BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

A Long Way from Home Report

General Summary

Etter å ha beseira Imchad vart Uglene invitert opp til den Framande sitt loft. På vegen opp gjennom dei mystiske vegane møtte dei på den Framande, ein mørk skikkelse av skygge og blekk-aktig hud, med eit impassivt og blankt ansikt. Den sa at den hadde fortalt Peter om at dei var på veg, og tok dei med opp i treet sitt. Der gjekk Dolk inn til Peter, medan resten vart igjen og snakka med den Framande.
Dolk møtte Peter og dei klemte kvarandre lenge. Peter sa unskyld for å ha ikkje ha komt tilbake, han hadde blitt redda av den Framande og var blitt ein god venn med den, og tenkte aldri over at det var ein mogelegheit å komme tilbake når han hadde sine venner her. Men den Framande hadde aldri holdt han fanga, hadde berre vennen hans. Dolk snakka med Peter og Peter sa at han ville komme heim igjen, men at han var lei seg over å forlate den Framande. Dolk kom med forslagene om at han kunne reise fram og tilbake, og Peter synst at det var ein god idé, og synst det var teit at han ikkje hadde komt på det.
Han skulle gå og sei til den Framande at han kom til å reise, men komme tilbake seinare.
Dei kom ut til Uglene igjen, medan Davor prøvde å konvertere den Framande til ein rettskaffen. Den Framande og Peter gjekk saman til den Framande sitt rom for å sei farvel, medan Uglene venta. Dolk sa at samtalen gjekk fint, og at Peter kom til å bli med heim.
Etter ein stund kom Peter ut igjen, og skulle til å pakke. Han sa at den Framande ville snakke med Dolk, medan han gjekk med Po for å pakke.
Dolk gjekk inn på den Framande sitt rom, som viste seg å være ein skog djupt, djupt ute i det ville. I midten brendte det eit lågt bål, og ein djup tåke hadde satt seg over denne skogen. Eit ungt, bleikt skogalvisk barn satt rundt bålet med ein gammal bok og gråt svarte tårer. Den Framande, no i sin ekte form, sa til Dolk at hen måtte beskytte Peter, og ikkje la han gløyme den, da Peter var ein god venn. Dolk sa seg einig i dette, og Raiqwen sa at den Framande kunne angripe dei som skader barn i staden for å stjele barna.
Peter og Uglene reiste heim igjen, og på vegen overleverte dei Imchad til Altsehash. Når dei kom fram til Økselund igjen var det stor fest fordi Peter endeleg var tilbake igjen.
Dagen etterpå reiste Uglene med heile Fredriksen-klanen for å offisielt få Dolk innlemma i familien. Dei reiste til eit gammalt tempel og gravplass for Fredriksene, kor Dolk røykte opp inspirerande damp. I ein draum såg hen ein skikkelse av lyn på toppen av eit fjell, som såg ut over eit brennande fjell. Skikkelsen sa at Dolk kom til å få eit valg, om kven av Dolk og Raiqwen som kom til å overleve, eller om dei skulle ofre seg for å lage noko heilt nytt.
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Dolk Fredriksen
chaotic neutral Menneske (Folk hero)
Warlock 8
Cleric 3
73 / 73 HP
STR
18
DEX
16
CON
12
INT
12
WIS
16
CHA
16
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
14 May 2022

Comments

Please Login in order to comment!