SiN - Sesj 8 - Piratkampen
General Summary
Sesjen starta med at gjengen hadde lagt seg inntil piratskipet som no sto i full brann. Målet var å redde Kogel tilbake frå skipet, då han hadde blitt kidnappa. Sesjen gjekk med på å beseire piratane med magisk måne, suplex, tiger-fakter og god gammal karisma. Under kampen ga piratkapteinen masse uforståelege ordrar, men ein av tinga dei fekk med seg var at han ville ha Hövel. Etter ein del kamp greidde dei å få has på piratane og kapteinen flykta gjennom eit hol i dørken. Til slutt fekk Brynjar auge på at ein heil armada med 25-30 skip var på veg til Cambarra. Dei har same flagg som piratane dei no var i kamp med. Kogel hadde sitt eige eventyr der har forsøkte å flykte frå fengselet i skipet. Det enda med at kjempa mot ein del vaktar, tok ein del skade, og fekk tilbake tinga sine. ELler, gjorde han da? Deretter gjorde han eit forsøk på å flykte gjennom flammane, men det enda med at han seig om og møsta bevisstheita. Døande låg han der, til G-hanir greidde å dra han ut av flammane med hjelp av dei andre. Hövel og Guunar for so ned i skipet for å forsøke å stoppe vassinntaket. Her stoppa sesjen, kva skjer no?