BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

... det var ein liten omveg Report

General Summary

Sessionen begyndte dramatisk, med at partyet slåss mot nokre medlemmer av stjernebornas kyrkje. Blaecbrand brendte vekk dei vanlege akshuserne og saman greidde heile partyet å beseire enforceren, men ikkje før han utviste nokre interessante krefter. Han kunne skyte ut lyn frå macen sin og stunne folk, men heldigvis greidde partyet å motstå dette, og han kunne bevege seg raskt med ein eller anna form for magisk kraft og skubbe folk ned.   Etter partyet beseira desse brukte dei litt tid på å vurdere situasjonen sin. Ceren prøvde å ta rustningen av enforceren, men den var bonda til han, og Davor og Blaecbrand forstod saman at det som ga han kreftene sine var den same energien dei hadde sett på nøkkelen tidlegare. Rod skar hodet av insektet i hjørnet, og han og Davor lyfte den vekk frå inngangen. Partyet bestemte seg for å gå inn bakerst i bygningen, gjennom kalde membrane av flytande metall. Når dei var inne såg Blaecbrand og Dharr dei same lilla linjene med energi, men no var det dusinvis av dei langs veggene, golvet og taket. Dei vandra lenger inn i bygningen, og fant nokre rom med spesiellt innhald. Det var eit rom som hadde mange svarte tentakler som gjekk inn i ein terminal, og fleire rom som hadde kollapsa under stein.   Det mest spesielle dei fant var eit stort sentralt rom, med mange membraner som leia til fleire rom og eit hol i taket og eit hol i golvet ned til andre rom. Alle linjene med energi såg ut til å komme frå det øvre rommet, medan det kom eit sterkt lys nedenifrå. Dharr og Blaecbrand gjekk ned i rommet, der dei såg eit bord med to sylindre av mørk goo bak seg og tentakler med skalpeller og kniver ved siden av. På bordet var det ein outline av eit menneske, laga av dei linjene med energi. Dei såg også ein fangecelle som var lukka av med ein gjennomsiktig barriere av energi. På den andre siden av barrieren kunne dei sjå ein kvinneleg luft-genasi, kledd i fancy blå og gule klede som hadde blitt revet opp og opp langs armen hennar var det korrumperte svarte blodårer. Ho prøvde å kommunisere med Blaecbrand for at Blaecbrand skulle sette ho fri. Etter litt miskommunikasjon, og at Blaecbrand nesten accidentally fekk ein tentakkel til å bore ut luftgenasiens hjerne, kom ho seg ut. Ho introduserte seg som Nadir, og fortalte at noken hadde drugga ho på ein date og at ho hadde våkna opp her, der stjernebornas kyrkje torturerte ho med den mørke gooen.   Ho ville gjerne betale partyet for å hjelpe ho med å drepe denne gruppa og for at dei har satt ho fri. Det var rundt denne tiden Ceren stakk hodet inn i eit av romma, der han såg to enforcere og ein mann som leviterte i luften. Denne mannen hadde innvikla tattoveringer rundt sitt skalla hode, og han var kledd i ein lang lilla robe. På forarmene hans hadde han to bracers laga av det same metallet som resten av bygningen, som vidare hadde to lange tentakler som gjekk opp i taket. Etter dette begyndte enda ein kamp, med partyet og Nadir på den eine sida og enforcerne på den andre sida.   Ceren sprang raskt til resten av partyet og fortalte kva han såg, og så hoppa han opp på andre etasjen og skøyt ned på enforcerne. Rod slåss med enforcerne og slo gjennom skjoldet som beskytta Tarafa. Dharr blei kasta ned på underetasjen av den eine enforceren, men greidde å komme seg opp igjen til å slåss mot ein av kyrkjas agenter som blei aktivert i løpet av kampen. Davor casta heilage drageflammer på dei og brandt dei med heilag eld. Blaecbrand casta kromatiske flammekuler og holdt dei tilbake med store mengder magisk eld. Nadir ga Blaecbrand the look, og så hoppa ho fram og slo enforcerne med sine bare knyttnever. Ho greidde å stunne den eine to gonger med å sparke den i tinningane.   Etter partyet drepte enforcerne gjekk dei inn til leiaren, som blei frustrert over at dei hadde drept vokteren, og så vekte han opp lærlingen. Han blei raskt drept då, når Rod slo gjennom skjoldet som beskytta han, Ceren skøyt han i brystkassen og Nadir knuste halsen hans. Lærlingen, ein nesten naken mann med mange tattoveringer og blades av rein energi stikkande ut av forarmene hans, hoppa ut og teleporterte rundt omkring og slo til folk, men partyet greidde å slå han hardt nok til at Blaecbrand kunne sprenge han med ein firebolt.   