A Most Peculiar Place Report
General Summary
Partyet sprang ned til Hugi, som var fanga på steinen med skipet utafor bukta av ein gruppe med revhaier. Partyet tenkte seg litt om, og Blaecbrand, Rod og Ceren greidde å jobbe saman og drepe ein av haiene. Dette skremte vekk resten, og partyet hadde no meir mat i form av haikjøtt. Etter å fortelle Asklepiades og Hugi kva dei hadde oppdaga i bygningen ved stranda, svømte partyet ut og henta rasjoner frå skipet. Rod fant noke silke, som han valgte å bruke som ein toga, og Ceren fant kartet sitt igjen. Blaecbrand ga beltet sitt til Rod, og dei har no matchande fargepaletter.
Partyet flytta rasjonene opp i hagen ved bygningen dei utforska. Dei forlot Asklepiades og Hugi til å filletere haien og passe på hagen, mens dei gjekk forbi hagen og inn i hekken. Der oppdaga dei at inngangen til hekken førte inn til ein stor labyrint. Rod greidde å navigere labyrinten veldig fint ved å føle instinktet sitt, og partyet endte opp i ein hage med statuer. I mitten av hagen var det eit opphøga dais med ein fontene med reint vatn og ein statue av ein naken kvinneleg alv med vinger. I fontenen stod det "Bring me the head of the wicked bird that keeps my children in the dark, and I will show you the way to the lady of this island".
Det var og eit diorama av nokre statuer på dioramaet, som bestod av tre ulver som slåss mot to dverger, eit menneske og ein alv. Partyet unngjekk dette dioramaet og gjekk sørover, der dei kunne sjå eit fyrtårn. Dei kom seg heilt greit gjennom labyrinten, men dei oppdaga at dei gjekk nokre "umogelege" veger, der vegen kryssa seg sjølv eit par gonger.
Dei kom seg til fyrtårnet og gjekk inn. Dei oppdaga eit stort rom med to store, mørke statuer, malerier av alvisk historie og ein plattform midt i tårnet. På plattformen var det ein plaque med ein noteskala, der Port var nedest, Entrance var mitterst og Lighthouse var øverst. Partyet tenkte seg litt om korleis det fungerte, og Ceren sang lysare og lysare og plattformen begyndte å fly opp. Der oppe fant dei enda ein mekanisme dei måtte løse, som involverte noter og pressure plates. Dei løste det, og sterkt rødt lys begyndte å lyse frå ein krystall øverst i tårnet.
Etterpå reiste dei ned til hamna som var under tårnet. Blaecbrand såg ein statue som holdt nokre gems under vatnet, og Rod hoppa ned for å få tak i desse. Ein gigantisk ål kom opp og beit han hardt i armen, men partyet greidde å redde han ut og drepe ålen. Rod blei hardt skada og satte seg ned for å ta ein kort kvil, mens Blaecbrand og Ceren utforska skipa som var ankra langs havnen. Det var mange, men dei fleste var ødelagte og det var kun tre som var verdt å utforske.
Den første var ein liten robåt som hadde ein kiste i seg. I kista fant dei nokre handaxes, ein lærdrakt og to mystiske potions. Den andre var ein imperiell demi-galley, der partyet fant eit stort kart av dei sørlege delane av imperiet og ein logg skrevet på eit språk dei ikkje kjente igjen. Dei fant og ein tom armour rack og ein tom weapon rack til ein glaive. Under skipet fant dei åtte hesteskjellett med rustninger. På utsiden av skipet var det malt eit våpenskjold, med ein svart hest og gul ein drage på ein grøn bakgrunn som beveger seg mot sola.
Partyet bestemte seg for å forlate fyrtårnet, og på vegen ut såg dei at det var skrevet "Welcome to our island, a place to party, rest and enjoy life in all its forms. - your hosts, Philomela and Alvana" over inngangen. Blaecbrand forstod då at denne øya var den mystiske Philomelas Øy, ein øy der ein grusom tragedie skjedde for fem hundre år sidan. Eventyrere har prøvd å utforske denne øya, men kun nokre få har komt tilbake i live.
