Ein Lenge Venta Hemn Report
General Summary
Partyet våkna opp i ørkenen, etter ein natt med nokre dramatiske drømme. Dei møttest for å diskutere korleis dei skulle redde den forbanna soldaten. Davor fortalte at han fekk eit syn frå Drageguden, av galgetreet som brenner. Partyet kom fram til at dei ikkje hadde svaret enda og at dei måtte få meir informasjon. Planen deira var å reise til kapellet og snakke med Stjernebornas Kyrkje for å få meir kunnskap.
Dei tok med seg Yadira, Idlib og Ima (Omas bror som kunne vise dei vegen til kapellet). Når dei kom fram såg dei ein liten bygning av sandtsein. Utafor bygningen satt det nokre folk som gjekk inn når dei såg Geronimo og Rod i lufta. Partyet begyndte smått å snakke om kva som var neste steg: om dei skulle gå inn guns blazing eller prøve å snakke med dei først. Dharr, som var lei av å vente, gjekk rett bort for å snakke med folka i kapellet. Ein gammal mann inviterte partyet inn for å snakke, og dei snakka om litt forskjelelg. Han fortalte at han ikkje visste kva som hadde skjedd med denne soldaten og at det var trist at Oma hadde gjort noko så grusomt, men kyrkja kunne ta vare på Yadira om nødvendig. Han hinta til at partyet burde reise vekk på sit edle ærende.
Rundt denne tiden blei Rod lei av å vente og bestemte seg for å ta sakene i sine eigne hender. Han og Geronimo angreip vaktene utfor kapellet og drepte dei nesten umiddelbart. Lyden av smertefulle skrik og stål som skjærer gjennom kjøtt gjorde både partyet og kyrkjegåarane oppmerksome på kampen, og ting eskalerte raskt til ein forvirrande og komplisert konflikt. Dharr reiste seg opp og prøvde å forklare at dette var ein missforståelse, men kyrkjegåarane tok ut sverda sine og slo mot han. Heldigvis er han både rask og sterk, så han greidde å dukke unna scimitarsne som slo inn mot han. Davor og Ceren sprang ut og prøvde å stoppe Rod, slik dei kunne ha nokon å forhøre og få informasjon fra. Blaecbrand, med sin drakoniske magi og demoniske styrke, greidde å fange og halde på den gamle mannen. Rod greidde å komme seg gjennom resten av partyet og slakte ned alle dei unge kyrkjegåarane, men han blei einig i å la den eldre mannen leve til dei hadde fått informasjon. I løpet av kampen slo Dharr mot Rod, og Geronimo synst ikkje det var ok så Dharr blei tatt opp av den massive ugla og flygd langt, langt opp i lufta. Dette førte til ein episk kamp der Dharr til slutt greidde å komme seg bak og ri på Geronimo, og det hadde kanskje endt i ihvertfall ein død om ikkje gudene hadde redda dei.
Etter denne kampen forhørte partyet den eldre mannen, med bruk av sjokk og trusler om vald og heile pakken. Han fortalte at kyrkja bruker kapellet til å trene opp agenter, at kyrkja hadde fanga ein luft-genasi frå Ælmesleóht og at det eigentlege kapellet ligger under bygningen dei var i no. Det kom også fram i løpet av samtalen at kyrkja var ein organisasjon som slåss mot Gullimperiet og geniene, og at dei prøver å utvikle eit våpen for å drepe genier. Det viste seg at han ikkje visste så mykje meir enn det, og at han ikkje var så høgt oppe i organisasjonen.
Deretter prøver partyet å finne ut av kva dei ville gjere med han. Rod ville drepe han, da det viste seg at det var denne grusome kyrkja som drepte foreldrene hans; Dharr ville la han leve, da han berre var ein forsvarslaus gammal mann og Davor ville ta han med til Gullimperiets myndigheiter slik dei kunne ta seg av dette på den rette måten. Ceren og Blaecbrand bestemte seg for å være nøytrale, sidan dette for ein gangs skuld ikkje var alve-business.
Partyet vurderte å ta seg ein kort kvil, men dei kom fram til at dei ikkje hadde tid sidan den Hemnforbanna er på veg. Dei gjekk inn i eit mystisk tempel, med heilt svarte vegger og ein chrome obelisk. Blaecbrand og Dharr såg svakt lilla lys på obelisken, og Dharr tok ein nøkkel dei hadde tatt frå den gamle mannen og prøvde den i nokre hol på obelisken. Når han gjorde det fekk han eit syn av det ytre mørket, og så blei obelisken gjennomsiktig. Det var nesten som om den ikkje var der, og partyet kunne gå gjennom den og ned i eit hol som hadde blitt hogd ut under den. Dei begyndte å kravle ned, men måtte forlate Geronimo sidan han var for stor til den tette tunnelen. Når dei sneik seg ned kom dei til ein større hule, og inni der såg dei nokre akshusere som stirra på skeier og ein stor mann i ein tett drakt med reflekterande plate armour. I den bakre enden av hulen var det ikkje sandstein, men heller ein vegg laga av heilt featureless metall.
Partyet blei einige om å angrip dei, og Ceren sneik seg fram og skøyt den store mannen. Han greidde å treffe eit svakt punkt i rustningen hans. Svart blod rant ut og han ropte ut i ein heilt nøytral stemme: "Inntrengere! Drep dei!"
Så slo han klubben sin ned mot bakken, og den lyste opp med arcs av crackling, glimtende lyn. Kampen begyndte.
Rewards Granted
Rewards:
250 XP til Rod for god roleplaying
50 XP til Ceren, Dharr, Blaecbrand og Davor for å greie å defuse situasjonen
50 XP til Dharr, Davor og Rod for å interrogate den gamle mannen
25 XP til Davor for å spele ein imperiell prest særdeles bra
25 XP til Dharr for å spele ein jord-genasi særdeles bra
35 XP til alle for combat (?)

Ceren Charadric
Level 12
Areni Wood Elf
Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
(Criminal)
/ 120 HP

Rodrigo Balboa

Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
26 Oct 2020
Comments