BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Shadow of the Dragon Report

General Summary

Uglene teleporterte sørover til Profetens Veddemål, kor dei skapte meir enn litt frykt når dei manifesterte plutseleg. Dei greidde raskt å overbevise dei lokale ihtrakittene om at dei ikkje var farlege, og ga over våpnene sine til dei lokale vaktene. Dei forstod raskt at dette var ein heilag by, og at dei måtte respektere dei lokale lovene og gudene. Althaanien Nader Ihtrak inviterte Uglene inn i heimen sin og snakka med dei om Akshus, politikk og historie. Han gjorde det tydeleg at dei fritt kunne bevege seg i byen, og at dei burde utforske den medan dei kunne. Han sa og at ihtrakittene ikkje kom til å overgi seg til imperiet, og at dei var klar til å døy for trua si.
Uglene delte seg opp og vandra rundt i byen.
Davor undersøkte om han kan funne finne noko alkohol å drikke for å feste, men han var skuffa då alkohol var frowned-upon i Profetens Veddemål. Etter ein stund møtte han ein litt sketchy type, som hadde "eld-vatn" og "profetens drikk" å dele. Han fulgte med til eit telt litt utfor byen og drakk der saman med skada veteraner. Etter ein liten stund vart han anngripen av ein ung Ihtrakitt, men hans heilage rustning stoppa kniven og Davor overtalte den unge mannen om å gi opp sin religiøse kamp og få ein utdanning!
Ceren gjekk rundt i byen usynleg og prøve å få eit inntrykk av lokalbefolkinga og kva dei tenker.
Blaecbrand gjekk rundt i byen og såg på diverse underholdninger og prøvde å få eit inntrykk av lokalfebolkinga. Ho reiste og tilbake til tempelet og snakka med Nader Ihtrak.
Dolk og Po gjekk saman til markedsdistriktet for å kjøpe inn "suvenirer", kor dei kjøpte auget til ein magma-drake og kloa til ein glas-drake.
Uglene møttes tilbake i tempelet og diskuterte kva dei hadde hørt i byen: rykte om dei hadde spreidd langt, til og med ned hit. Ihtrakittene var redde for imperiet, men dei var generelt ikkje redde for å bli angripne, dei var heller redde for dei økonomiske sanksjonene kong Ibrahim hadde lovt om dei ikkje overga seg. Ganske mange av dei vurderer å defektere om ikkje dei kan fortsette sine jobber, og heller reise nordover til Ælmesleóht eller Kryssvegen for å finne jobb.
Den natten sov Uglene godt, men Blaecbrand hadde ein interessant draum, kor ho møtte Ibrahim. Han vandra gjennom eit skygge-Toirecíud og sa at kanskje verda hadde vert bedre om han hadde vert ein for stor kujon til å hemne familien sin, eller om han hadde dødd i ein ditch i den første krigen hans, den gode krigen. Blaecbrand gjekk bort til han og introduserte seg. Først trudde han at det var Jeleneth, men så forklarte Blaecbrand at ho var dottero hans. Ibrahim var sjokkert og overraska, men ville gjerne møte ho. Dei vart einige om å møtast dagen etterpå 25 kilometer aust for Profetens Veddemål.
Dagen etterpå reiste Uglene austover på Aksusiske hester gitt av Boar-ordenen og Lotus-ordenen, langs ruten Nader Ihtrak foreslo. Dei reiste snart inn i Aghniit-territorium, som var imperielt territorium. Der kom dei over ein lang strekning med godt brukt landjord, med både individuelle garder og små landsbyer. Aghniitene var generelt små, men staute, og dei var mistenksomme. Når Uglene kom mot dei gjekk dei ofte ut ikledd i for-store breastplates og hadde for lange spyd og diverse jordbruks-værktøy. Nader hadde forklart at Aghniitene var mistenksomme, sidan dei hadde hatt mange negative møter med banditter, opprørere og monstre.
Uglene møtte etterkvart på ein landsby kor ein kaleitt var holdt fanga. Aghniitene hadde tenkt seg å gi han over til patruljenesom snart kom forbi og sende han tl leirene i sør. Uglene overtalte dei til å gi han over, og Dolk sendte han nordover til Apostel til ein Lotus-orden. Han hadde originalt tenkt seg å bli med i Stjernebornas Kyrkje, men han hadde høyrd at dei hadde blit beseire. Uglene forklarte at Stjerneborna ikkje var gode, og overtalte han om å heller flykte vekk frå leiren etter beste evne.
