BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Høgtoppenes Mørke Hemmeligheit Report

General Summary

Etter partyet fekk lukka igjen krukka forsvant treet over dei. Dei diskuterte kva dei skulle gjere med krukka, Rod argumenterte for at dei kunne bære den med seg, men dei bestemte seg til slutt for at Dharr skulle bruke magien sin til å begrave tempelet og kanskje komme tilbake igjen seinare og deale med det om nødvendig. Dei oppdaga at ei kvinne og ein liten gutt var begravd i sjølve treet, og Davor kremerte dei på skikkeleg auratheansk vis.   Dei overnatta i nærleiken av galgetreet, Ceren saman med Dharr, Davor saman med Yadira, Nadir saman med Blaecbrand, og Rod og Geronimo ute i ørkenen. Nadir og Blaecbrand snakka saman og vart bedre kjent. I løpet av natten såg Ceren nokre gigantiske gribber, som Oma sitt lik, men det virka som dei lukta han og flaug vekk før noko meir skjedde.   Dagen etter dette reiste partyet vestover til stammen, der dei leverte Yadira. Amir sa at stammen ikkje hadde nokon måte å betale dei på, men om dei besøker Fiskemark ein gong så vil dei bli gjestfritt tatt imot. Idlib anbefalte dei å begynne reisen til Forcu-man, og så brukte dei resten av dagen på å reise dit. Etter nokre timers gåtur såg dei handelsposten i horisonten. Sjølve handelsposten såg ut til å være ein gammal landsby alvane hadde reappropriate-a til sine eigne formål, og som no fungerte som ein leir for den alviske garnisonen. Langs kanten av landsbyen var det fleire tårn med ballistaer på. Rundt ein halv mile bak denne landsbyen kunne partyet sjå dusinvis av brakker innhegna bak eit stort gjerde.   Det var då Blaecbrand bestemte seg for å dele litt informasjon med partyet, om ein jobb dei hadde fått i tillegg til å cleare ut gruvene. Jeleneth vil nemleg også betale dei for å sjå korleis arbeidarane i gruvene blir behandla, og få tak i bevis på umenneskeleg behandling om det finner sted. Partyet sa seg einig i denne misjonen, etter Nadir hadde forklart dei kva ein whistleblower er.   Når partyet gjekk mot landsbyen blei dei først møtt av hostility frå vaktene, men snart møtte dei kaptein Waltmaht Amakir, som ga streng beskjed til soldatene sine om at desse hadde lov til å være i landsbyen. Han fortalte at han hadde fått brev frå Jeleneth Edrys og hadde forventa partyets ankomst. Han fortalte dei om situasjonen i gruva dei skulle utforske, og ga dei fleire jobb-mogelegheiter om partyet var interesserte. Spesifikt så ville han ha hjelp med å drepe ein frostkjempe som hadde angrept alviske konvoier og å stjele egg frå nokre basilisker oppe i fjella, som han kunne selge vidare for ein god profit i Toirecíud.   Han ga dei også eit oppdrag til, som var strengt off the record. Den alviske garnisonen har lenge hatt problemer med banditter i fjella, men for nyleg har dei blitt farlegare og meir organiserte. Waltmaht er overbevist om at dette er på grunn av at bandittene har fått nytt leiarskap, ein mann som har fått kallenamnet Fjelloksen. Han er ein stor mann som slåss med skjold, hammer og magiske krefter, og som går med ein stor hjelm med to oksehorn på. For at partyet anten drep han eller forteller Waltmaht kor han held til vil Waltmaht fortelle partyet kor dei kan finne eit gammalt magisk laboratorium og hvelv, som skal være fylt med skatter og magiske artefakter.   Han forklare at neste konvoi opp til fjella gjekk om morningen dagen etter, og at dei skulle få brakker å sove i og varme klede til fjellreisen. Resten av dagen gjekk til chilling og innkjøp. Davor fant seg ein gruppe unge alviske soldater som spelte Gnomes and Gargoyles (TM), og brukte dagen på å spele med dei, medan Ceren, Blaecbrand og Nadir dansa saman og koste seg. Rod satt på eit tak med Geronimo og såg rart ned på dansarane.   