Fields of Slaughter Report
General Summary
Partyet var endt opp i Slaktfeltene i Abyss, der ein stor gruppe gnoller var på veg mot dei. Kampen var lang og brutal, og til slutt måtte partyet ta retrett når dei blei overumpla av ein skvadron med kjempehyene kavalri. Men før det var det mange heroice:
Rod sprang fram til kamp, klar til å knuse gnolleskaller og få noko blod på Crownmaker. Han drepte fleire gnoller, og måtte til slutt stoppe seg frå one-v-one ein kjempehyene. Kanskje det beste han gjorde var å ta hornet leiaren for gnollene hadde blåst i, og blåse eit "alt går fint"-signal.
Dharr stod ved Rods side på frontlinjen og brukte sitt signatur-move, trip attack, til å brutalt drepe fleire gnoller før han slo retrett når kavalriet kom.
Ceren hoppte bak ein haug med lik og skaut piler på fleire gnoller og kjempehyener, som gjorde dei svake nok til at andre kunne bli kvitt dei. I tillegg redda han Davors liv, som var ganske kult gjort.
Blaecbrand nytta den nye magien frå staven til å sende ut ei flammekule mot den første gruppa med gnoller, som nesten halverte antallet deira med ein gong i ein eksplosjon av flammer, lik og død. Etter dette skaut ho flammer på alt ho trudde ho kunne drepe og ho trakk seg tilbake til fulguritten, slik ho kunne åpne den når partyet skulle flykte.
Davor sprang fram til Rod og Dharr og nytta sin heilage magiske magi til å brenne vekk gnollene med heilage crusader-flammer, men han tok ekstremt mykje skade og mista nesten auget sitt til ein gnolle-pil.
Nadir sprang fram og distraherte hyenane slik Ceren kunne komme seg vekk i live. Når ho greidde å halde dei vekke i nokre sekund sprang ho bak og skaut ut vind mot den fremste hyena, som kasta ned rytteren dens.
Blaecbrand opna portalen og partyet flykta tilbake. Dei bestemte seg for å ta ein god natts søvn og fortsette utforskinga av hvelvet dagen etterpå.
I løpet av natten var det nokre spennande samtaler mellom Nadir, Blaecbrand og Ceren, og Ceren, Blaecbrand og Davor hadde spennande drøyme.
Morningen etter hadde Blaecbrand og Ceren ein konspiratorisk samtale, medan Nadir, Rod og Davor snakka om mogelegheiter for å innrømme at dei hadde drept fader Silvyr. Nadir foreslo at om dei skulle gjere det, så var det lurt å snakke med prins-regenten av Akshus, sidan han var meir chill enn kyrkja og sikkert kunne hjelpe dei.
Etter dette gjekk partyet inn til fulguritten i kjernen av hvelvet, og åpna den. Når dei gjorde det aktiverte automatonene seg, og partyet måtte slåss mot dei. Partyet greidde seg ganske bra, men når dei drepte dei to første sendte dei ut ein magisk puls som aktiverte resten. BB sprang ned til Guardianen og ba han komme opp, og han kom opp og deaktiverte forsvarssystemet. Han spurte kvifor dei ikkje nytta dispel magic, og anbefalte at dei burde lære seg den om dei skulle utforske fleire høgalviske hvelv.
Etter dette gjekk partyet gjennom fulguritten, og endte opp i Isengrims laboratorium. Når dei gjekk inn dit blei Ceren og Blaecbrand trua av ein gnom med to rare metalstykker. Han sa dei skulle droppe våpnene sine. Ceren gjorde det, men Blaecbrand was having none of that og prøvde å Hold Person-e han. Så skaut han Ceren, som dukke til sida og motstod det meste av skaden.
Det blei ein rask kamp der gnomen begyndte å blaste, men Blaecbrand overtalte han til å legge frå seg revolverne hans, og det kom ein tense ceasefire. Broren til gnomen kom ut, og dei introduserte seg som Benjamin og Walter Denhart.
Det viste seg at dei var der for å forske på Isengrims fulguritter, men dei sa ikkje kor dei kom frå, korleis dei kom dit, kven som sendte dei eller kvifor dei egentleg var der. Walter var veldig entusiastisk om å dele kunnskap, men Benjamin holdt han tilbake fra å dele noko alt for viktig.
Partyet gjekk inn til sfinksen som vokta det siste hvelvet, og ho sa at dei måtte svare på tre gåter for å komme vidare. Partyet tok ein liten pust i bakken og snakka om gåtene, før dei gjekk inn til sifinksen igjen. Dei svarte rett på alle gåtene, og fekk så vite at berre ein av dei kunne gå inn i hvelvet og at den eine måtte få kunnskap om framtida, ond kunnskap om framtida, for å få lov til å komme inn.
Ceren, som hadde fått partyet med opp i hvelvet, tok på seg denne byrden og sfinksen viste han noko han ikkje delte med partyet. Etter dette gjekk han inn i hvelvet, der han såg det var ein kortstokk, ein bok og ein amulett. I taket var det ein stor robotisk drage. Han gjekk og såg på amuletten og tok den, så vurderte han å ta kortstokken. Så tok han den. Dragen datt ned frå taket og gjekk til å angripe han, men Ceren forsvant inn og ut av Feywild og sprang mot partyet. Bak han kom det ein sint drage-automaton, med lyn i kjeften og død i blikket.
Partyet begyndte då å flykte, og Ceren bestemte seg for å trekke to kort. Det første ga han meir dexterity og gjorde han enda meir stealthy. Det andre sugde inn sjela hans, og kroppen hans kollapse på bakken av labben. Rod såg dette og sprang etter kortene. Han trakk også to kort og følte styrken hans vokse og vreden hans brenne med enda meir hat. Det andre kortet hans gjorde han mindre mektig, og han mista hammeren sin. Blaecbrand såg kva som skjedde, og ho og Nadir begyndte å springe til fulguritten som ville lede dei til Feywild, slik dei kunne gjere ein deal med Cerens patron. Geronimo begyndte å slåss mot dragen med støtte frå Davor, og Dharr tok Cerens kropp vekk frå kampen. Ugla flaug inn i laboratoriet med dragen og droppa den, som skada den ein del. Så begyndte den å grave seg nedover i bakken, antakeligvis mot Blaecbrand med korta.
Blaecbrand og Nadir kom seg inn i Feywild der Altsehash, the Laughing Wolf, venta på dei. Blaecbrand gjorde ein deal med han, der ho ga han kortene mot at han skulle hjelpe dei med å redde Ceren og han teleporterte partyet til Feywild mot at Blaecbrand skulle hente noko til han.
No er partyet då i Feywild, der dei skal få hjelpen av ein fey prince til å redde vennen deira, Ceren.
Det er kind of heroisk.
Rewards Granted
542 XP til alle for å drepe 19,5 Gnolls, 1 Fang of Yeenoghu og 1 Giant Hyena
959 XP til alle for å drepe 2,5 Fulgurite Automatons
150 XP til alle for å løyse sfinksens gåter
600 XP til alle for å ha bloodied 1 Fulgurite Draconic Automaton

Ceren Charadric
Level 12
Areni Wood Elf
Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
(Criminal)
/ 120 HP

Rodrigo Balboa

Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
21 Nov 2020
Primary Location
Secondary Location
Comments