Etter kampen skjærte Rod hodet av Tarafa; Blaecbrand fant nokre kart, eit brev, ei energikjelde og ein prosjeksjon av ein blekksprut og Nadir flørta intenst med både Ceren og Blaecbrand. Det var to kart av forskjellege bygninger, der den eine bygningen var stor og den andre var liten men hadde fire etasjer, eit kart over eit landområde som Rod greidde å identifisere det som Ye'or deltaet, ein plass han budde nokre år. På kartet over Ye'or deltaet var det fleire firkantar og nokre av desse hadde røde kryss over seg. Rod greidde å identifisere den eine firkanten som Havremark, ein landsby familien hans besøkte av og til når han var ung. Det var ein kryss over denne. Brevet var skrevet til Oma frå Al-Thaliib, og det stod som følgjande:   Oma, eg veit ikkje kor ved stjernene du har dratt, men når du kjem tilbake igjen må du reise raskt. Det er ikkje lenge til den store jobben i Ælmesleóht, og dette er sjansen vår til å få resten av opprørene på vår side! Om me greier dette kjem alle frie folk til å synge namna våre, sjølv om me skulle dø! Møt meg ved den sikre lokasjonen blandt våre forladte søsken, så skal me saman bevise vårt verdt mot dei riddarane. Død over Gullkeisaren! -din bror i blod og tro, al-Thaliib   Etter dette sa Nadir at det var ein pleasure å reise med partyet, men ho måtte heim til søstrene sine i Ælmesleóht. Men Blaecbrand, som hadde sett kor god kriger ho var, foreslo at dei kunne reise saman sidan det ville være meir sikkert. Nadir sa at ho då møtte sove i same telt som nokon. Blaecbrand sa at ho hadde plass i teltet sitt. Nadir blei overbevist.   Partyet bestemte seg då for å reise til galgetreet, etter Nadir og Rod hadde drept den gamle mannen frå kapellet. Idlib og Ima reiste tilbake til stammen, der partyet skulle møte dei neste dag. Det var ikkje heilt klart kva som var planen, Nadir foreslo å hogge treet ned eller å uproote det, medan Rod ville brenne det. Men når dei kom fram så åpna ein ny mogelegheit seg: under treet kunne dei sjå kanten av ein bygning. Når Dharr flytta på sanden viste det seg at det var eit tempel under treet.   Når dei åpna det opp og såg på innsiden skjønte dei at det ikkje var eit tempel, men eit fengsel der noko gammalt, ondt og menneskeskapt blei holdt. Når dei gjekk lenger inn i tempelet såg dei ein sarkofag og treets røtter som strakk seg ned frå taket. Desse røttene såg ut som normale trerøtter øverst, men jo lenger ned dei strakk seg jo meir endra dei seg til å bli ein viskuøs svart og rød substans, som enda i ein krukke.   Når Rod og Geronimo gjekk inn for å utforske åpna sarkofagen seg plutseleg, og ein mumie steg ut av sarkofagen. I sin høgre hand hadde den ein mace laga av mørk stein i formen av ein gribb som sendte ut mørk energi. Den peikte ut bak Rod og snakka på eit antikt språk Rod ikkje forstod. Rod vurderte situasjonen i eit kort sekund: han hadde brukt mykje av vreden sin idag, men denne tingen forann han fortjene å få skjært av hodet sitt. I klassisk Rod stil var det kun ein ting man kunne gjere: drepe den. Dette førte til ein særs skummel kamp der Rod blei bloodied og cursed av eit slag, men partyet saman greidde å overvinne mumien. Men dei fekk den distincte impressionen av at den prøvde å sei at dei måtte forlate tempelet, og at den hadde prøvd å skremme dei vekk.   Partyet såg den mystiske krukka, og konkluderte med at kva som enn var i den var mykje verre enn mumien og ikkje måtte komme ut. Då hadde Ceren ein big brain tanke: det måtte være krukkeskår ein plass frå der entiteten hadde krypt seg ut, og om dei kunne plassere den der igjen og bruke mending kunne dei låse den igjen. Så dei la ein plan: Rod skulle skjære over bondet mellom krukka og treet, og så skulle Ceren plassere skåret der og mende det. Dette gjekk veldig bra, men treet slo ut mot Dharr i prosessen. Partyet såg på mens ein mørk infeksjon spreidde seg over brystkassen hans, men Davor og Rod reagerte raskt og den av. Når den ikkje hadde nokon plass å kanalisere energien sin begyndte den å smuldre vekk.   Partyet vant denne kampen gjennom kløgtig bruk av evner og å halde håpet oppe uansett kor vanskeleg det verka.   Me får håpe dei fortsett med det.

Rewards Granted

215 XP til alle i partyet for å drepe 1 Enforcer og 3 Tribal Human Warriors   425 XP til alle i partyet for å drepe 2 Enforcers, Tarafa og 1 Adept of the Blade   300 XP til alle i partyet for å drepe 1 Boss Mummy med ein Mace of Terror   400 XP til alle i partyet for å fullføre "Ein Lenge Venta Hemn" på ein god måte

Missions/Quests Completed

Ein Lenge Venta Hemn er fullført
Campaign
Akshus
Protagonists
Ceren Charadric
Level 12 Areni Wood Elf Neutral Good Rogue/Thief
(Criminal)
/ 120 HP
Rodrigo Balboa
Blaecbrand Eadleth Edrys-Tanin
Report Date
31 Oct 2020

Comments

Please Login in order to comment!