Om natten fekk både Blaecbrand og Ceren syner.   Akkmos fortalte Blaecbrand at Fjelloksen var under demonisk innflytelse, og at det ikkje var ein demon Akkmos likte. Han anbefalte ho å halde seg vekke frå Fjelloksen, men om ho måtte jakte på han anbefalte Akkmos å drepe han.   Feprinsen møtte Ceren i ein draum, og forklarte han at eit mektig magisk artefakt var gjemt i det magiske hvelvet og at han var villig til å betale særs godt for det om Ceren kunne få tak i det.   Morninga derpå byrja med morgongymnastikk, som heile partyet bortsett frå Rod var med på. Etter denne lille teambuilding exercisen gjekk partyet til konvoien, men ikkje før Ceren og Blaecbrand fekk konspirere litt seg imellom. Dei konkluderte med at dei har lyst til å drepe Fjelloksen, og få informasjon om dette magiske hvelvet. Samtidig snakka Davor og Nadir om For Sur, Davors heimby. Ho virka veldig begeistra over å snakke om fremmede steder, heilt til Davor forklarte at det var under bakken. Straks vart ho meir nervøs og Davor prøvde å roe ho ned, men utan suksess. Blaecbrand fekk med seg dette og bestemte seg for å berolige ho ved å distrahere ho med snakk om Firen-lic, som viste seg å være særs effektivt.   Vegen opp mot fjellet var lang og kald, og partyet blei glad for dei varme kleda dei fekk. Etter eit par timers tur gjekk konvoien oppover tett inntil fjellet på eine sida. Rod og ugla flaug over konvoien og var på utkikk, og dei såg fienden på ein klippe høgt over konvoien. Oppå klippen stod det nesten eit dusin menn og kvinner med spyd, hammarar og økser, som reid på kjempegeiter. Rod ropte ut ein advarsel til partyet, og så hoppa geitekavaleriet inn i aksjon.   Partyet reagerte raskt, og dei greidde å drepe dei fleste av dei før dei kom ned til å være ein trussell. Rod og Geronimo plukka opp den eine geiten, med rytteren på, og kasta dei utfor kanten der dei blei knust umiddelbart. Ceren skøyt og drepte ein av geitene når den kom ned, som lot Dharr grapple rytteren og tvinge han vekk frå ballistaen. Nadir slo ned på ein av geitene og hjalp til med å slå fiendens kaptein bevistlaus. Davor og Blaecbrand greide, saman med hjelp frå ein ballista-bolt og ein av Cerens pile, å drepe ein massiv armert geit som var på veg for å ramme konvoiens største carriage ned i dalen.   Under heile kampen virka det som fienden gjekk etter å øydelegge ballistaen, men partyet greidde å stoppe dei frå å gjere det og greidde å fange leiaren deira. Blaecbrand overtalte kommandanten for konvoien om å la dei ta med seg fangen og få informasjon frå han, sidan dei var på eit eiget oppdrag frå Waltmaht.   Etter nokre timer med reise kom dei fram til sjølve gruve-installasjonen, ein stor trekanta gruvelandsby som var proppa full med smier, brakker og watchtowers med ballistaer. Kommandanten viste partyet til ein tom smie, som dei fekk bruke til å torturere fangen.   Dei gjekk bort dit og la fangen ned. Etter å bestemme seg for korleis dei skulle gå fram begyndte dei å utspørje han. Blaecbrand og Ceren tok seg av det meste utspørjinga, medan Davor smidde litt på generelle ting og Rod venta på ein anledning til å skade han. Nadir, som ikkje heilt hadde magen til å torturere nokon, gjekk ut i leiren for å undersøke korleis arbeidarane har det.   Etter ein stund med utspørjing forklarte fangen at han var med i ein gruppe opprørere som vil ta tilbake landet sitt frå alvene og sette fri folket deira frå slaveriets kjeder. Når partyet forklarte at dei også ville hjelpe folket hans blei han meir positiv til dei, positiv nok til at han trudde på dei når dei sa at Fjelloksen, leiaren hans, anten var ein demon sjølv, var besatt av ein demon eller tilber demoner. I starten nekta han å tru på dei, men jo meir dei snakka med han jo meir meining ga det. Han fortalte at Fjelloksen var ute på ein rekogniseringsmisjon no og at dei kunne rekke å møte dei andre kapteinane om dei var raske.   