SiN - Sesj 6 - Heltane returnerar

General Summary

Sesjen starta med at gjengen kom seg på beina att etter kamp mot trollmannen. Rett etter at Kogel hadde satt nådeskuddet, dematerialiserte trollmannen seg og havna inne i ei glasskule som sto på bordet. Denne blei deretter blank-sølv, og Brynjar tok den med seg. Deretter valde gjengen å pakke sammen og deretter reise nedover igjen til Ny-Ulele. Her blei dei tatt imot som heltar, og tatt godt vare på. Det blei så nokre dagar med nedetid der gjengen fekk gjere litt forskjellige aktivitetar:

  • Brynjar: Fekk hjelp frå Malmia Temus til å tolke herbalismeboka han fann. I tillegg fekk han kjøpt seg ein dagger i ei slire.
  • Kogel: Var på jakt etter kakao og kaffi, men fann berre bananer
  • G'hanir: Snakka med Kogel om pil og bue-skyting
  • Hövel: Var hos Uvine og prøvde seg frampå, men det såg ikkje ut som ho var interessert. Deretter hjalp han Guunar med det samme, men det gjekk heller ikkje.
  • Guunar: Prøvde å verve Uvine Nattfres gjennom Hövel til båten, men fekk beskjed om at dei måtte kome tilbake til sumaren, då skulle ho vurdere det.

I lag gjorde dei dette:

  • Guunar og Kogel jakta, og kom heim med 2 villsvin.
  • G'hanir og Hövel snakka med Qutrix om å kjøpe ein del varer for å selga dei vidare. Dei kjøpte varer til verdi 100gp for 50gp. Halvt om halvt med ferskvarer og langtidsvarer.

Siste kvelden vart det nyttårsfest i bygda, og det skjedde mykje. Blant anna ga dei vekk sleden sin til nokre ungar, noko som enda med at Brasi Flottbusk raste på han gjennom byen og havna i sjøden. Kogel sto og gjorde seg til i timesvis, og då han til slutt kanskje fekk napp så backa han ut. Brynjar fekk seg ein dans med Uvine, rett framfor naso på Hövel, og dei dansa heile natta. Hövel gjekk deretter og satt seg hjå Qutrix og prøvde å verva heinne til båten. Det fekk han dessverre ikkje, men fekk seg ein tur i halmen med ho seinare på natta. Guunar var på krabbejakt, medan G'hanir sto og såg på galskapen.

Det er no førmiddag etter. Brynjar er nett våkna etter ein liten blund og står no på brygga. Dansepartnaren har gått til sengs, og mange av dei andre i bygda har gjort det same. Einaste som no framleis er oppe, er Sheriffen som står med Brynjar. Her startar sesjen...

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
09 Jan 2025
Primary Location
Kaldemehl's Tårn
Secondary Location
Ny-Ulele

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild