BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

El Fuego de la Guerra Report

General Summary

Uglene gjorde seg klar til kamp, da det var uskyldige liv dei kunne redde og kvart sekund telte. Ishmael sprang ned i lugaren sin og skifta til sine ny-lagde eventyrklede: fancy magiske robes og ein avansert og magisk rustning, samt ein magisk ring av eit slag. Uglene la raskt ein plan og delte seg inn i to lag: Davor, Ceren og Rod på Geronimo og Ishmael, Po og Dolk i ilder-form på ein polymorfa Blaecbrand. Dei flaug så raskt som mogeleg til landsbyen og oppdaga at det tydeligvis var ein halfling-landsby under angrep av ein stjerneborn-patrulje. Stjerneborna hadde tatt fleire halflings til fange.
Uglene gjekk raskt og brutalt til angrep, og greidde å redde alle halflingsne, dyra deira og drepe stjerneborna. Davor brukte sin mektige heilage magi til å løfte vatnet ut av elvene i området og stoppe flammene som spreidde seg i landsbyen, samtidig som ein heilag hammer han manifesterte slo til stjerneborna. Rod sprang inn og brukte all treninga han hadde fått frå Sandor ekstremt effektivt, i det han kløyvde stjerneborn som om dei var vedkubber og reiv ut hjartet til ein snikskytte som hadde våga å skyte på han. Ceren brukte sin alviske magi til å forsvinne in og ut av kampen og unngå all skade, samtidig som kniven hans skar over halser og sank inn i brystkasser. Po flaug rundt og støtta opp om sine allierte med sang og sekkepipe-speling, samt eit brennande sverd. Blaecbrand brukte ein kombinasjon av drakonisk magi og latent telepatisk evne for å desimere stjerneborna og tvinge dei til knærne sine. Dolk hoppa inn i kampen som ein flygande ilder, men kom ut som ein ekte helt, i det hen brukte hellebarden sin til å slå inn i stjerneborna, redda Ishmael frå å bli fanga av stjernebornas leiar og redda fleire av halflingsne med hesten sin, Apostel. Ishmael, sjølv om heile situasjonen var uvant og meir enn litt ekkel for han, briljerte og med å stoppe stjernebornas leiar frå å bruke geværet sitt med ein god Heat Metal, samt å lage ein boks med flammer som brente opp fleire av stjerneborna.
Etter kampen samla Uglene kreftene sine før dei gjekk for å snakke med overlevarane. Dolk brukte tid på å bandasjere ein eldre halflings sår og skader. Blaecbrand gjekk for å snakke med Ishmael, som ho fant bak landsbyens vassmølle, kor han kasta opp i elva. Heile erfaringen hadde gjort eit ganske stort inntrykk på han, men han tenkte dei hadde gjort det rette i å beskytte halflingsne. Ceren utforska landsbyen for å sjekke ut stjernebornas utstyr. Han fant:
  • ein Chameleoline Cloak
  • ein Gatling Rifle, som hadde blitt meir eller mindre øydelagt av Ishmael sin magi og Mushu som hadde spist på den
  • ein Telekinetic Rifle
  • og ein mystisk vial med ein svart substans som han ga vidare til Blaecbrand. Ho oppdaga at den var linka til eksperimentet i Tarafas kapell, og at den hadde sendt genetisk data frå den skada halflingen til Knivtempelet
Han fant og forskjellege leiker i ein av bygningene. Han fant ein øydelagt dokke, som han menda med håp om å gi den til sin rettmessige eigar. Davor gjekk for å snakke med halflingsne og fortalte dei at dei var trygge, og når dei prøvde å gi Uglene penge sa han at det ikkje var nødvendig. Davor lagde og bølger til borna i elva slik dei kunne leike i den. Rod byrja å ete stjerneborna. Ceren gjekk bort til barna og ga ein liten gut dokka hans tilbake, og han fekk ein klem ut av det.
Davor følte sin sensasjon i hammeren sin og gjekk bak kapellet, kor Lars manifesterte for å snakke med han. Lars anklagde han for å spille tid og gå feil veg, men Davor forklarte at dei faktisk gjekk i riktig retning, og at å beskytte dei svake var ein viktig plikt for dei sterke. Når Lars fekk høyre at det var arkeologiske ekspedisjonar i Azerheimsfjella blei han forferda. Kva om nokon hadde forstyrt folket hans sine graver? Men Davor overtalte han om at folket deira måtte bli huska, og at dette var ein måte for verda å huske dei på. Lars sa seg einig, men sa til Davor at om han forlot Azerheim ville Lars bli ekstremt sint på han.
  Etter dette arrangerte halflingsne eit festmåltid for Uglene, som takk for deira hjelp. Ishmael holdt ein tale til halflingsne under måltidet om at han kom til å jobbe for at noko slik aldri skulle skje med dei eller nokon av deira slektninger igjen ved å drepe alle stjerneborna, og så ga han dei mykje penger til å gjenoppbyge landsbyen deira og lovte å sende soldater til å forsvare dei. Dolk og Mushu underholdte saman borna med illusjoner og komiske shows. Blaecbrand snakka med Manuel Balboa, den eldre halflingen som hadde blitt skada av stjerneborna og som og var landsbyens sheriff. Han hadde openbart ein tilknytting av ein art med Rod, og når han blei presse på det forklarte han at han var ein av Rod sine slektninger.
Blaecbrand blei umidelbar veldig mistenksam på at stjerneborna, og spesifikt Kniv-sekta, samla genetisk data på Uglene, og frykta for dets formål.
Uglene blei einige etter dette om å dele seg i tre:
  • Rod, Ceren og Blaecbrand, på Geronimo, skulle reise til Tarafas kappel for å få informasjon om Void Edge derfrå. Etter dette skulle dei møte resten i Fiskemark.
  • Davor, Ishmael og Dolk skulle bli igjen i Dos Riós og hjelpe til med å byggje opp landsbyen etter beste evne, og så fly med Arxiros til Fiskemark
  • Po, som skulle ri på Apostel til den Vandrande Sannhet og sei til mannskapet at dei kunne segle vidare til Fiskemark.

Ishmael, Davor og Dolk gjorde jobben sin veldig bra. Davor manifesterte ein smye frå guddomelege gnister og eld, og lærte opp halflingsne i korleis ein skulle bruke dei. Ishmael og Dolk skulle prøve seg på å lage noko midlertidig shelter til halflingsne. Ishmael brukte magien sin for å gjere Dolk sterkare, medan Dolk fiksa Ishmaels skada frakk. Etter ein kveld med hardt arbeid var Dolk og Ishmael ferdige. Dolk hadde jobba hardt med hendene sine og Ishmael hadde brukt sin ingenør-kunnskap for å gjere jobben lettare for begge to. Når dei var ferdige hadde dei på ein eller anna måte bygd to nye hus som var større enn dei første, som Ishmael var overbevist om var eit brot med massekonserverings-prinsippet, og Dolk tenkte at sølvdragen hadde noko med det å gjere. 
  Dolk carva og ein statue av sølvdragen for å erstatte dei øydelagte i kapellet.
I Tarafas kapell fant Blaecbrand fram til mykje spennande kunnskap, og klarte med nød og neppe å blokkere sinnet sitt frå å bli kontakta av ein makt frå utanfor kapellet.

Rewards Granted

500 XP til alle for å redde alle halflingsne
200 XP til alle for å redde dyrene
1350 til alle for å beseire stjerneborna
200 XP til alle for gode interaksjoner med Dos Riós byfolket

Character(s) interacted with

Ishmael
Lars
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
28 Aug 2021
Primary Location

Comments

Please Login in order to comment!