SiN - Sesj 11 - Ein støvvel og ein kopp

General Summary

Denne sesjen starta med at gjengen befann seg på PS Utforskaren i lag med Utforskarane, leia av Kaptein Støvvel. Om bord blei gjengen satt i arbeid og bidrog på same måte som resten av crewet. Dag 1 gjekk for det meste roleg for seg, men dagen etter fekk dei besøk av eit anna skip. Det viste seg at skipet bar flagget til "Tre Stjerner", eit flagg med tre kvite stjerner på blå bakgrunn. Dette var berre eit handelsskip som snart rømde. Det blei ein god test på lojaliteten til dei nye rekruttane. Støvvel forklarte at det hadde vert mykje verre dersom det var "Tre Kors" dei hadde møtt på, då desse er mykje farlegare. Desse har eit flagg som liknar veldig på avstand, men då på raud bakgrunn. Kvelden etter blei det også action i det skipet blei angrepet av syngande beist som prøvde å sjarmere dei til å bli tatt livet av. I tillegg kom det ein måseflokk til besvær. Det enda med at dei tok knekken på dei, og på nytt viste sin lojalitet til skipet. Seinare på kvelden inviterte Kaptein Støvvel til middag for ho og Hövel. Dei hadde funne tonen, og Kapteinen verka særs interessert i Hövel. Under middagen vart dei betre kjend, og det heile enda med at Hövel fekk sjå bilete av mora til Støvvel som ho hadde i eit smykke rundt halsen. Det viste seg at dette var eit bilete av mora til Hövel, og her enda sesjen...

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
19 Feb 2025
Primary Location
Nagár

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild