Blod og sand Report
General Summary
Davor brukte veka på å kose seg med nokre dvergiske gruvarbeidere og gambling, og heile partyet kjøpte inn til turen til Forcu-man. Dei kjøpte eit mulldyr, telt og nokre magic items.
Morgonen etter partyet hadde beseira kulten i villaen fekk Davor besøk av Theowulf, som stilte han nokre spørsmål og verka mistenksam. Partyet møttest ved Edrys-villaen for å legge planer og snakke seg i mellom. Der forklarte Alvana korleis ho hadde tenkt seg å slåss mot the Lady of Sin, og korleis partyet kunne hjelpe med det. Dei måtte først og fremst hente allierte til byen, og så hjelpe ho med å drepe the Lady of Sin's løjtnanter før dei blei kvitt ladyen sjølv.
Etter dette bestemte partyet seg for å dra til Forcu-man via Kryssvegen og ørkenen. I Kryssvegen hyrte dei inn ein guide, Idlib Tanin, som skulle hjelpe dei til Forcu-man. Dei hadde også ein encounter med nokre uforskamma alviske soldater, som Blaecbrand sendte eit klagebrev om. Dei reiste inn i ørkenen frå Kryssvegen, med håp om o å komme til Forcu-man dagen etter. Solas varme slo ned på dei, og ørkenens vind sendte sand i auga deira, men dei greidde sin første dag i ørkenen.
Dagen etter fortsatte dei vandring si, men Rod og Geronimo oppdaga noko rart. Eit gigantisk dødt tre stod mitt på ein sandhaug i ørkenen. Idlib advarte om at det måtte være forbanna, og partyet valgte å gå rundt det. Etter ein stund såg Geronimo og Rod igjen noko rart, to reisande som gjekk mot partyet. Når Idlib såg dei overtalte han partyet til å ri mot dei for å gi dei vatn. Når dei møtte dei reisande såg partyet at det var ein mann kledd i mykje forskjellege kle og stoff han hadde samla til eit improvisert ørkenantrekk, og ei jente han gjemte vekk for partyet bak eit stort fossil.
Han gjemte ansiktet sitt og ville ikkje at partyet skulle komme nærmare, og dei forstod veldig snart at noko galt var på ferde. Rod og Geronomi flaug nærare for å undersøke, og oppdaga at kvinnen var bundet ved hendene og at mannen måtte ha tatt ho til fange. Geronimo flaug raskt ned for å bære kvinnen med seg, men mannen greide å halde ho igjen. Slik begyndte dagens kamp. Ceren hoppa raskt fram og greidde å skyte gjennom tauet som bandt dei to saman, som lot kvinnen springe vekk. Dharr intervenerte med sverd i hendene og greidde å redde ho vekk. Rod hoppa inn med Geronimo og slo til mannen fleire gongar med sverdet sitt, sjølv om begge to nesten blei slått ned av han. Davor brukte magien sin til å helbrede Rod og Geronimo, og som takk for dette blei han slått bevisstlaus av mannen. Blaecbrand kasta eldkuler ned på han og brente vekk kappa hans.
Under kappa fekk partyet sjå ein stor muskuløs mann, men ein mann med utallige fatale sår og med forskjellege grader av nekrose i kroppen. Saman greidde dei å beseire han, og han kollapsa i ei raskt rotande bunke med muskel og bein. Rod skar hodet av han og han var definitivt død.
Blaecbrand og Ceren snakka med kvinnen, som kalte seg sjølv Yadira. Ho fortalte at ho hadde blitt kidnappa av den store mannen, og at han var eit monster som hadde terroristert stammen hennar i ei veke. Den hadde komt om natten og kidnappa fleire krigarar, og til og med når stammen hadde drept den hadde den komt tilbake igjen. Partyet mistenkte at ikkje alt var som det skulle være og bestemte seg for å reise til det store døde treet. Der fant dei tre menn hengt i mørke greine over sandhaugen. Den eine av dei hadde på seg eit lilla og svart anntrekk og ei tattovering rundt høgre vrist, og Rod sa at han var ein ond person.
Partyet bestemte seg for å sjå på treet den natten og sjå kva som kom til å skje. Dharr, Idlib og Yadira venta i leiren, medan Ceren og Blaecbrand heldt auge med treet med Davor, Rod og Geronimo som back-up. Ceren og Blaecbrand såg ei mystisk væske, ei blanding av mørke og blod, reise seg opp frå under treet og svelge alle faklane i eit uendelegt mørke. Når dei gjekk nærmare såg dei at ein mann hadde kravla ut av ei åpning i treet, som raskt lukka seg igjen. Han forklarte at Yadira hadde vert til stede når nokre banditter drepte han og familien hans, og at han var bundet til verda så lenge Yadira levde. Men han sa at ho skulle få ein dag til før han kom etter ho. Etter det begyndte han raskt å rotne vekk, og Ceren og Blaecbrand trakk seg tilbake medan han ropte ut i smerte og skarabeer åt opp kroppen hans frå insiden.
Dei konfronterte Yadira med den nye informasjonen sin og ho fortalte at Oma, eit medlem av Stjernebornas kyrkje, hadde overtalt ho og to krigere frå stammen til å angripe ein veteran frå Gullimperiet som hemn for krigen. Yadira hadde då fungert som agn og lurt veteranen og familien hans ut i ørkenen der Oma og krigarane hans angreip dei. Yadira trudde berre dei skulle skade dei litt og skremme dei vekk, men Oma drepte både veteranens kone og sonen hans og tvang han til å begrave dei i ørkenen. Etter denne vannæringa drepte han og veteranen, medan Yadira stod og såg på.
Med denne openbaringen bestemte partyet seg for å ta Yadira med til stammen hennar, slik ho kunne bruke sin siste dag med familien sin. Der blei dei møtt av åpne arme og udnerfulle auge, sidan dei hadde beseira monsteret. Stammens leiar, ein gammal mann som heitte Amir, takka partyet og bad om hjelp. Partyet fortalte han om Yadiras lille krigsforbrytelse, og han var overaska og trist, men ville ikkje gi ho over til døden. Han sa stammen ikkje hadde mykje penge å betale med, men at dei ville være evig takknemlege om partyet kunne fordrive monsteret, bryte forbannelsen eller ta med Yadira til eit kapell som tilhøyrer Stjernebornas Kyrkje ei halv dagsmarsj unna slik dei kan beskytte ho.
Rewards Granted
360 XP til alle i partyet for å beseire 1 Hemnforbanna
50 XP til Rod for bra integrering av backstory
50 XP til Blaecbrand for bra roleplay med Yadira
25 XP til Ceren for å støtte Blaecbrand med Yadira og å ihvertfall vurdere å være heroisk
25 XP til Davor for sin interaksjon med Theowulf
100 XP til alle i partyet for å reise til Akshus (?)

Ceren Charadric
Level 12
Areni Wood Elf
Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
(Criminal)
/ 120 HP

Rodrigo Balboa

Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
19 Oct 2020
Comments