BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Master and Commander Report

General Summary

Uglene annkom Tårnbyen og brukte litt tid på å utforske den. Dei oppdaga at byen var delt mellom imperiets soldater i sør og ein stor gruppe kaleittiske sivile i karantene i nord. Det hadde vert eit anngrep i byen dagen før, som hadde drept mange sceyanere og ført til kamper i gatene, så det har høg spenning i byen den dagen.
Uglene delte seg opp i to grupper: Davor, Dolk og Po gjekk og hjalp til med å grave ut Sceyanere frå ruinene av leiren deira, medan Ceren og Blaecbrand gjekk for å møte Ibrahim. Ibrahim var glad for å ha Blaecbrand i byen, og han sa at han støtta ho i å prøve å sikkre fred på hennar måte. Etter samtalen deira tok Ibrahim Blaecbrand ut og viste ho fram for hoffet hans, og sa at ho snakka med hans autoritet og hans makt som prinsesse av Akshus.
På kvelden var Uglene med på krigsmøtet til Stor-Kommandør Allexander, som aksepterte Uglene sitt forslag om å prøve å innleie kommunikasjon med githzheraiene. Han sa at dei hadde sju dager på seg, då ville imperiet gå til anngrep.
Uglene spilte ikkje noko tid men valgte å reise sørover så raskt som mogeleg. Po hadde fått satt opp eit møte med anarchen, så Elirdain og Madul venta på dei i gith-fjella. Etter ein dags reise kom Uglene fram til den sørlege kysten, og dei kunne sjå Citadellet ikkje lang unna, med dens gigantiske chrome tårn og vegger. Inni der møtte dei anarch Azarad, ein gammal githzherai som hadde beskytta Akshus i hundre år. Han leviterte i eit felt av rein limbo-energi, og han høyrde på Po sin beretning om kampen mot den første fiende og stjerneborna.
I løpet av samtalen viste Po limomaterien han hadde tatt etter kampen, og anarchen vart veldig glad når han såg batteriet. Han tok det og absorberte energien inn i citadellet, som plutseleg vart levande med energi. Anarchen verka då som om han ville ta citadellet nordover og angripe imperiet. Uglene snakka med han og greidde å overtale han om å ikkje gå inn i krigen, men han var komt for langt og han kunne ikkje bryte sine eder. I staden for ville han gi opp, og sei far vel. La nokon andre ta posten.
Han endra formen til Citadellet til ein gigantisk flygande krigsmaskin, og flaug til Maridbukta. Han sa til Madul at ho no skulle være anarchen, og at ho kom til å gjere ein god jobb. Han gjekk ut på øya under dei og merka hav-vinden og saltvatnet rundt seg. Utan citadellets kraft kollapsa han til bakken, men Po løfta han opp og hjalp han bort slik han kunne sjå ut over havet. Han sa far vel til Akshus og håpte at han hadde gjort ein god nok jobb, for han hadde gjort sitt beste. Po sa at han hadde vert ein ære for Akshus. Så sa Azarad at han snart kom til å sjå Alhaya igjen.
Når Azarad snakka om Alhaya så ga Dolk han halberden hens, som originalt hadde vert Alhaya sin. Anarchen døde i det våte graset med hendene sine rundt hans elskedes våpen.
Når det var over lagde Madul ein kiste adamantium, som skulle fungere som eit monument til ein av githzheraiene og Akshus sine store helter.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
11 Dec 2022

Comments

Please Login in order to comment!