DMI - Sesj 12 - Jag känner en båt
General Summary
Gjengen starta med å spørje ut dei som var tatt til fange i førre sesj. Dette viste seg å vere ordførar Bodil de Boer, kokken Tellik Finn-Rath og brygge-jenta Tarina der Blaum. Dei kunne fortelje at motstandsmannen Jeppe Saltsug var tatt til fange på ein av båtane på kaien. Då valde gjengen først å besøke huset der Jeppe budde for å finne våpen til Tarina som no var med dei. Dei tok seg så vidare mot havna og blei møtt av piratar. Det blei ein lang kamp med nokre uheldinge skudd, men dei kom seg til slutt ned på kaien. Der tok dei seg om bord i eit skip og blei konfrontert av ein boss-aktig pirat. Edelbert greidde på heroisk vis å skubbe han på sjøen, medan dei andre kjempa for harde livet. Etter ei stund høyrde dei at pirat-armèen kom vandrande, og dei fekk det travelt med å kome seg vekk. Dei fann Jeppe nede i båten, og han hjalp gjengen med å få båten i veg. Med flaks greidde Hann Daroppe å senka eit anna skip som sto i vegen og dei kom seg heilskinna frå land. Piratane prøvde å skyte etter dei, men greidde ikkje dette. Her enda sesjen.