornuftig trekk.
Medan Ceren og Davor er nede i Ørkengriffen snakker Blaecbrand og Rod om gode måter å bli kvitt frustrasjon på, gjerne valdelege måter og.
Når heile partyet samler seg kjem Ishmael og gir dei dagens informasjon. Han fortelje at det var ein knivstikking i havnen om natten, som han mistenker er knytt til situasjonen i elva. Ei ung fiskerdame ved namn Malikah hadde prøvd å drepe ein sceyansk soldat, og ryktet var at diakon Rickard (biskopens høgre hånd) kom til å sende ho til audemarka som straff. I tillegg fortalte han dei om deira beste kontakt i denne situasjonen: fader Daniel, ein kopardrageprest med zero fucks to give.
Etter frukosten gjekk partyet til Theowulf, som fortalte dei om kva han hadde oppdaga om stjerneborna. Han forklarte at dei var organisert i fleire forskjellege sekter, som kvar har sine eigne formål og funksjoner. Så langt har han berre greidd å finne ut av kva to av dei gjer: Djup-sekta og Kniv-sekta. Djup-sekta har fleire utgravinger i Akshus og beveg seg alltid rundt, og det er den som har ansvar for å finne meir krigsmateriell og baser til resten av kyrkja. Dei finner ilitid-artefakter og våpen. Kniv-sekta er modifiserte soldater med psioniske evner og spesialiserte drakter som fungerer som kyrkjas snikmordere, spioner og speidere.
I tillegg har han funnet namnet på fleire sekter, utan at han har oppdaga klart enda kva dei gjer. Desse heiter: stjerne-sekta, jern-sekta, heliks-sekta og den ansiktslause sekt.
Men Theowulf har ein plan for å få meir informasjon, sjølv om det er litt risikabelt. Med informasjonen Uglene ga til han frå Stjerneborn-kapellet dei raida (som Theowulf forklarte var eit krasja illitid-stjerneskip) hadde han klart å dedusere at stjerneborna kom til å angripe Fredsfestivalen i Ælmesleóht den 25. Regn. Under denne festivalen skal ein delegasjon med Fredsriddere få ein audiens med prinsen, og Theowulf er overbevist om at det er her dei kjem til å slå til. Han har då spurt Uglene om hjelp med å ta denne utfordringa, da han frykter at om han eller hans med-heksejegere skulle vise seg den dagen at stjerneborna ville stoppe operasjonen deira, og at han ville miste enda ein sjanse til å få verdiful informasjon. Uglene sa seg einige i å hjelpe, og dei skulle møtast igjen seinare for å diskutere planen nøyare. Spesifikt vil Theowulf at Uglene skal hjelpe med å ta ei av knivene i live, som medlemmene av kniv-sekta heiter.
Theowulf fortalte og at han hadde oppdaga at stjerneborna smuggla våpen og materiell inn i byen og lagra det i eit varehus ved havnen, som han har lyst å slå til etter dei har tatt seg av angrepet på Fredsfestivalen.
Etter dette gjekk partyet til Strandkapellet for å møte fader Daniel. Eit ritual med nokre orkiske sjøfarar gjekk for seg der, og Blaecbrand såg to folk ho kjente igjen: Alexios, ein ork ho hadde banka kvelden før, og Coelwold, ein eldre firener med gode manerer. Dei snakka litt med partyet, og så gjekk dei til orkenes skip da dei skulle til Stillvann og Coelwold skulle sei farvel til dei.
Fader Daniel viste seg verkeleg å være ein karakter. Han var rude, brutalt ærleg og han banna mykje. Men han var og ein sympatisk mann som verkeleg brydde seg om folkets velferd, og han delte partyets hat for biskopen. I tillegg likte han ikkje fader Silvyr, og var ikkje misfornøgd med at han var død. Han spurte om partyet var komt for å hjelpe dei akshusiske seglarane og fiskarane, og partyet sa ja, og han sa at han ville jobbe saman med dei. Så delte han all informasjonen han hadde om problemet.
Etter å ha høyrd på fader Daniel fortelje korleis ting ligg ann, gjekk Uglene saman med han for å snakke med Badr, ein akshuser som den natten og hadde blitt ramt av lyset.
Etter å ha snakka med Badr vart det tydeleg for partyet at kva enn dette var, så hadde det noko med ilitidene å gjere. Det var no Blaecbrand kopla faktaene saman, og ho skjønte at dette kunne ha noko å gjere med artefaktet som vart stjelt frå messingbiblioteket.
Partyet spildte ikkje noko meir tid og hoppa i vatnet, etter at Ceren hadde kommunisert med Altsehash og fått evnen til å svømme bra og puste under vatn. Der såg dei ein vakker ruin av ein by, grodd over med koraler og fult av eit diverst økosystem. Dei såg biofosforent lys frå koraler og fisker, dei såg mystiske blå lys frå mange store bygninger, og i horisonten kunne dei sjå noko sterkt lilla lys. Daniel foreslo at den siste virka som the odd one out, så partyet svømte mot den.
På vegen blei dei angript av ein kjempe-hai, som Davor og Ceren nesten aleine greidde å drepe med mektig magi og nøyaktig bladework.
Til slutt kom partyet fram til det lilla lyset, og dei såg at det kom frå ein stor bygning. Når Ceren og Blaecbrand i tur etter kvarande svømte nærmare oppdaga dei at det var ein base for stjerneborna, som hadde rare sylindriske våpen laga av reflektivt metall og insekt-aktige masker. Dei såg at lysa kom frå kraftfelt som holdt vatn ute, og dei greidde å identifisere ein dør og nokre vindu. Dei såg og at nokre meir modifiserte stjerneborn som nærast "flaug" gjennom vatnet, og åpna døren med å trykke på nokre knapper på bracerne deira. I tårnet øverst på bygningen såg dei ein dame med bracere like dei Tarafa, leiaren for stjerneborna i den forrige leiren, hadde. Ho stod forann mange grafer og mykje rådata og forklarte eit eller anna entusiastisk til ein prosjeksjon av ein mann, som av og til stilte spørsmål. I tårnet såg dei og ein obelisk av mørk og lilla krystall som var lada med energi og som lyste ut med sterkt kvitt lys, og hengt over den såg dei ein massiv maskin, med fire lange tentakler. Maskinen var beskytte av segmentert metall-rustning, som exoskjelettet til eit insekt, og dei skjønte at det kanskje var denne som sendte ut lyset.
Uglene la då ein ganske avansert, men potensielt veldig effektiv, plan. No får me sjå korleis det går.
Rewards Granted
Rewards:
100 XP til alle for å vibe bra med fader Daniel
780 XP til alle for å beseire Razorfin
150 XP til alle for å beskytte baby-kjempesjøhesten
Character(s) interacted with
Sarab
Ruqayya
Theowulf
Fader Daniel
Ishmael
Ruqayya
Theowulf
Fader Daniel
Ishmael

Ceren Charadric
Level 12
Areni Wood Elf
Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
(Criminal)
/ 120 HP

Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
18
DEX
16
16
CON
12
12
INT
12
12
WIS
16
16
CHA
16
16

Rodrigo Balboa

Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
15 Feb 2021
Comments