Løvetårnet
Løvetårnet er ein del av eit antikt forsvarssystem bygd av det Høgalviske Imperiuem når det var på sitt største. Me veit ikkje kor gammalt det er, men me har ein anelse om kva som er i det. Dei fleste slike løvetårn har automatiserte forsvarsverk i seg, i form av magiske automatoner og mektige magiske effekter. Dei blei gjerne plassert ut for å beskytte grensene til det Høgalviske Imperiet mot store trussler. Det er derfor ganske interesant at dette løvetårnet er vendt mot Glasørkenen. Kanskje det er noko sannhet til dei akshusiske legendene om djevler i glasørkenen? Men dette løvetårnet har for nyleg gått gjennom ein katastrofe, som gjer at magisk energi lekker ut frå tårnet. Dette har skapt ein perpetuell magisk storm rundt øya som kan øydelegge skip som blir faga i den på nokre minutt. Før turte ein ikkje gå på sjølve øya, men no er vatnet rundt og ekstremt farleg og alle unngår det. Nøyaktig kva som har skjedd på tårnet veit me ikkje, men det kan ikkje være noko bra.
Comments