Partyet fekk det plutseleg travelt med å reise vidare, av ein eller anna grunn, og reiste inn i labyrinten. Labyrinten virka no meir ominous og malicious. Rod leia partyet veldig bra, men han oppdaga at krittmerkene dei hadde laga på bakken for å finne vegen tilbake ikkje var der dei burde være. Med sin karakteristiske stahet og fokus valgta han å gå den vegen han følte var rett. Partyett gjekk no ein ny retning, og dei møtte igjen krittmerka ganske ofte, men Rod valgte å ignorere dei å gå vidare. Til slutt endte dei opp på ein veg med kritt og Rod valgte å stole på sine instinkter og følge den vegen, på tross av krittet.
Så skjedde det grusomme, dei blei fanga i ein uendeleg firkant. Labyrintens evne til å påverke rom blei åpenbar. Rod prøvde å klatre opp på ein av hekkene for å finne ut kor dei skulle gå, men han oppdaga at det under eit tynt lag med lauv var metall greine med lange, skarpe torne. Rod hoppa ned igjen, og så hørte partyet ein lyd av tunge fotsteg på andre side av kvadratet. Resten av partyet stod i ro, mens Ceren såg rundt hjørnet. Der såg han ein stor minotaur laga av djup lilla krystall med rubin-auge, lange brutale horn og ein amulett hengande mellom hornene. Ceren snudde seg raskt tilbake og fortalte partyet om dette. Han trakk ut bogen sin, Rod gjorde seg klar til å slåss, Dharr drog fram sverda sine og Blaecbrand var klar til å flykte. Når minotauren kom rundt hjørnet var ein stemme, som ein kviskring, som gjekk gjennom heile labyrinten. Den sa "Forlat øya no".
Minotauren forsvant inn i labyrinten i det rom forma seg etter labyrintens unaturlege vilje, og ein gang åpna seg bak partyet, som leia rett nord til statuehagen med dioramaet. Partyet fekk det spesielt travelt og bestemte seg for å reise tilbake til "basen" der Hugi og Asklepiades venter. Rod ledde dei gjennom labyrinten utan problem, men på vegen møtte dei action! Swetnyd, kapteinen på the Mistwalker, og to av hans sjøalver slåss mot nokre ulve-statuer. Dei to sjøalvene såg alvorleg skada ut, og Swetnyd ropte om hjelp med å besiere ulvene. Heile partyet sprang inn i action, og saman greidde dei å drepe ulvene. Swetnyd fortalte dei at ulvene sitt bit kunne gjere folk til statuer, men heldigvis blei ingen bitt under kampen.
Partyet hjalp Swetnyd og hans skade kammerater med å komme seg til basen, der Asklepiades og Hugi venta. Hugi hadde filetert haien og gjort klar eit bål til kvelden, og satt med ein flaska rom i handa og tre tomme flasker bak seg, medan Asklepiades spurte partyet om kva dei hadde gjort og helbreda sjøalvene med magien hans. Partyet fortalte Hugi, Asklepiades og Swetnyd om kva dei hadde gjort, men før dei kunne bestemme seg for nokon spesiell course of action åt både Ceren og Blaecbrand av frukten i hagen. Ceren fekk ein behageleg lykkerus, mens Blaecbrand begyndte å trippe alvorleg.
Rod, Swetnyd og Asklepiades bestemte seg då for at det luraste var å bruke natten for å få tilbake kreftene og ikkje risikere å bevege seg inn i labyrinten utan magi og våpen.
Ceren og Blaecbrand endte opp med å legge seg til å sove ved trappen opp til hagen, medan Hugi, Asklepiades, Dharr og dei to sjøalvana la seg ved bålet. Swetnyd holdt vakt ved inngangen til labyrinten, og Rod la seg til å sove vekke frå resten av gruppa.
Ceren og Blaecbrand blei brutalt vekt opp ved at hender røska i dei. Når dei våkna seg dei to sjøalver med arr og tøffe ansikt som peikte armbrøster ned mot dei. Borte ved bålet ropte ein hobgoblin ut og vekte opp resten av partyet. Han stod med ein katana i handa og ropte "Alle saman kast ned våpnene dikkar eller dø!". Ved sidan av han var det ein gnom og eit menneske med crossbows.
Rewards Granted
50XP til Blaecbrand, Rod og Ceren for puzzles
34XP til Blaecbrand, Rod og Ceren for å ha drept ein Reef Shark
25XP til Blaecbrand, Rod og Ceren for å utforske skipa under fyrtårnet
34XP til Rod, Ceren og Dharr for å drepe ein Giant Eel
40XP til Rod, Ceren, Blaecbrand og Dharr for å drepe 2 Stone Wolves
149 XP til Blaecbrand, 183 XP til Rod, 183 XP til Ceren, 74 XP til Dharr
2 Mystiske Potions

Ceren Charadric
Level 12
Areni Wood Elf
Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
(Criminal)
/ 120 HP

Rodrigo Balboa

Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
29 Aug 2020
Comments