BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Quite The Storm Report

General Summary

Partyet reiste ombord på skipet Mistwalker frå Firen-lic til Toirecíud. Blaecbrand blei kjent med Ceren og Rod, medan Dharr mediterte i kahytten sin. Partyet blei også kjent med Asklepiades, ein prest av drageguden som reiste med nokre munker, Hugi, ein handelsperson, og Swetnyd, kapteinen av Mistwalker.   Blaecbrand mistenkte Hugi for å ha gjort eit eller anna, og Ceren fant bevis på dette i form av brev i Hugi sin kahytt. Breva var frå ein "Maskert Sponsor" som instruerte Hugi til å stjele eit sverd frå ein grav på Firen-lic.   I løpet av natten blei skipet angrepet av ein gruppe på sju sahuaginere. Dei overumpla nok re av vaktene med overaskelse på sin side, men partyet jobba saman med vaktene og Asklepiades og greidde å drepe dei fleste av dei. Sahuaginene var leia av ein spesielt stor sahuagin som slåss med eit magisk sverd og skjold og som gjekk med ein rustning laga av koraler og konkylier. Sahuaginerne angreip først og fremst orkene på skipet, og kasta dei overbord der dei forsvant under havet. Etter dei hadde kasta alle orkene bortsett frå Asklepiades på havet tok leiaren opp eit horn og blåste i det. Blått lys blenda alle saman, og plutseleg kom det gigantiske tentakler opp frå havet som knuste skipet.   Partyet blei kasta ut på havet og måtte bruke resten av natten på å overleve. Dei kunne sjå sillhuetten av eit gigantisk sjømonster under bølgene, før dei blei kasta til vinden.   Neste morgen blei Blaecbrand vekt opp av Hugi, som gav ho hjarte-lungeredning og hjalp ho med å kome seg på beina. Blaecbrand og Hugi greidde å redde resten av partyet og Asklepiades inn til stranda. Når dei såg seg rundt oppdaga partyet at dei var stranda på ein mystisk øy. Dei kunne sjå eit tårn i horisonten, vraket av skipet bak seg og ein inngang til eit slags tempel eller bygning i klippen.   Dei gjekk inn i bygningen, medan Asklepiades satte seg ned for å be på stranda og Hugi svømte ut for å leite gjennom skipsvraket etter mat. Der oppdaga dei eit rom med vakker mosaikk langs veggene, og ein brazier i midten av rommet som tente seg sjølv. Dei gjekk vidare inn i bygningen, men ved den første døren var det ein felle. Ein armbrøst skøyt ned på Ceren, som heldigvis greidde å unngå bolten. Dei gjekk opp nokre trapper, og oppdaga eit rom med instrument. Dei gjekk lenger opp og oppdaga eit rom med to dører. Den eine døren var lukke og den andre døren leia opp til ein hage. Over den lukka døren stod det ein gåte. I rommet var det også eit hol i veggen som viste ut til stranda, der ein kran hang. Dette holet kunne ein ikkje sjå frå stranda. Det var også seks store bokser i hjørnet av rommet. På tre av boksene var det eit symbol som såg ut som ein flaske, på to av dei var det ein gul sirkel og på den siste var det ein pil. I boksene med flaske på var det store mengder sprit, whiskey og rom. I boksene med gule sirkler var det i alt seksten potions, som var fint pakka inn i sagflis og høy. I boksen med pilen på var det ti dvergiske light crossbows med hundre dvergiske bolts.   Ceren sa "a good time" og døren inn til rommet åpna opp. Der fant partyet ein fancy hatt og ein tryllestav, i eit rom med ein komfortabel sofa og eit romantisk view av havet. Det var også ein statue i denne leiligheten av to menn som omfavna kvarandre. Rod bestemte seg for å anngripe statuen, men statuen angreip tilbake! Partyet måtte slåss mot statuen og greidde å beseire den.   Partyet hørte Hugi rope om hjelp frå skipsvraket, og sprang ned for å hjelpe hen. Hen ropte at det var haier i havet og at hen var fanga!   Og der slutta sessionen.

Rewards Granted

250 xp til alle bortsett frå Dharr -100 for å drepe 5 sahuagins -100 for å fullføre Quite The Storm questen -50 for å drepe ein Stonecursed   150 xp til Dharr -100 for å fullføre Quite The Storm questen -50 for å drepe ein Stonecursed   Potions funnet: 10 Potions of Healing 2 Potions of Greater Healing 2 Potions of Firebreath 2 Potions of Water Breathing 1 Potion of Hill Giant Strength 1 Potion of Slashing Resistance   Equipment funnet: -10 dwarven light crossbows -100 dwarven bolts

Missions/Quests Completed

Quite the Storm: Ferdig   A Most Peculiar Place: begyndt
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
24 Aug 2020

Comments

Please Login in order to comment!