Partyet sa seg einig i denne planen. Dei ville overtale kapteinene om at Fjelloksen var den eigentlege fienden, og så drepe han. Fangen deira introduserte seg då som Khadim, og han fortalte at dei måtte forlate straks om dei skulle rekke det. Partyet gjennomførte då ein ganske komplisert plan, som involverte at Rod henta eit lik frå slagmarken frå tidlegare partyet kunne lemleste og at Blaecbrand gjorde Khadim usynleg slik han kunne komme seg usett ut av leiren. Dei greidde å overbevise den alviske kommandøren om at dei hadde torturert Khadim til døde og fekk han ut av gruvelandsbyen utan nokon raised eyebrows.   Medan partyet venta på at Rod skulle komme tilbake med liket kom Nadir tilbake frå hennar eigen misjon. Ho beskreiv korleis ein lunsjpause her i grubelandsbyen såg ut, at alle folka hadde eigne nummer og måtte sitte ved bordet og ete kald suppe medan alver stod over dei med armbrøster og trusselen om vald. Sidan ho ikkje hadde noko nummer hadde ho virka mistenkeleg for dei alviske soldatene, som prøvde å apprehende ho. Ho greidde heldigvis å knekke armen til den eine soldaten og flykte vekk. Alt dette skjedde i hennar forkledde form, så ingen kunne kjenne ho igjen.   Etter alt dette begyndte partyet reisen til bandittenes hemmelege hovudkvarter, som viste seg å være i ein hule med ein ørliten inngang. Nadir ville IKKJE gå ned i det lille holet i bakken og ugla var for stor til det, så partyet kom fram til at dei to saman kunne fly inn i nokre av dei større hulene nede i fjellet. Khadim gjekk ned i hula for å få kontakt med dei andre kapteinene, og etter ein stund kom dei tilbake. Det var to andre kapteiner, ein eldre mann som virka som den mest erfarne av dei tre og ein yngre mann som ikkje stolte på Fjelloksen. Partyet forklarte situasjonen for dei, og dei sa seg einig i å slåss mot Fjelloksen såfremt partyet var ærlege i sine intensjoner om å hjelpe dei.   Partyet blei med ned i hulen, som endte i eit stort lager der mykje loot frå dei alviske konvoiene kunne bli identifisert. Det var våpen, mat, rustninger og eksplosiver der.   Partyet kom fram til at kapteinene skulle rope ut til sine menn at Fjelloksen var ein fiende, så skulle Blaecbrand bruke magien sin for å halde Fjelloksen fast medan partyet skaut alt dei har på han. Dei venta nokre timer i dei hulene, og til slutt kom han ned. Han var ein stor mann, ihvertfall to meter høg og nesten like brei, bygd opp av rein muskel og massive knokler. Han gjekk med kvite, grå og mørke rags utpå ein svart og kald plate-rustning. På ryggen hadde han eit skjold og ein hammer, og på hodet gjekk han med ein brutal hjelm med to store oksehorn på. Han tok av seg hjelmen og viste eit ikkje uvennlig fjes, med kvit hud, klare blå auge og breie ansiktstrekk. Han skulle til å sei ein helsing til soldatene sine, når han såg Blaecbrand gjere klar magien hennar. Han peikte opp og spurte "Kven er det?", men så blei han fanga i eit knusandre grep.   Han ser seg rundt og overraskelse i sjokk i det partyet kjem fram for å drepe han.

Rewards Granted

25 XP til Davor for god RP   75 XP til Blaecbrand for god RP   100 XP til alle for å fange Khadim levande   265 XP til alle for combat mot 2 TRIBAL WARRIORS, 1 TRIBAL CAPTAIN, 1 TRIBAL BERSERKER, 4 GIANT GOATS og 1 BIG ASS GOAT
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
08 Nov 2020
Primary Location
Secondary Location

Comments

Please Login in order to comment!