Etter dette reid Uglene vidare austover. Etter ein stund møtte dei ein ung aghniit-jente som sprang til dei, og sa at nabo-garden til gamle Amal var under anngrep! Uglene måtte komme seg bort og hjelpe.
Uglene rei raskt austover, og der såg dei at garden var under anngrep av fleire vass-elementals. Det såg ut som dei prøvde å slå seg inn i garden og få tak i folka derinne, og Uglene kunne sjå fleire ku-skjelett langs elva. Uglene brukte magien sin, geværene sine og sverdene sine til å beseire dei fleste vass-elementalsne. Då kom det ein gigantisk sjøslange opp av vatnet og pusta ut kulde på Uglene. Po og Davor sine hester døde, men Uglene slåss vidare!
Under kampen kom det akshusiske krigere, ibrahimitter, og hjalp til i kampen ved å slåss mot vass-elementals og distrahere dei. Mot slutten av kampen kom det og ein gigantisk drake flygande over elva: Nysqwen, ørkenens død. På ryggen hennar var Ibrahim al-Iliesar Tanin, drakekongen, Kepesk, kongen av Akshus. Ceren fekk inn det siste skuddet på Sjøslangen, eit headshot som gjekk inn i dens eine auge og ut av det andre.
Slik beskytta Uglene gamle Amal og hennar gard.
Ibrahim gjekk i drake-rytter klede og hadde eit nesten demonisk utsjånad med horn, store gule vinger, klør og ein lang hale. Han hadde to magiske scimitars: Quickfire og Goldstorm og gjekk med ein krone laga av sverd-egger som var smidd saman, med openbar plass til ein til.
Soldatene og bøndene gjekk ned på eit kne for kongen deira, som takka soldatene for sin gode innsats og ga Amal nok gull til å kjøpe nye kuer. Blaecbrand og Dolk hjalp Amal med å få opp sjøslangen, slik dei kunne få kjøttet. Når dei var ferdige kremta Ibrahim og ville snakke med Blaecbrand.
Dei to gjekk inn i ein liten bod og satt seg ned overfor kvarandre. Dei fekk snakka saman, og Blaecbrand forklarte når ho hadde blitt født, at ho hadde fått drake-krefter og at ho hadde vert på eventyr i Akshus med Uglene. Ho hadde møtt både Ishmael og Asher og såg på dei som brødrene sine, eit faktum som gjorde Ibrahim glad, og han sa at han var stolt av sønnene sine. Blaecbrand sa at han burde sei det til dei, og Ibrahim var einig.
Blaeacbrand sa at ho hadde komt sørpå for eit spesifikt formål, og ho ga Ibrahim brevet frå Jeleneth. I brevet stod det at Toirecíud igjen var under anngrep av kulten, og at Jeleneth trengte Ibraim sin hjelp med å beseire den. Og at ho gjerne ville møte han og bli kjent igjen etter alle åra frå kvarandre, om det var mogeleg. Ibrahim sa at han sjølvsagt ville komme nordpå igjen for å hjelpe Blaecbrand sin mor, og at han ville komme nordover med all sin makt, men først måtte han vinne krigen. Han forsikra Blaecbrand om at han snarte ville være ferdig, sidan krigen snart var over.
Det var openbart at han ikkje heilt visste korleis hans kulle forholde seg til Blaecbrand, men at han openbart var veldig glad over å møte ho. Når dei to var ferdige å snakke saman reiste Ibrahim seg opp for å riste handa til Blaecbrand, men ho ga han ein klem i staden. Han klemte ho tilbake, og Blaecbrand kunne føle at han grein litt, men at tårene fordampa på kinent hans.
Etter dette introduserte Ibrahim seg sjølv til Uglene og takka dei for deira innsats for Akshus. Ibrahim sa at dei alle kunne addressere han som Ibrahim, sidan venner av sonen hans var venner av han. Han var imponert over Davor sin hellighet og sa at ein helgen som han alltid ville være velkommen ved hoffet hans og at hans råd var velkommen. Når han møtte Ceren forklarte Blaecbrand at han var kjæresten hennar. Ibrahim var openbart amused av det har og sa til Ceren at han verka som ein flink og effektiv type, sidan han såg Ceren drepe sjøslangen. Slike skill var gode å ha, og Ceren minte om Ibrahim som ung. Dolk hadde eit meir passiv-aggresivt møte med Ibrahim, som putta Ibrahim off.
Uglene vart einige om å ta lunsj med Ibrahim, så dei byrja å reise litt vekk frå garden for å få plass for seg sjølv. Nysqwen såg ut over Uglene med eit passivt ansikt.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
12 Nov 2022

Comments

Please Login in order to comment!