SiN - Sesj 15 - Tilbake på bøljan blå

General Summary

Sesjen starta med at gjengen konfronterte duellantane i Driftsland i Portád. Det enda nesten met total party kill, men heldigvis greidde dei å overleve. Spøkelsane forsvann plutseleg like fort som dei kom, og det blei roleg igjen. Kogel, Hövel og Brynjar gjekk tilbake og traff på fem fargerike fuglar på ei klessnor. Guunar og Koppen tok ein tur lenger vest i Drftsland der Guunar stupte ned i ein brønn. Koppen var redd at han ikkje skulle kome opp igjen, då han var nede i 4-5 minutt. Men, etter ei stund så var han der igjen. Etter dette gjekk dei tilbake til Den Dansande Sild.

Kogel tok seg ein liten tur ned på brygga for å sjekke litt mistenkeleg aktivitet, medan Brynjar tok seg ein dukkert i sjøen. Hövel gjekk tilbake for å ta seg ein drikk på baren. Der gjekk også Guunar etter han kom ned igjen. Etter dette gjekk alle til ro.

Før avreisa dagen etterpå tok gjengen seg ein tur rundt om i byen:

  • Brynjar var innom Nuevoterra Kartografi og kjøpte kart over Portád.
  • Koppen og Hövel var innom Portád Heleri og kjøpte terningar og theives tools.
  • Guunar henta skjoldet sitt.
  • Kogel var hjå Såvøy for å sjekke om rabatten framleis var aktuell.
  • Kogel, Brynjar og Guunar besøkte Arroz i tempelet, der Kogel og Brynjar deltok på ein sermoni for Selûne.
  • Guunar besøkte kroppen til G'hanir i krypta og forsikra om at dei skulle få han tilbake.

Etter dette gjekk turen ut på sjøen med PS Utforskaren. Overfarten tok eit par dagar, med mykje dårleg vêr. Ei natt var det så dårleg vêr at dei måtte stå gard og passe på skipet. Det vart litt att og fram, men dei hadde suksess til slutt med å halde seg flytande. Siste overfartsdagen traff dei på nokre kvalar som leda dei til ei øy dei no er ganske sikker på er Nagaoia. Sesjen slutta med at dei nærma seg noko dei trudde var ein fjord, men viste seg å vere ei elv med ein foss. Inne ved fossen såg dei eit skip med Skitpiratane sitt flagg. Her enda sesjen...

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
18 Apr 2025
Primary Location
Portád
Secondary Location
Nagár

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild